Illustrasjonsfoto: Rosmarie Voegtli/CC/Flickr

Sjokkert av det sjølvsagde

I nyheitstørken midt i juli har Stavanger Aftenblad teke ein prat med rektor Gjermund Viste ved Tryggheim skular på Jæren. Det har resultert i eit oppslag som også har gått vidare til Aftenposten på nett. «Lærere må ta avstand fra homofile ekteskap» er tittelen.

Vidare vert det fortalt at lærarar ved alle skular som vert drivne av Norsk Luthersk Misjonssamband, må signere eit verdidokument som del av arbeidsavtalen. Der vert det mellom anna slått fast at det livslange, monogame ekteskapet mellom mann og kvinna er ramma for det seksuelle samlivet. Det vert også forventa at alle tilsette lever i samsvar med dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Spesielt overraskande burde ikkje dette vere. Det er berre sju år sidan den gjeldande ekteskapslova vart vedteken av Stortinget. Før Nederland som det første landet i verda innførte denne ordninga i 2001, var ho ukjend i moderne tid. Eit fjorten år gammalt fenomen er flunkande nytt om ein ser det i eit større historisk perspektiv. Særleg er det slik når fenomenet representerer eit radikalt brot med tradisjonelle verdiar som har prega vår del av verda, ikkje minst i synet på samliv, born og familie.

Det ville vere langt meir oppsiktsvekkjande om ein kristen organisasjon som er forplikta på Bibelen og ei klassisk forståing av kristen tru, tilpassa seg etter politiske vedtak og endringar i opinionen. Eit grunnleggjande poeng med å gi rom for friskular, er jo at dei skal vere eit alternativ.

Kommentarfelta til nettavisene er ikkje nødvendigvis ei kjelde til sindige og representative vurderingar av nyheitsartiklar. Dei kan likevel gi ein peikepinn på kva haldningar som verserer. I så måte er det nokså nedslåande å lese karakteristikkane og forslaga til sanksjonar for institusjonar som framleis står for den forståinga av ekteskapet som galdt i Noreg før 1. januar 2009. Harme og indignasjon vert følgd av krav om kutt i all offentleg støtte.

Vi håper at vi framleis har politikarar som evner å tenkje prinsipielt om dette. Skal vi ha sann åndsfridom og religionsfridom i landet, må det også vere rom for å ha ei anna overtyding enn fleirtalet, det vere seg i folket eller mellom dei folkevalde. Overtydinga må ein også kunne trekkje praktiske konsekvensar av. Elles vert ho undergreven og samvitet sett under press. Det er utoleleg.

Dynamikken i denne saka viser kor fort det vert etablert ein «ny ortodoksi» i samfunnet, ei ny rett lære som ein skal innordne seg etter. Toleransen for å ha eit anna syn er ofte datostempla. I starten lyder det forsikringar om at det sjølvsagt skal vere rom for å vere usamd, men ganske raskt vert det forventa at ein har justert haldningane sine. Det illustrerer at eit samfunn som har lett for å hylle ytringsfridom, helst gjer dette når det gjeld ytringar ein likar.

Når debattklimaet vert heitt, er det desto viktigare for kristne debattantar å halde hovudet kaldt. Det er flott at kristne engasjerer seg i kommentarfelt og på andre arenaer for å forsvare klassisk kristen tru på ein tydeleg og uredd måte. Kompromiss og tilbaketrekking er ingen farbar veg. Samstundes er det viktig å vere sakleg og sanninga tru i kjærleik. Dårlege argument og personåtak gagnar ingen, aller minst det vanskelege arbeidet med å stå for kristne standpunkt som er blitt kontroversielle. Her treng vi å be om mykje nåde og visdom til å opptre klokt.

Les også
Kristent bakeri dømt for diskriminering mot homofile
Les også
600 år siden reformforkjemperen Jan Hus ble brent
Les også
Trekker unge med tvil og annen tro
Les også
Katolikker kjemper om å slå Hillary
Les også
Messiansk misjonskafé måtte stenge