FRIE: Tankefridom, trusfridom og ytringsfridom er avgjerande om vi som enkeltmenneske skal kunne kjenne oss frie.

 Vi folkevalde må ta aktivt del i dette arbeidet, skriv Tore Storehaug (biletet).

Vern om trusfridomen

Det er feil å tru at grove overgrep mot religiøse minoritetar berre fann stad i ISIL-kontrollerte delar av Irak og Syria.

Dei seinare åra har vi sett angrep på trusfridomen i ei rekke av verdas land. Kristeleg Folkeparti har gjennom ei årrekkje tatt nye initiativ for å styrkja vernet om trusfridomen, fridomen til sjølv å velja livssyn, til å skifte religion eller tru og til å gje uttrykk for si tru i praksis.

Vi må føra kampen for trusfridom på mange frontar. Utanriksdepartementet har eit eige minoritetsprosjekt som er ei god plattform for norsk engasjement. Trus- og livssynsfridom inngår i Norges politiske dialog med enkeltland, mellom anna i Midtausten. Det er noko som regelmessig blir tatt opp i FN. Vernet om religiøse minoritetar får og ein aukande plass i den humanitære bistanden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei seinare åra har vi sett nye og avskyelege overgrep mot annleis truande. Den islamistiske ekstremist-organisasjonen ISIL sette i verk eit terrorregime i det dei sjølve kalla Den islamske staten.

Dei som hadde ei anna tru, vart utsett for forfølging og drap. ISIL fornekta ikkje berre alle menneskes likeverd, men og grunnprinsippa i demokratiet, dei internasjonale menneskerettane og rettsstaten.

Men det er feil å tru at grove overgrep mot religiøse minoritetar berre fann stad i ISIL-kontrollerte delar av Irak og Syria. Det anerkjende PEW Research Center legg årleg fram rapportar om korleis trusfridomen blir krenka. Deira siste rapport frå 2016 viser at det er sterke statlege restriksjonar på trusfridomen i 55 av verdas 198 land, kor 80 prosent av verdas befolkning bor.

I 54 land var det betydelege overgrep mot annleis truande frå ikkje-statlege samfunnsgrupper. Når staten ikkje stopper slike overgrep, risikerer ein framvekst av valdelege angrep mot folk med anna livssyn eller rett og slett drap av annleis truande.

Nasjonalistisk agitasjon har auka og blir brukt til å egga folk opp til overgrep mot religiøse minoritetar. Talet på land der ulike religiøse grupper vart mobba og trakassert aukar, viser rapporten.

Mellom dei 25 mest folkerike statane i verda, er det Egypt, Russland, India, Indonesia og Tyrkia som generelt har dei høgaste nivå på religiøse restriksjonar. Kina har mest statlege restriksjonar, medan India har dei høgaste nivå på overgrep utført av samfunnsgrupper. Dette er verdas to mest folkerike statar, så ofra er mange.

Overgrep mot trusfridomen er ein svært god indikator på at det er fare for menneskerettane og meir generelt. Tankefridom, trusfridom og ytringsfridom er avgjerande om vi som enkeltmenneske skal kunne kjenne oss frie. Vi folkevalde må ta aktivt del i dette arbeidet.

Derfor er det så viktig at vi dei siste åra har satsa på å byggje opp eit internasjonalt nettverk av parlamentarikarar som no får prinsipiell og praktisk kunnskap om korleis dei kan sikra betre vern av trus- og livssynsfridomen i sine land og internasjonalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Norge har spela ei viktig rolle i oppbygginga av dette nettverket som vi no ser veksa fram. Eg vil framheva det sivile samfunn, for mange organisasjonar gjer ein viktig innsats for tanke-, trus- og ytringsfridomen.

Dei spenner frå organisasjonar med breitt fokus, som Amnesty International og Helsingforskomiteen, til organisasjonar som spesielt jobbar med trusfridomen, som til dømes Opne Dører og Stefanusalliansen.

Vi treng eit samspel mellom mange aktørar for å lukkast. Og for å sikra at både små og store land tar sitt ansvar, og ikkje lar kortsiktige omsyn til eigeninteresser stå i vegen for eit prinsippfast arbeid for menneskerettane.