Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen, NTB scanpix

Uheldig devaluering av det norske flagget

Det skal bli eit herleg rot, når lokale kommunestyre og fylkesting skal i veg med godkjenningsdebattar om flaggheising.

Å tukle med flagget er symbolsterke saker. Utkast til ny flagglov er no ute på høyring (sendt ut i juli i eit stengt Noreg og med høyringsfrist no i august !).

Reglane i dag er klare. Berre det norske og det samiske flagget har normalt rett til å bli heist på offentlege flaggstenger. Lobby-toget arbeider som aldri før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No blir det opna for at det såkalla «regnbogeflagget» skal få plass ved «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse.»

Eg skal ikkje ta opp debatt om kor vidt homoar og transar treng særskilt åtgaum i toppen på offentlege flaggstenger, så lenge me har eit norsk flagg som symboliserer demokrati, rettsstat, sjølvråderett og likeverd for alle grupper som høyrer til i landet.

Skal ein slakke på dette prinsippet, må det vera likestilling for flagg tilhøyrande alle livssyn, humanitære formål, sosiale grupper, osv. Elles er det diskriminering på nytt.

Det skal bli eit herleg rot, når lokale kommunestyre og fylkesting skal i veg med godkjenningsdebattar om flaggheising for Amnesty, Nasjonalforeningen, Normisjon, Bahai-samfunnet, Redd Barna, Redningsselskapet, Islamsk Råd, Foreningen Fri, osv.

Alle desse har kvar sin agenda, med forskjellige motiv og med langtrekkjande konsekvensar. Spennvidda er kolossal. Det er difor ein dårleg ide å innføre ei flagglov som kan føre til djup splitting og endelause ordskifte i mange lokalsamfunn.

Det kan fort bli lyrisk vemod over songen som Finn Bø skreiv i 1940, siste linene i 1.vers:

Ja, så hvit som det hvite er sneen, og det røde har kveldsolen fått, og det blå gav sin farve til breen, det er Norge i rødt, hvitt og blått.

Les også
Flagger motstand mot lovforslag
Les også
Forslag til ny flagglov