NRK og Israel

Ope brev til NRK v/kringskastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

NRK sine representantar iMidtausten har gjeve oss mange og til dels gode reportasjar frå konfliktene der. Men på eit punkt tek visse reportarar (Odd Karsten Tveit/Sidsel Wold) medvete side i konflikter, og dermed vert nyheitsbiletet vi får skeivt og des-informerande.

Eg viser til kategoriar som «okkupant», «i strid med folkeretten», og så videre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette gjeld Israel. Den arabiske motparten vert omtala som «aktivistar» medan den rette omtalen skulle vore «terrorist», då det er generell semje om at åtak på sivile mål er terror.


I det eg viser til nokre historiske fakta:


  • Fråsegna om urfolket sine rettar, artikkel 10,

  • Balfour-erklæringa av 1917,

  • Versailles-deklarasjonen av 1919,

  • San Remo-traktaten av april 1920,

  • Palestinamandatet av juli 1922 der San Remo-traktaten blir integrert i vedtaket,

  • ... ber eg kringkastingssjefen klårgjere kva stat Israel okkuperer land frå.

    Vi veit at Generalforsamlinga i FN 29. november 1947 føreslo å opprette ein arabisk stat (nr. 22) i Judea og Samaria på grunn av oppstand hos arabarane.


    Verdssamfunnet gav etter for terroren, men arabarane takka nei til ein stat i Judea/Samaria (Vestbreidda). Dermed kunne ikkje Sikkerhetsrådet vedta forslaget, og området var dermed juridisk attende til vedtaka frå 1920 og 1922.

    14. mai 1948 var den britiske mandatperioda omme, og jødane var fri til å etablere sin eigen stat.
Transjordan (noverande Jordan) gjekk til åtak på Israel og tok Judea/Samaria og Gamlebyen (Jerusalem), og annekterte deretter områda i 1951. FN erklærte dette som ugyldig, og berre to land av heile verdssamfunnet godkjende anneksjonen.

    Transjordan gav seg namnet Jordan, etter som landet no også rådde over landeområder vest for Jordan-elva.
 Jødane vart jaga ut, og mange arabarar flytta inn.
 Dette stridde mot folkeretten!


    Artikkelen fortsetter under annonsen.

    Ved 6-dagarskrigen i juni 1967 tok Israel attende Judea/Samaria og Gamlebyen (aust Jerusalem).


    Korleis kan kringkastingssjefen klårgjere at ein stat som vinn attende sine eigne landområder kan skuldast for å okkupere dei?


    Vi er mange som har sett seg leie på at NRK forvrengjer soga om Midtaust-konflikta og nører opp under jødehatet i Noreg.

    Medan tusenvis av born i Syria vert slakta ned av sine eigne, vert dette berre rekna som vanleg nyhendestoff, men så snart ein finn noko å klandre i Judea/Samaria, vert Israel utpeika som okkupasjonsmakt og «apartheid-stat».

    Kan kringkastingssjefen syte for at vi kan få eit balansert nyhendebilete frå Israel i framtida?

    * Og kringkastingssjefen svarte på åpne brevet. Slik:«Balansert og god dekning fra NRK»