SEND INN INNLEGG
KALLET: Generalforsamlinga er
...
KALLET: Generalforsamlinga er ei blanding av stormøte, «storting», vennestemne/slektsstemne, torg, drøs, «misjonsmat» og sikkert mykje meir, skriv Lars Gaute Jøssang. Bileter er frå generalforsamlinga på Lillehammer i 2012. Foto: Stein Gudvangen
Kva brenn mest for NLM no?
Del
NLM oppfattar seg som ei misjonsrørsle – ein misjonsorganisasjon. Me er til for å bringa evangeliet til dei rundt oss – og til dei som er langt borte. Skal me makta det, er det ikkje nok med flotte strategiar, mange aktivitetar og store arrangement. Trua må få næring og kallet fornyast, og det skjer ikkje av seg sjølv.

Kvart tredje år er det generalforsamling i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Då dreg misjonssambandsfolket opp til «sitt Jerusalem» – det vil seie til ulike stader i det vidsveimde landet vårt. Randaberg, ei driftig jærbygd i utkanten av oljebyen, er staden denne gongen.

LES: Ungdom ringer og melder seg til tjeneste

Å setja generalforsamlinga i NLM på ein enkel formel er vanskeleg, ja bortimot uråd. Arrangementet er ei blanding av stormøte, «storting», vennestemne/slektsstemne, torg, drøs, «misjonsmat» og sikkert mykje meir. I nyare tid har barn, unge og småbarnsfamiliar blitt eit langt vanlegare syn enn før. Og slik skal det vera.

Generalforsamlinga er for små og store, unge og gamle. Eit rikhaldig program er lagt opp, og det er mangt og mykje å vera med på. Det set sjølvsagt store krav både til planlegging, koordinering og oppfylging. Den «nye» generalforsamlinga har mest blitt like kompleks som organisasjonen sjølv.

Denne utviklinga har gjort at den eigentlege generalforsamlinga kanskje står i fare for å forsvinna litt. Men den er like fullt ein viktig del av programmet. I «årsmøtebolkane» møtest utsendingar frå misjonsfellesskapa våre, lag, foreiningar og forsamlingar, for å bli informert og opplyst, for å gjera opp status for den siste treårsperioden – og ikkje minst, for å retta blikket framover.

Kva går godt og kva går mindre bra – på misjonsfelta og i arbeidet i Noreg? Kvar går vegen vidare? Skal me våga oss inn på nye misjonsmarker? Er det behov for fleire kristne grunnskular? Korleis går verksemda rundt om i bygd og by? Når me nye? Må det takast andre grep enn før?

Kva brenn mest for NLM no? Det er ikkje så godt å seia. I 2009 var spørsmålet om NLM skulle oppretta trussamfunn ei stor og viktig sak. Den utløyste mykje engasjement, men blei då røysta ned. Til denne generalforsamlinga har hovudstyret levert ei positiv tilråding basert på ei såkalla «minimumsløysing» – det vil seie eit trussamfunn med minst mogleg kyrkje i seg. Signala så langt tyder på brei oppslutning. Men kanskje stig ein «skjult opposisjon» fram?

Hovudstyret vil også endra grunnreglane på somme punkt. Pakken inkluderer mellom anna ein noko «modernisert» paragraf 1. Dette har alt fått nokon til å ta til motmæle. Så skal det veljast nye medlemmer til hovudstyret og andre organ. Heller ikkje det brukar å gå lydlaust for seg. Fengande innlegg og friske debattar er ein viktig del av NLM-kulturen.

LES OGSÅ: Elleve nye misjonærer klare til å reise ut

NLM oppfattar seg som ei misjonsrørsle – ein misjonsorganisasjon. Me er til for å bringa evangeliet til dei rundt oss – og til dei som er langt borte. Skal me makta det, er det ikkje nok med flotte strategiar, mange aktivitetar og store arrangement. Trua må få næring og kallet fornyast, og det skjer ikkje av seg sjølv.

Me kan legga til rette, men djupast sett er det berre Herren ved Anden og Ordet sitt som kan verka dette mellom oss. Difor er ei «god» generalforsamling ikkje fyrst og fremst at arrangementet ytre sett går bra, sjølv om det er viktig, men at Andens vindar kan merkast. I forkant har mange misjonsvenner bede Herren inderleg om at han må koma nær, at Han må få røra ved den enkelte til tukt, trøyst, oppbygging og fornying gjennom det som blir bore fram.

NLM og NLM’arane er heilt avhengig av desse guddommelege prosessane for å realsiera det store kallet sitt – Verda for Kristus.

«For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til fresle for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. For i det vert Guds rettferd openberra...» (Rom 1:16-17)