ANDAKT: Alt han fortel er så vakkert. Men det er ingen andakt i den tyding me har lagt i dette ordet gjennom generasjonar og slik NRK har brukt ordet på denne tid av døgeret dei siste 80 åra, skriv Hans Olav Tungesvik.

Vakker fortelling, men ingen andakt

Er tida moden for ei spontan folkerørsle slik me hadde då NRK prøvde å fjerna fedrelandssalmen på søndagsmorgonar? Den gongen valde NRK å lytta til folkedjupet.

Det er onsdag morgon 28. januar. Som vanleg ventar me på radioandakten medan me sit ved frukostbordet.

Så kjem Petter Myhr frå Olavsfestspela på banen med sine refleksjonar i tilknyting til Åge Aleksandersen sin song «Mykje lys og mykje varme».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han fortel om Åges bakgrunn i fattige kår i ei lita bygd utanfor Namsos, og om den brå oppvakninga han fekk ved å lytta til den amerikanske songaren Chuck Berry.

LES OGSÅ: HEF kritiseres for kirkekritikk

Alt han fortel er så vakkert. Men det er ingen andakt i den tyding me har lagt i dette ordet gjennom generasjonar og slik NRK har brukt ordet på denne tid av døgeret dei siste 80 åra.

Det er verdifulle refleksjonar om livet, og innslaget kunne passa perfekt inn i program som «Mellom himmel og jord», «Under open himmel», morgontimen mellom kl.0700 og 0800 laurdagar eller «Mot helg» fredag morgon.

Gud vart ikkje nemnt, heller ikkje Fader vår, ei heller velsigninga. Det næraste var ein variant av det gamle morgonkåseriet på P2 kl. 0725, som fall bort for nokre år sidan.

LES OGSÅ: Åpen for å slippe til forskjellige livssyn i NRKs morgenandakt

Berre på eit par dagar etter mine utspel til Vårt Land og Dagen 27. januar, har eg fått ei mengd tilbakemeldingar med tilslutnad.

Kan det vera at tida er moden for ei spontan folkerørsle slik me hadde då NRK prøvde å fjerna fedrelandssalmen på søndagsmorgonar? Den gongen valde NRK å lytta til folkedjupet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat oss håpa at redaksjonssjef Njord Røv og hans overordna i NRK vil gjera det på nytt.

Les også
Åpen for å slippe til forskjellige livssyn i NRKs morgenandakt
Les også
En andakt som ikke er en andakt
Les også
Prestene trekkes i lønn for å aksjonere
Les også
Lengter du etter Jesus?
Les også
Behager du Gud med ditt liv?