KVELDSBØN: Det er godt med plass i St. Georg–kyrkja i Alqosh. Byen var nær ved å verte overteken av IS i sommar, då kurdiske styrkar trekte seg tilbake. FOTO: Jodi Hilton

Kristne irakarar held seg klare til å flykte frå IS

Dei kristne i den vesle irakiske byen Alqosh veit aldri når dei kan verte nøydde til å røme for å berge livet.

Basima al–Safar finpussar eit bilete av Jesus på eit esel utanfor huset sitt. Det har utsikt over Ninive–slettene og ligg rundt fem mil nord for Mosul. Måleriet fortel historia om folket hennar, kristne i Irak. Men med militante IS–folk i nærleiken er ho uroleg for at livet i Alqosh og liknande byar snart vil vere slutt.

Den assyriske kristne byen har omlag 6.000 innbyggjarar. Han ligg på ein ås nedanfor Rabban Hormizd–klosteret frå 600–talet. Klosteret mellombels stengt på grunn av tryggingssituasjonen. Innbyggjarane i Alqosh flykta frå IS denne sommaren. Rundt 70 prosent av byborgarane har vendt tilbake. Likevel heng det ei utriveleg kjensle i lufta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

IS i nærleiken

I den barrikaderte basaren som ligg under klosteret, står ein einsam handelsmann og ventar på kundar. I utkanten av byen sit kristne vaktmenn på utkik etter farar. Med IS–folk knapt to mil unna er dei fleste engstelege for at dei kanskje må flykte igjen.

I august fall den kristne byen Waraqosh, nesten tre mil aust for Mosul. Det same skjedde med nabolandsbyar der det har budd irakiske kristne i fleire hundre år. IS kom nær, men inntok aldri Alqosh.

Spøkjelsesby

Al–Safar, som har laga kristne veggmåleri i 34 år, vart fødd i Alqosh og deler den rikt dekorerte heimen sin med eit syskenbarn og ein nevø. Tidlegare denne sommaren gjorde ho som mange andre i byen og flykta til Dohuk. Det er ein kurdisk by nord i Irak.

– Då eg vende tilbake til Alqosh, var det som ein spøkjelsesby, seier ho.

Ho begynte å dekorere huset sitt med religiøse måleri etter at mor hennar døydde for tre år sidan. Men no ser ho på bileta sine av bibelske personar, potteplantar, mat og englar, og lurer på om ho nokon gong vil måle igjen.

LES OGSÅ: Når kommer forfølgelsen til Norge?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ønskjer kamptrening

Før 2003 rekna ein med at det var 1,5 millionar kristne i Irak. No er det 400.000 igjen. I juli flykta kristne frå Mosul etter at IS gav dei eit ultimatum. Dei måtte omvende seg til islam, betale skatt eller verte drepne.

Mrayma og Athra Mansour, to kristne brør, prøver å tilpasse seg dei nye tilhøva. Athra Mansour brukte å undervise i syriansk språk til born i nabobyen Tel Isqof.

– Tel Isqof er tømt no, forklarer han, og nippar til ein liten kopp kaffi.

Mrayma Mansour jobba tidlegare som discjockey. No har han vorte medlem i ein væpna kristen forsvarsmilits. Han ønskjer internasjonalt vern for folket sitt, i form av ei tryggingssone, våpen og militær trening.

– Dersom det ikkje skjer, vil eg ta med passet mitt og familien min og prøve å reise til eit anna land, for det vil ikkje vere trygt her, seier han.

Stor arbeidsløyse

Thaer Saeed gir uttrykk for den same frustrasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ingen arbeider her, seier han, medan han leikar med dei tre barneborna sine.

– Eg køyrer taxi frå Bagdad til Alqosh, men eg kan ikkje arbeide fordi det er for farleg og det ikkje finst kundar, seier han.

Stolt historie

Klokka halv fem ringjer kyrkjeklokkene i St. Georgs kyrkje. Nokre få kvinner og born samlar seg til gudstenesta som vert leia av diakon Salim Qoda. Dei fleste av benkene er tome. Bønene vert lesne på det eldgamle syrianske språket, ein dialekt av arameisk som ein trur Jesus snakka.

Wadhah Sabih, ein annan diakon, er stolt over den assyriske historia til byen sin. Folket i Alqosh har opp gjennom hundreåra forsvart seg i møte med mange som har ønska å invadere byen, fortel han. Men no lever dei svært forsiktig.

– Alle familiane er klare til å flykte, seier han.

Målar flukt

Tilbake i heimen sin, tenner al–Safar ein sigarett og reflekterer over situasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg vil måle dei kristne som eit heimlaust folk, som emigrerer med bagasje, seier ho.

– Eg vil måle sanninga.

Les også
Skuffende svar fra UNE om konvertitter
Les også
Likegyldigheten tiltok da forfølgelsen avtok
Les også
180.000 mennesker på flukt i Irak
Les også
Jubel og sang i JerusalemmarsjenJerusalemmarsj
Les også
Tent av urettferdighetenKims paradis - folkets tragedie