DÅP: Reklamekampanje for dåp, slik det no vert prøvd på, eller godkjenning av eit syn på ekteskapet som er tilpassa dei siste politiske trendane vil ikkje berga folkekyrkja, heller ikkje nye aksjonar for auka oppslutnad ved kyrkjeval og så videre, skriv Ingvard Hageberg.

Skal me melda oss ut?

Det greske Ecclesia er i vår Bibel er omsett med kyrkje. Det tyder eigentleg forsamling av menneske. Ved dåpen får me plass mellom dei som samlar seg kring Jesus. Me blir innlema i kyrkja, og det er trua som bind oss til dette fellesskapet.

Det er ikkje først og fremst dei som har medlemskapet i orden – som er innskrivne i eit register – som høyrer til kyrkja.

Medlemskap er ein ukjend tanke i Bibelen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kyrkja er ikkje ein organisasjon eller ein foreining, men eit fellesskap av truande. Dei som i tru samlast kring ord og sakrament, er kyrkja. Å høyra til kyrkja er å vera lem på Kristi lekam og leva det livet som vart gitt i dåpen.

«Folkekyrkje» er blitt det store ordet i seinare år, men det har ikkje rot i Det nye Testamentet. Og det vert ofte brukt på ein måte som fortel at ordet er tømt for teologisk innhald.

Første staving – folk – vert styrande for innhaldet. Det er snakk om folket si kyrkje og at det dermed er folket som skal avgjera kva ordet kyrkje – ecclesia – betyr.

Demokratiske prosessar skal få forma innhaldet i omgrepet kyrkje. Jesu Kristi kyrkje, «mi kyrkje» som Jesus sa, blir bytt ut med folkekyrkje. Folket si kyrkje, kva no det er. Det var nok ikkje slik mange i det kyrkjelege leiarskapet hadde tenkt seg det. Men nokon hadde tenkt det slik (m.a. politikaren Trond Bakkevig ein av frontfigurane i Åpen folkekirke), og det vart slik.

«Folkekirkens fremtid står på spill,» heiter det. Og det er nok rett. Mykje talar for at folkekyrkja sine dagar er talde uansett. Når medlemstalet dukkar under 50 prosent, går det ikkje lenger an å snakka om folkekyrkje, og det kan skje fort. Då vil nok og politikarane, litt etter litt, knipa att pengesekken, og kravet om slutt på særbehandling av Dnk vil auka.

Reklamekampanje for dåp, slik det no vert prøvd på, eller godkjenning av eit syn på ekteskapet som er tilpassa dei siste politiske trendane vil ikkje berga folkekyrkja, heller ikkje nye aksjonar for auka oppslutnad ved kyrkjeval og så videre. Det er berre ei gjennomgripande vekking kan hindra det og eit nytt og tydeleg leiarskap i kyrkja.

For kyrkjelege styresmakter er det eit overordna mål å berga kyrkja som folkekyrkje. Og så må kyrkja, framfor alt, stå fram som samla. Eit samla bispekollegium har sagt at homofilispørsmålet ikkje skal få vera kyrkjekløyvande. Kor dei har fått mandat til det frå, er ei anna sak.

Realitetane kan fort syna at så enkelt er det ikkje. Betyr det at dei som ikkje er samde, og som ser dette som ei kyrkjekløyvande sak, blir sette under kyrkjetukt?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biskopane, og fleirtalet i kyrkjemøtet stiller seg bak tanken om at me skal leva med to jamstilte syn på ekteskapet, og synest å krevja lojalitet mot det. Rett nok er det tale om å gi rett til reservasjon, men kva tenkjer ein seg at ein slik reservasjon vil omfatta?

Gir det og rett til å forkynna og læra i samsvar med det ein oppfattar som Bibelen si lære og til å argumentere teologisk for at ein ser det nye synet som vranglære?

Her er det nok av konfliktsoner som biskopane ikkje synest å ha reflektert nok over.

Mange er urolege for framtida, og mange spør kva dei skal gjera. Debatten går friskt med sterke meiningar. Skal me melda oss ut eller skal me bli? Eg har landa på denne konklusjonen: Utmelding?

Eg melder meg ikkje ut. Ei kyrkje er ikkje noko ein melder seg ut og inn av, og eg vil ikkje overlata denne mi kyrkje til dei vranglærande.

I Matt.16 les me at Peter bar fram denne vedkjenninga på vegne av dei 12: «Du er Messias, den levande Guds Son. Då sa Jesus: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.» Slik ser det ut i Jesu perspektiv.

Eg er ikkje uroleg for kyrkja si framtid, for kyrkja er Jesu Kristi verk. Han vil syta for å føra si sak fram til siger! Men det kan møta oss mange kampar og nederlag på vegen.

Vår kyrkje er ein del av den Jesu Kristi kyrkje som eg vart døypt inn i. Den er eit trusfellesskap, og eg er nok avhengig av å ha eit fellesskap av andre truande å leva i, eit fellesskap der ord og sakrament vert rett forvalta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjer at eg vil velja å halda meg borte frå samanhengar og gudstenestefellesskap der ordet ikkje blir rett forkynt og sakramenta ikkje blir rett brukte, eller der presten, med tilslutnad frå leiarskapet i kyrkja, fører eit liv i strid med Guds ord.

Dette gjeld ikkje berre homofilispørsmålet, det brenn på fleire postar.

Men denne kyrkja er mi kyrkje, og så lenge det er rom der til å forkynna og læra slik kyrkja alltid har lært, blir eg. Men der lære og praksis som er i strid med skrift og vedkjenning vert synleg, ser eg for meg at det kan vera rett å leggja til rette for oppretting av nye gudstenestefellesskap.

Det er og viktig at menneske som høyrer til denne kyrkja, skal kunna møta nokon som representerer denne kyrkja på sant vis. Ting kan snu seg. Det kan koma nye tider. Det har hendt før. Då må dei sanne truande, dei som trur med Bibelen og kyrkja si tru, vera der som representantar for den sanne kyrkja, for Jesu Kristi kyrkje.

Skulle det skje, at det ikkje lenger er rom for meg og det vår kyrkje står for, slik at eg blir kasta ut, blir stoda annleis. Men då er biskopane og kyrkjemøte komne i strid med seg sjølv, ettersom dei tydeleg har sagt at homofilispørsmålet og synet på ekteskapet ikkje skal få vera kyrkjekløyvande.

Les også
Kirkens budskap til de homofile - og til alle andre
Les også
Bør man melde seg ut?
Les også
Nekter homofile jobb i kirker i Sandnes
Les også
Vil ha åpne kirker kun i høytidene