Politikere: Flere politikere, her ved statsråd Jan Tore Sanner (t.v.), muslimer og jøder slår ring rundt synagogen.

Muslimane framfor synagogen

Det er ikkje kvar dag ein ser muslimar samle seg i fred rundt eit jødisk gudshus, og markeringa vekte med rette internasjonal merksemd, skriv Dagen på leiarplass.

Det var sterkt å sjå bileta frå markeringen «Fredens ring» utanfor Det Mosaiske Trossamfund sin synagoge i Oslo. I kjølvatnet av truslar og drap av jødar både i Paris og København hadde åtte muslimske ungdomar og venene deira teke initiativ til ei annleis markering der dei ville vise at dei står saman med dei norske jødane i kampen mot jødehat og diskriminering av minoritetar.

Det er ikkje kvar dag ein ser muslimar samle seg i fred rundt eit jødisk gudshus, og markeringa vekte med rette internasjonal merksemd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forstandar Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfund sa i si helsing at han etter terroren i Danmark blei spurd om kva han kjente.

«Eg svara sorg og sinne. I dag kjenner eg takksemd og håp», sa han.

Dette er gledelege signal frå dei norske jødane sin leiar. 70 år etter andre verdskrigen skulle ein kanskje tru at jødehatet hadde sett så vonde spor i historia at det ville forsvinne. Diverre veit vi alt for godt at slik er det ikkje.

Nettopp difor er det spesielt gledeleg at det er muslimske ungdomar som går framføre og viser veg mot eit meir fredeleg samfunn. Det er ofte slik at dei mest ytterleggåande mellom oss får mest merksemd.

Då er det viktig at meir moderate krefter viser at ikkje alle tenkjer slik som ekstremistane. Mange har, også i det siste, etterlyst sterkare muslimske protestar mot vold og terror i islam sitt namn. No var ikkje markeringa utanfor synagogen først og fremst eit politisk signal om synet på ulike former for islam, det var først og fremst ein solidaritetsaksjon til støtte for jødane. Likevel viser arrangementet at det går an å samle også muslimske krefter til støtte for fredeleg sameksistens. Det skal vi sjå stort på.

Samstundes sluttar ikkje debatten med dette. Vi treng å snakke meir om kven som får definere islam, og kva for samband det er mellom islam og vald. Også etter Charlie Hebdo-terroren har det vore påtakeleg å registrere at mange ser ut til å vere meir uroa over teikningar enn over at menneskeliv gjekk tapt.

Her er det naudsynt at fleire muslimske leiarar snakkar tydeleg og offentleg om at terror ikkje har nokon plass, heller ikkje for dei som vedkjenner seg til islam. Elles vert politikarane sin tale om islam som ei fredeleg religion hult snakk.

No skal vi også hugse at norske muslimar ein gong før har vist veg internasjonalt i høve til korleis ein skal leve i eit moderne samfunn. I 2007 skreiv dåverande generalsekretær Shoaib Sultan i Islamsk Råd Norge under på ei erklæring om at alle har rett til å skifte tru. Når vi veit kor omstridd dette standpunktet er i mange muslimske land, skjønar vi at Islamsk Råd Norge her viste veg med eit modig føredøme.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi har mange gonger etterlyst eit sterkare engasjement for religions- og ytringsfridom frå muslimske leiarar. Og vi kjem nok til å gjere det igjen. Men medan denne debatten held fram, kan vi i dag gle oss over at det finst krefter som arbeider for å bryte ned fordommar mot jødar – også mellom dei norske muslimane. Det gjev håp for framtida.

Les også
Europeisk kommisjon bekymret for rasisme i NorgeFakta om ECRIs anbefalinger til regjeringen
Les også
Rabbiner vil vaksinere ungdom mot antisemittisme
Les også
Fredsring rundt Oslo-moské
Les også
«Vi vil ta støyten sammen med dere»Fredens ring