STILLE STUND: Ofte handlar mi «stille stund» om å bli fylt for dagen, eller gjerne gå i forbøn for andre sine behov, skriv Marit Hårklau Ådnanes her.

Underutvikla relasjon til Jesus?

Mange kristne i dag slit åndeleg – spesielt når det gjeld å bruka tid med Gud. Du er kanskje ein av dei? Slik starta innleiinga til ei bok om overkommeleg kvardagsbøn eg kjøpte i vår. Gjennom eit heilt liv har forfattaren sett denne kampen hos nesten alle menneske, og i alle deler av «kyrkja».

Faktisk, om han skulle summera opp den åndelege tilstanden hos kristne i dag, ville han blant anna seia dette: me er slitne fysisk, åndeleg og emosjonelt, ber lite og har svært lite fellesskap med Gud, er travle og søkjer ikkje Jesus målretta, slit med å senka tempoet i vårt oppjaga liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Summert opp; altfor mange av oss har ein relasjon med Jesus som er veldig underutvikla. Kanskje drygt sagt, men eg trur det stemmer – og i alle fall stemmer det for mitt liv. Så ynskjer eg at dette innlegget meir skal vera invitasjon og oppmuntring til kva rikdom som ligg i å vera saman med Gud, enn at du skal kjenna på dårleg samvit for det du ikkje får til. For eigentleg er det ein invitasjon til eit kjærleg fellesskap som skal gi oss kraft og styrke, midt i vårt pulserande liv.

Ofte handlar mi «stille stund» om å bli fylt for dagen, eller gjerne gå i forbøn for andre sine behov. Mi tid saman med Gud handlar ofte om «å få noko». I denne bøneboka vart eg utfordra til å «berre» vera saman med Gud; ei veldig god og ny erfaring for meg. Kvar bøneøkt startar med å vera stille, og finna ro og sentrering innfor Gud. Sjølv om det berre er snakk om nokre minutt, kan det vera utfordrande å gjera dette, fordi vår indre og ytre verd er full av distraksjonar.

Denne stille stunda er eit val om å medvite gå inn i Guds nærleik og kvila der i hans kjærleik. Me blir oppmerksame, og gir Gud og hans vilje tilgang til vårt aller inste.

Moder Theresa vart ein gong spurt korleis ho bad. Ho repliserte: «Eg gjer ingenting – eg berre lyttar!». Dette var ei av dei store kraftkjeldene hennar. Gud ynskjer kontakt med oss, på djupna. Når du vel å vera stille innfor Gud, får han vera sentrum i livet ditt. For ein kort augneblink, skal du få sleppa kontrollen, og oppgi din eigen agenda.

Dette krev øving. Men ikkje gi opp. Det er så verdt det. Langsamt kan stilla bli ein normal ingrediens i kvardagen din. Kanskje vil du merka at du stoppar opp og er stille nokre sekund, gjerne før du startar bilen, skriv ein vanskeleg e-post, i samtale eller anna.

Så vil eg også seia at bønestunda har fleire element. Både bibel, spørsmål til ettertanke og bøn høyrer med. Men i dag valde eg å konsentrera meg om det første elementet; å vera stille innfor Gud.