LEDEREN: «Fleire vart nok overraska då sjefredaktør Helge Simonnes i Vårt Land i førre veke snakka om likskapar mellom fundamentalistiske kristne og fundamentalistiske muslimar. Ifølgje Simonnes er det ikkje så stor skilnad mellom desse to gruppene, bortsett frå at kristne visstnok ikkje går like langt i å utøve vald.» Illustrasjonsbilde: David Evers/CC/Flickr

Næring til fordommar

Fleire vart nok overraska då sjefredaktør Helge Simonnes i Vårt Land i førre veke snakka om likskapar mellom fundamentalistiske kristne og fundamentalistiske muslimar. Ifølgje Simonnes er det ikkje så stor skilnad mellom desse to gruppene, bortsett frå at kristne visstnok ikkje går like langt i å utøve vald.

Dei seinare åra har det vorte meir og meir vanleg å snakke om radikalisering og om fundamentalisme som generelle omgrep, særleg når det gjeld religiøse menneske og grupper.

Ein kan mistenke at det først og fremst er muslimar det vert snakka om. Men fordi vi i Vesten nøler med å kritisere islam, er det lettare å snakke om ei breiare gruppe.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dermed blir gjerne også kristen radikalisering omtalt i samme åndedrag.

LES: Advarer mot kristen fundamentalisme

Men det er særleg hos sekulære politikarar og forskarar at vi finn denne måten å nytte omgrepa på.

Noko av faren er at kristne miljø vert karakterisert på urettferdige måtar, ved at konservativ eller klassisk teologi vert stempla som fundamentalistisk. Det er ikkje rettferdig eller rimeleg.

I røynda held dei berre held fast ved det som har vore den kristne kyrkja si lære gjennom to tusen år.

Utspelet frå Helge Simonnes kom under eit frukostmøte i regi av Human-Etisk Forbund som vart referert på fritanke.no.

Då Simonnes av Dagen vart beden om å gje døme på kven han har i tankane når han snakker om fundamentalistiske kristne, syner han til utsegner frå Partiet De Kristne og TV Visjon Norge.

Simonnes har rett i at det frå desse miljøa tidvis har kome utspel som det er gode grunnar til å korrigere og kritisere. Men vi vil for vår del åtvare mot å samanlikne dei med muslimske fundamentalistar av den grunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med dette meiner vi Simonnes medverkar til å senke presisjonsnivået og heve konfliktnivået i samtalen om tru og livssyn. Denne er allereie prega av meir varme enn lys. Altfor mange er villige til å framsetje sterke påstandar som er svakt underbygde. Dette går særleg ut over kristne med tradisjonelle standpunkt.

I intervjuet som stod å lese i Dagen torsdag kom Simonnes med fleire innspel til ein viktig debatt om korleis Bibelen vert nytta for å forstå tida vi lever i. Og det skal bli spanande å lese den boka Simonnes er i ferd med å skrive.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Likevel er det grunn til å åtvare mot den forenklinga som det er å snakke om fundamentalistar som ein felles kategori i denne samanhengen. Ein kan gjerne diskutere kor sunn bibelbruken er i alle kristne miljø, men det ligg fjernt frå desse miljøa å ty til våpenmakt for å oppnå måla sine. Når det gjeld muslimsk fundamentalisme, er den medvite bruken av vald og terror eit kjenneteikn som har gjort det vanskelegare for fleirtallet av muslimane i Europa å få aksept for at dei også er fredsæle menneske.

Vi treng å diskutere både kristendomens og islams verdsbilete, og korleis vi med ulike religionar og livssyn kan leve side om side. I denne vanskelege samtalen treng vi omgrep og kategoriar som bidreg til å avklare, ikkje til å tåkeleggje og tilsløre.

Les også
Advarer mot kristen fundamentalisme
Les også
Oppdaget nye sider ved JesusFredrik Sidenwall
Les også
Årets viktigste artikkel
Les også
Skuffer både venner og fiender
Les også
Spennende storby-konstellasjoner