BERGEN: Demonstrasjoner under Sian-markeringen på Fest-plassen i Bergen.

SIAN, eit kristent nettverk?

Langt alvorlegare enn dette og det auka religionsmangfaldet som innvandringa har gitt oss, er den aksellererande sekulariseringa som folket vårt åpner for.

Tidl. forman i Human Etisk forbund, nå debattant, Lars Gule, spør på facebook: «Kan vi redde de antirasistiske motmarkeringene fra voldsutskeielser ? Et initiativ etterlyses.»

Først: SIAN er ikkje eit kristentent nettverk. Og den uakseptable provokasjonen og valden, er forkastleg. Begge sider manglar respekt for menneskverdet, ytringsfridomen og religionsfridomen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I kraft av den grunnleggande vørdnaden for vår kristenarv, har vår politikk vore - til i dag - å rekke ut ei utstrakt hand til krigs- og fattigdomstraumatiserte asylantar.

Sjølvsagt har dei med seg sine livssyn og religionar, som dei med full rett må få kunne leve ut i vårt frie land, under dei vilkår vi alle lever under her.

Vi har ingen rett, med valdelege midlar å antaste dei.

Heller ikkje med provoserande uttrykk som å skjende det dei trur på, eller rive ut sider frå deira åndelege bøker (Koranen t.d.) for å brenne dei. Heller ikkje har vi nokon rett til å gå til valdeleg åtak på dei som slik gjeng fram.

I våre kristensamfunn har vi Bibelen, Guds Ord: «Åndens sverd», som vil gi oss eit Kristi sinnelag, som med «Ordets nøkler» kan åpne opp for den gode dialogen. At ulike religionar gjerne vil sleppe til, må vi akseptere, men møte dei i «fredleg kappestrid».

Sterke agnostiske og ateistiske grupper gjer seg òg meir og meir synlege i folket vårt. Langt alvorlegare enn dette og det auka religionsmangfaldet som innvandringa har gitt oss, er den aksellererande sekulariseringa som folket vårt åpner for, og her er ikkje vi kristne noko unntak.

Kvar har kristenkunnskapen, sed og skikk blitt av i dansen vår rundt gullkalven, vi er då «frie»?

Lat oss søkje Guds rike i Ordet, heimen, kyrkja og kristenforsamlingane, fylle oss med «kraft frå Det Høge», for så å leve ut dette i møte med andre medmenneske, i kampen mot rasisme og egoistisk sjølvnyting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi må kunne møte annleistruande med gjensidig respekt… Har du eit betre forslag, Gule?