NORD–KOREA: Enkelte seere spurte om det var det nordkoreanske flagget de kunne se på NRK1 17. mai.

NRK nektar for fjerning av kross

Symbolet NRK 1 brukte under sendinga si på grunnlovsdagen, vekte reaksjonar. NRK: – Ikke flagg, men grafisk element.

I kommentarfeltet til ei sak på dagen.no om at NRK kan nekte programleiarar å bere religiøse symbol, var det fleire som kom med kritiske kommentarar.

«I dag på selveste nasjonaldagen, presterer NRK TV å fjerne korset i flagget vårt, ved å bare ha et glatt banner oppe i venstre hjørnet av skjermen», skreiv éin lesar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Ikkje heilt bra at NRK bruker det nordkoreanske flagget», skreiv ein annan.

Aldri flagg

I sosiale media var det fleire som merka seg det same.

«Hvorfor bruker NRK flagget til Nord-Korea under 17. mai-sendingen? #respektløst», lydde ein tweet.

«Vittig at NRK gjennomgående bruker Nord-Koreas flagg i 17.maisendingen. Skøyere.», heitte det i ein annan.

Sidsel Linden i kommunikasjonsavdelinga til NRK avviser imidlertid at det er snakk om eit forsøk på å skjule eller endre det norske flagget, eller å ta bort krossen.

– Overhovudet ikkje. Det var ikkje eit flagg, men eit grafisk element der vi har brukt dei norske fargane, seier Linden til Dagen.

Ho påpeikar at elementet vart brukt som bakgrunn for namna på stadene der NRK 1 sende frå på 17. mai.

– Som ein slik bakgrunn ville vi aldri brukt eit flagg, og det har vi heller aldri gjort tidlegare på 17. mai–sendingane. Men reporterane våre har flagg eller norske sløyfer, og vi viste frå flaggheisinga på Skaugum, så vi viser absolutt flagget på 17. mai, seier Linden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho opplyser at det grafiske elementet vart utvikla til grunnlovsjubileet i fjor, basert på Stortingets handbok for denne markeringa. Fargepaletten er inspirert av Stortingets eigen logo til jubileet.

– Den vart brukt i fjor til NRKs sendingar i samband med 200–årsmarkeringa, opplyser Linden.

Fridomsfargar

Vaktsjefen for NRKs 17. mai–sending, Arild Andersen, kosta på seg ein liten latter då Dagbladet fortalte han om Twitter–brukarar som spurde om Nord–Korea hadde teke over sendinga.

– Når du seier det, ser eg at han liknar litt på det nordkoreanske flagget. Han liknar veldig faktisk, sa Andersen til avisa.

Fargekombinasjonen i det norske flagget var det stortingsmann Fredrik Meltzer som hadde ideen til, basert på flagga til Frankrike, USA, Storbritannia og Nederland.

– Meltzer meinte dette var fridomens fargar, seier Jan Oskar Engene til TV2. Han er førsteamanuensis i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og har forska på flagg.

Engene påpeikar at når flaggmønsteret ikkje er brukt, kan dei norske fargane lett minne om andre flagg som har dei same fargane.

64 land

Noreg er eitt av 64 land i verda som har eit religiøst symbol i flagget sitt, ifølgje ein oversikt frå Pew Research Center. Totalt er det 196 land med i denne oversikten. Det betyr at rundt ein tredel prydar flagga sine med religiøse symbol. Blant desse har 31 land, det vil seie 48 prosent, eit kristent symbol. 21 land, eller 33 prosent, har islamske symbol.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Buddhistiske og hinduistiske religiøse symbol er å finne på fem nasjonalflagg. I tre av tilfella kan symbola representere begge religionane. Israel er det einaste landet med jødiske symbol. Det er davidsstjerna og på kvit bakgrunn med blå striper, som representerer eit tradisjonelt jødisk bønesjal.

Les også:

Mer debatt: Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen

Kringkastingsrådet

Kringkastingsrådet er et rådgivende, offentlig oppnevnt organ som følger NRK tett og uttaler seg om det tilbud som tilbys publikum.

Rådet er publikums forlengede arm. Er du misfornøyd med noe NRK tilbyr, kan du klage til rådet.

Kringkastingsrådet består av 14 medlemmer, dels oppnevnt av Stortinget, dels av regjeringen.

Elektronisk klageskjema på NRK.no:
Slik klager du til Kringkastingsrådet

Nett-TV: Se opptak av møtene i rådet

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Følg gjerne Dagen på Facebook og Twitter

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Les også
Skal forske på NRK-anker Sællmanns korsnekt
Les også
En takkens dag
Les også
Reagerer på korsfri flaggvignett
Les også
Forsker: Minoriteter straffes strengere for partnerdrap
Les også
Folkerettslig navlebeskuelse
Les også
NRK kan nekte programledere å bære religiøse symboler