Kristen samlivsetikk og den kristne forsamlinga

Det står for tida stor strid om samlivsetikken i landet vårt, diverre gjeld det også innan Den norsk kyrkja (Dnk).

Det at kristen samlivsetikk kolliderer med situasjonen i samfunnet, er ikkje noko nytt. Derimot er det ein ny situasjon at det er så stor usemje om dette innan kristne samanhengar, særleg det som gjeld likekjønna samliv.

Dette er ei særleg utfordring og eit kall til det bibelforplikta kristenfolket og med det for den kristne forsamlinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I den første kristentida var situasjonen for kyrkja på mange måtar like den vi har i dag i møte med oppfatningar og livsførsel i samfunnet, men då stod kyrkja samla om kva kristen samlivsetikk er.

Dette var ei stor utfordringa og freisting for Guds folk, og difor underviser Paulus om kristen samlivsetikk i breva til dei heidningekristne forsamlingane, og han åtvarar stadig mot hor. Det same finn vi i apostelmøtet (Ap 15) når det gjeld krav til heidningar som vart kristne.

Samstundes med at den heidenske samlivspraksisen var ei utfordring for dei kristne, var den kristne samlivspraksisen eit sterkt vitnemål om kristentrua og drog folk til den kristne forsamlinga.

Det var altså ikkje tilpassing og kompromiss i høve til det allment praktiserte som gav åndskraft og tiltrekkingskraft, men det kompromisslause og alternative.

Den kristne integriteten var avgjerande viktig for den voldsomme ekspansjonen kristendommen hadde dei første århundra.

Dette bør vi læra av. Den vegen som store delar av teologien og Dnk no går på, vil verka utarmande for den kristne forsamlinga.

Det vil vera eit hinder for misjon i vårt eige folk og i andre folkeslag, og det vil gjera den kristne forsamlinga uinteressant, fordi ho vert omtrent som andre fellesskap. I denne situasjonen bør leiarskapet i den bibeltru delen av Kyrkje-Noreg ta initiativ til ein felles strategi der ein gjer den kristne forsamlinga på bedehuset og i ulike kyrkjesamfunn til medvitne alternativ til den samlivsetikken som råder i samfunnet. Samstundes bør kvar einskild forsamling, organisasjon og kyrkjesamfunn ta tak i dette for sin eigen del.

Den offentlege kampen for kristen samlivsetikk er viktig, særleg med tanke på den heidenske ideologien som ligg i kjønnslikegyldig samlivstenking. Skal vi gjera dei kristne forsamlingane til medvitne og berekraftige alternativ til det som skjer i samfunnet, må desse utrustast på ein langt sterkare måte enn i dag. Då må ei gå breiare til verks enn det som gjeld kampen mot likekjønna samliv, og orientera seg ut får det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne som skaparordning, slik Jesus gjorde. Det krev grundig undervisning, ikkje minst om det som gjeld sambuarskap, skilsmisse og attgifte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Maktar vi dette på ein rett og god måte, kan den kristne forsamlinga verta som ein varm oase i eit kaldt og kynisk samfunn med tanke på samlivsforhold.