SEIER JA: Rolf Kjøde var generalsekretær i Normisjon og kjenner seg mest heime der, men taler der han blir invitert.

Ser ingen vasstette skott

Rolf Kjøde er ingen klassisk Oase-mann og heller ikkje oppvaksen i Misjonssambandet. Men på ei veke taler han hjå begge. Det ser han ingen problem med.

Denne veka har han talt og undervist på Oase. I kveld taler han på generalforsamlinga til NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) i Randaberg. Rolf Kjøde har eigentleg røtene sine i Indremisjonsforbundet, men det var i Normisjon – den gamle landsindremisjonen – han vart generalsekretær.

Ikkje vasstett

– Men det er ingen vasstette skiller her, og det skal det ikkje vere heller. Vi skal ikkje overdrive dei skilla som er, for alle har noko å berike dei andre med, seier Kjøde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES: Motbakke i Oase-økonomien

Vi treff han på Oase, rett etter ei økt på minibibelskulen i Auditoriet på Kristiansand Katedralskole Gimle.

Nokon typisk Oase-tilhøyrar er han ikkje, men heller ikkje heilt fersk eller blank. Eit par gonger før har han vore seminarhaldar, og så har han vore innom nokre møte, men aldri på eit heilt Oase-stemne.

Han har vore på NLM-møter mange gonger også, men ikkje heile vegen på ei generalforsamling. Denne gongen blir han med frå torsdag til laurdag. Det er ikkje så verst – til Kjøde å vere.

Har nådd inn

Han ser at Oase trekk til seg andre menneske enn NLM.

– Men vegen frå Oase til Misjonssambandet er kortare enn ein skulle tru, seier Kjøde.

NLM: Stort ja til eget trossamfunn i organisasjonen

Han meiner elles at lengselen etter gudsopplevingar finst hjå fleire enn dei som tek ei heil veke på Oase 2015. Alle lutheranarar som ikkje er på Oase, er ikkje dermed utan interesse for Anden og hans verk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Så stereotyp er ikkje verda, seier han og gir honnør til vertskapet sitt: – Det er ingen tvil om at Oase har nådd inn i kyrkjelydane på ein sterkare måte enn organisasjonane elles, seier han og meiner at fornyinga har vorte sterkare etter kvart. Han trur at dei fleste kyrkjelydar i Den norske kyrkja til ein viss grad er opne for at nådegåver vert brukt.

Han ser også at kulturen er sterkt endra sidan 70- og 80-talet.

– Det er noko med musikken som går att mange ulike stader. Meir enn i vår generasjon, vandrar ungdomane no fritt mellom kyrkjene og organisasjonane.

Vil famne breidt

Ikkje minst i arbeidet sitt i Evangelisk Luthersk Nettverk, der han er styreleiar, har han fått eit breidt tilfang av impulsar.

– Nettverket har en visjon om å famne breidt på luthersk grunn. Det er svært viktig å høyre til i noko som er større enn meg og å menge seg med andre enn sin eigen klikk. Vi vil gjerne bygge gode alliansar mellom dei liturgisk bevisste og dei karismatisk engasjerte, seier Kjøde.

Han vil at alle som ønskjer å stå for «ein heil Bibel og å bringe Kristus til folket og folkeslaga», skal stå saman.

Strateg og forkynnar

– Og no snakkar strategen Rolf Kjøde?

– Eg er her som forkynnar. Forkynninga er mitt ungdomskall, og eg har ikkje høyrd Gud trekke dette tilbake. Eg vil gjerne svare ja når eg blir spurt om å forkynne, for det er det som primært ligg på hjartet mitt. Derfor vil eg meine at eg er her som forkynnar, sjølv om eg også innehar ei rolle som leiar av Evangelisk Luthersk Nettverk. Då er det viktig å vere på andre sine stemner, så det ligg litt strategi i det, medgir han og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg kunne dratt på Kirkelig Fornyelse sitt stemne også om eg vart spurd, seier Kjøde.

Når det gjeld Oase og Misjonssambandet, har han vener begge stader.

– Eg har så mange eg identifiserer meg med hjå begge. Eg høyrer heime mange plassar, sjølv om eg no primært høyrer til i Normisjon. Det er det same ute, seier han og tenkjer på reisene sine til andre land i tida som general for Normisjons ytremisjonsarbeid som har gjort livet hans rikare.

– Blir du ein betre forkynnar av å vere på stader der du «ikkje høyrer heime»?

– Eg blir ein betre forkynnar av å drive med «double listening», som John Stott sa det. Eg vil lytte til Guds ord og godt til samtida, og eg vil gjere det i bøn. Det er viktig for å vere ein god forkynnar og leiar å utvide perspektivet sitt.

Spørsmål om tillit

– Og då er det ikkje lenger så rart at du er på ein plass som dette, sjølv om nokre ikkje hadde forventa det?

– Eg bryr meg ganske lite om kva folk tenkjer. Eg sjølv syns ikkje det er rart, men eg har høyrd kommentarer nokre gonger. Som forkynnar ser eg på det som eit spørsmål om tillit når eg blir spurd om å tale. Eg brukar å møte den tilliten med eit ja.

Kjøde har undervist i halvannan time tre dagar i strekk samt talt ein formiddag på Oase før han tek turen til generalforsamlinga i Norsk Luthersk Misjonssamband.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Ånden i Ordet» har vore temaet på minibibelskulen. Han legg vekt på at han har fått emnet tildelt. Dagen snik seg med å lyder på kva ein heller lite profilert karismatikar har å seie til ei erfaren Oase-forsamling.

