PSYKISK HELSE: Senterpartiet meiner at det no er på høg tid å styrka det psykiske helsetilbodet, skriver Kjersti Toppe om her.

Senterpartiet sine seks løfter for psykisk helse

Pasientar med psykiske plager og lidingar må få betre behandling og oppfølging. Dei siste 20 åra har halvparten av sengeplassane innan psykisk helsevern forsvunne. Riksrevisjonen har blant anna påvist at mange psykisk sjuke pasientar ikkje får hjelp når dei treng det. Ventetida i psykiatrien er lang, og ungdom får mange stader ikkje god nok hjelp mot samtidige psykiske plager og rusproblematikk. Fleire vert skrivne ut før de er ferdig behandla. Under pandemien har mange unge opplevd ei forverring av den psykiske helsa, og særleg har det vore ein kraftig auke innan spiseforstyrringar.

Regjeringa har kvart år sidan valet i 2013 lova å prioritere rusbehandling og psykiatri framfor somatikk, men har etter åtte år ikkje lukkast. Regjeringa har innført såkalla pakkeforløp for psykisk helse og rusbehandling, med tydeleg definerte tidsfristar for utgreiing og behandling. Problemet er at ordninga har ført til at tilsette bruka meir tid på administrasjon og mindre på pasientbehandling. Psykologforeningen varslar om at ordninga har ført til eit press om å skriva ut pasientar før dei er friske, for å overhalde fristane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den førre store opptrappingsplanen innan psykisk helse vart avslutta i 2008. Senterpartiet meiner at det no er på høg tid å styrka det psykiske helsetilbodet. Derfor fremmar Senterpartiet fylgjande seks løfter:

1 Umiddelbart innføre ein tiårig opptrappingsplan for psykisk helse med øyremerka midlar. Planen skal særleg retta seg mot kommunane, og sikra rask psykisk helsehjelp og lavterskeltenester utan krav om henvising.

2 Styrke sjukehusøkonomien og sikra at rus og psykisk helsevern har større vekst enn somatikken målt i årsverk og løyvingar. Fjerne stykkprisfinansieringa av psykisk helsevern.

3 Umiddelbart stoppe nedbygging av sengeplassar i sjukehuspsykiatrien, og auka døgnkapasiteten i tråd med behovet.

4 Gje barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) eit kraftig løft. Ingen barn som henvisast til BUP skal avvisast utan anna oppfølging i kommunane. Helsesjukepleiarar skal kunne henvise til BUP.

5 Gjennomgå pakkeforløpa innan psykisk helse og rusbehandling for å sikre at dei ikkje har uheldige effektar som auka byråkrati og rapportering, eller at pasientar skrivast ut for tidleg.

6 Auka rekrutteringa av legespesialistar og andre spesialistar innan sjukehuspsykiatrien, og rekrutteringa av psykologar til kommunane.