SKURRAR: Den norske kyrkja vil gjerne vere folkekyrkje, men den ambisjonen skurrar målt opp mot erkjenninga av å vere minoritet i ein multikultur, skriv Ottar Myrseth. Bileter er frå Kyrkjemøtet i 2014.

Leikar 1800- og 1900-talsleiken

Eg etterlyser kyrkjelege minoritetsstrategiar. Gjerne slik Rolf Ekenes skildrar livet i DELK, med forkynning og undervisning, rettleiing og formaning med tanke på utrusting av dei som vil ta ansvaret med å tradere tru og praksis i sine miljø. Bedehusa oppstod som noko attåt statskyrkja, men no må dei miljøa kunne stå på eigne bein om dei vil overleve.

Kristen tru har gått frå å vere hovud-kulturberar til å bli ein minoritetsimpuls i eit multikultursamfunn. Fleire har lista opp døme på dette frå både det offentlege rom og privatsfæren. Det vert stadig lengre både mellom bedehusa og mellom nattverdgjestane.

Dels handlar det om kulturprosessar som er større enn både oss og vår generasjon. Og det er ingen tvil om at det er sunt for kyrkja å måtte opptre som minoritet. Men det trengs erkjenning og strategi-tenking som svarer til den nye situasjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det handlar ikkje om at kristendomen er utrydda, men som den svenske biskop Lönnebo skreiv tidleg på 1980-talet, at skal kristendomen gjere «återkomst», må foreldregenerasjonen vere istand til å tradere kristen tru og liv til neste generasjon. Det at dette ser ut til å ha glippe, er grunnlaget for min konklusjon.

Då er det ikkje snakk om meir av det same. Ikkje fleire møteveker, ikkje fleire kristne leiarar som står offentleg fram berre i medvind. Men fyrst erkjenning av at vi er i minoritet og at livssynsmarknaden er overveldande. Folk er opne for tru og religion. Men kyrkjene og dei kristne organisasjonane leikar stadig 1800- og 1900-talsleiken «da kristendommen stod som tre med sterkest rot».
 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs);}(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

 

Eg etterlyser kyrkjelege minoritetsstrategiar. Gjerne slik Rolf Ekenes skildrar livet i DELK, med forkynning og undervisning, rettleiing og formaning med tanke på utrusting av dei som vil ta ansvaret med å tradere tru og praksis i sine miljø. Bedehusa oppstod som noko attåt statskyrkja, men no må dei miljøa kunne stå på eigne bein om dei vil overleve. For alle trengst det gudsfrykt og nestekjærleik, det vil sei ei ny tydeleggjering av gudstenesta som hovudåre i det kristne livet og eit kvardagsliv som luktar kristenmanns blod.

Den norske kyrkja vil gjerne vere folkekyrkje, men den ambisjonen skurrar målt opp mot erkjenninga av å vere minoritet i ein multikultur.

Kanskje trengs det at både folkekyrkja og småkyrkjene frigjer seg frå statsbudsjettet sine subsidier.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei vittig tunge har hevda at folkekyrkja sikkert kjem til å overleve Jesu gjenkomst, for der gjeld det å stå ut heile statsbudsjett-terminen. Det hadde vore ei handling i tru om kyrkjene sa nei takk til subsidiane og våga å finne ut om båten ber med dei som vil vere ombord og ta det ansvaret som trengs.