– Du seier mellom anna at vi ikkje har noko anna kjelde til kva Gud seier enn Bibelen?

– Vi har ingen andre kjelder til å kunne teikne eit truverdig bilete av Gud som er openberra for oss gjennom Kristus og i Guds ord. Men eg vil ikkje seie at Gud ikkje kan gi openberring i vår tid. Det kan berre ikkje skje i strid med Skrifta og ikkje ha noko anna tyngdepunkt enn Skrifta. Det vi ser, er at Jesus Kristus gir oss det vi treng for å kjenne Gud. Dette kan bli oppfriska og få andre vinklingar. Det kan vere noko som ein opplever friskt og ferskt, som eit ord frå Gud, sier Kjøde.

Han legger likevel til at Skriften alltid må være klangbunnen.

Semper major

– I den eldste kyrkja snakka dei om at Gud var semper major, altså alltid større. Vi må aldri innbille oss at Gud er innelukka i ord og sakrament. Det har eksistert ei form for luthersk vedkjenningskristendom som har avgrensa Guds rom. Men Gud er alltid større. Gjennom Ordet møter vi det vi treng å vite om Gud, det finst inga sikrare openberring enn den vi finn i Ordet, og denne openberringa møter oss i Ordet og sakramenta, understrekar teologen Kjøde.

Han peiker samstundes mellom anna på det faktum at mange muslimar – ikkje minst i fastemånaden ramadan som går mot slutten neste veke – har draumar om Jesus og slik finn fram til han.

– Men dei treng å bli førte til kristne menneske som kan forklare vidare for dei kven Messias er. Draumar kan vere viktige, for kven er vi som kan sette grenser for Anden. Han bles dit han vil. Likevel treng dei forankring og ei forståelsesramme. Finn dei kristne som kan hjelpe dei, har dei sjansen til å finne fram.

Kjøde skulle høyrer gjerne tungetale og tydning oftare i lutherske forsamlingar, trass i at det gjekk over stokk og stein i Korint til dømes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Gud er ordens gud, men vi har ofte det motsette problemet. Vi har mykje å gå på, og mange stader kan dei godt våge å gå endå lenger. Vi må ha ei opning for at menneske kan prøve ut sine gåver. Så får vi heller akseptere at det av og til ikkje kjem noko tyding.

Kjenner mange

Rolf Kjøde har reist mykje og truffe mange kristne brør i andre båtlag, både som generalsekretær i Normisjon, som leiar for Norme og i Lausanne-rørsla.

– Heldigvis har eg fått brukt mykje av mitt vaksne liv til å bli kjend med svært mange kristne leiarar. Det har auka og stimulert mi eiga glede over kor mange flotte kristne medarbeidarar vi har i mange samanhengar. Det er eit stort Guds privilegium å vere ein del av slike samanhengar der ein møter mange. Eg er blitt kjend med mange flotte og gudhengitte kristne leiarar, ikkje minst i Oase og NLM. Dei har ein sterk lengt etter å få innta meir av det Gud har for oss. Det er ein lengt eg kjenner og anerkjenner.

Kjøde kjenner også att misjonsiveren både i Misjossambandet som i første rekke er eit reiskap for verdsmisjon, og i Oase. Han er imponert over dei mange i NLM som lar «Guds store hovudsak styre liva sine».

– Kan lengten etter andelege røynsler bli sjølvdyrkande og innovervendt og dermed stå i vegen for å nå ut?

– Oase har hatt eit sterkt samarbeid med Normisjon om eit misjonsprogram i India, så eg kjenner Oase også frå misjonssida. Leiarane her har eit sterkt internasjonalt engasjement. Karismatikken og det kontemplative kan misse det utadretta fokuset. Men det kan også den delen av pietismen som er redd for verda. Den kan også vende seg for mykje innover.

Stabilt liv

– Kva andelege erfaringar har du sjølv hatt?

– Eg har eit veldig stabilt liv reint menneskeleg. Eg har ei stabil kjenslekurve, vil eg seie. Tilsvarende har eg eit ganske stabilt og trygt kristenliv. Det har eg hatt lenge. Om nokon spør meg om røynsler, så er også dette ei røynsle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 1971 fekk unge Rolf eit kort av mormora si med bibelverse «Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det!». Dette pugga han, og det brann seg inn i den seinare predikanten.

– Men kanskje er den sterkaste opplevinga dei seinaste åra, opplevinga eg får når eg møter kristne eg ikkje kjenner, men oppdagar at vi har det viktigaste saman. Vi forstår ikkje kvarandre, men den grunnleggjande gleda og begeistringa er der, og vi kan dele det djupaste med kvarandre fordi vi kan be saman.

Oase 2015

Oase 2015 går i år som i fjor i Gimlehallen i Kristiansand.

Stevnet startet onsdag ettermiddag og avsluttes med stort fellesmøte søndag formiddag.

Under Oase-paraplyen holdes det også TenOase og egne arrangementer for babyer, mindre barn og store barn.

Det er ventet 2-3000 deltaker på voksen-Oase og i alt oppimot 5000 deltakere.

Les også
Dagens parodi
Les også
Ber vi for Kim Jong-Un?
Les også
Åpnet Oase med tale om sårbarhetOase 2015
Les også
Slik erfarte de Ånden
Les også
Motbakke i Oases økonomi