SEND INN INNLEGG
TV-KANAL: Visjon Norge er ikkj
...
TV-KANAL: Visjon Norge er ikkje «Guds store reiskap». Hanvolds og Oniwindes ord er ikkje Guds ord, skriv Sigmund Ådnøy. Illustrasjonsfoto: Ben Andreas Harding/CC/Flickr
Kjære givar
Del
Du treng ikkje å gi kanalen pengar for å få «salvelse» – eller nåde!

Jan Hanvold satsa for brått, sikta for høgt og kan takka seg sjøl for Visjon Norge s pengekriser. Éin mann satsa som han sjøl ville. Kanskje gjorde han det i den trua at «Gud har befalt»? Kva andre måtte meina, var i alle fall ikkje av særs interesse. Deretter blei andre involvert. Det som var stelt i stand, måtte nedbetalast. Når folk skulle overtydast, kom rare argument: «Gi fordi du ønskjer å bli velsigna!» Gud hadde kalla han til å starta fjernsynskanal og læra folk lova om å så og hausta!

Hanvold seier motstridande ting: 1) Du kan ikkje kjøpa Guds legedom og velsigning. 2) «When you have a need, plant a seed!» Treng du noko? Så eit pengefrø! Så spesifikt for eit barn om du er barnlaus, for ei kone om du treng ei kone. Så for å få! Gi pengar til visjonen fordi du vil ha noko frå Gud. Førebilete: Hanvold «sådde» til Evangeliesenteret av egoistiske grunnar (sjå Hanvolds bok «Himmelsk økonomi»).

Hanvold kan ha rett i at nokre har lite tru, men kva for tru har han sjøl? Tenk på måten og mengda han preiker at du «treng å så» pengar for at kanalen skal leva og du lukkast. Tenk kor mykje reklame kanalen viser, endå Gud skal ha sagt at kanalen ikkje skulle drivast med reklameinntekter (ref. Hanvold i Studio Direkte 2005 eller -06 og Geir Apold i 23.3.15).

Kor mykje protest har du høyrt frå callsenteret når nokon «sår for helbredelse»? Eitt døme hugsar eg: Då nokon sådde nokre tusen «for ei dame med angst», sa Rory Kaye at dei ville ha bedt sjøl om det ikkje hadde blitt «sådd». Hanvold meiner helbredelse ikkje kan kjøpast (ref. møteveke februar 2014). Praksis er likevel at menneske uhindra gir pengar til kanaldrift – i jakta på helse til seg og sine. Kva ville skje om ingen «sådde spesifikt»? Hadde ikkje dét vore kroken på døra for kanalen? Me kan nyansera og seia godord om Hanvold, men dei endrar ikkje fakta:

Det har aldri vore liv laga for Visjon Norge. Kanalen blei sett i gong, og satsa på, ut frå eitt menneskes idé og overmot. Drifta minner litt om styringa av eit teokrati: «Det Gud seier til Jan,» er det mest avgjerande for mellom anna eigedomskjøp og dyre predikantvisittar. Visjon Norge er trusrørslas TV-kanal – ikkje «heile kristenfolkets».

Visjon Norge er ikkje «Guds store reiskap». Hanvolds og Oniwindes ord er ikkje Guds ord. Du treng ikkje å hjelpa dei og halda liv i luftslott. Du treng ikkje å gi kanalen pengar for å få «salvelse» – eller nåde! Trengte du dét, hadde vel ikkje nåden vore nåde? Og kvifor skal du «så eit frø» for å oppnå «overnaturleg rikdom»? «Har me mat og klede, skal me vera nøgde med det» (1.Tim 6,8) – ikkje sant? Om du blir svært opptatt av ein særskild «såkorn»-sum, er noko gale. Då «veit eine handa kva den andre gjer». Korkje Moldova-hjelp eller evangeliet treng ein TV-stasjon. På Facebook skriv Hanvold i dag: «Dette har vært teamwork, ifra begynnelsen.» Kjenner du deg tvungen til å gi? Det er du ikkje – du er fri.

meningsinnlegg,meninger,sigmund ådnøy,jan hanvold,visjon norge