Yoga og meditasjon og kristen tru

I går kunne vi lese om elevar ved Langmyra skule i Molde som i ein RLE-time hadde meditert medan dei såg på eit bilete av Buddha. Det er forståeleg at foreldre reagerer når borna slik vert bedne om å ta del i utøvinga av ein framand religion. I den konkrete saka ser det ut for at både rektor og den aktuelle læraren har vist forståing for kritikken. Det er gledeleg. Samstundes viser dette kor viktig det er at kristne foreldre er medvitne om kva for påverknad borna deira får del i, og kva røter påverknaden har.

I opplæringslova sin paragraf 2-4 heiter det at «Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.» Dette har vore ein vanskeleg paragraf for mange kristne, mellom anna fordi tradisjonar som salmesong kan verte problematisk. Det ligg djupt i den kristne trus natur at den er normativ, og dette vil til dømes også muslimar seie om islam. Den norske skulen vart i si tid starta med utgangspunkt i trongen for opplæring i kristen tru, dermed er det ein lang veg til den skulen vi har i dag, kor religion er eit emne der elevane skal verte orientert, utan at skulen skal fortelje kva som er sant og ikkje. Men det er sjølvsagt viktig at elevar i dagens skule får god kjennskap både til kristendommen og til andre religionar som i stadig større grad vert del av det samfunnet vi lever i.

Laurdag
kunne vi lese fleire reportasjer i Dagen om korleis yoga er på veg inn i fleire norske skular. Kristne foreldre har også i dette høvet kontakta avisa med spørsmål om kor grensene skal gå. Dei vil naturlegvis ikkje verte oppfatta som vanskelege og umedgjerlege, men kjenner eit naturleg ansvar for at skulen ikkje gjev borna ei opplæring som er i strid med både foreldra si eige overtyding og med opplæringslova.

Det er ikkje alltid lett å slå fast kva som er kultur og kva som er religion i møte med strømningar fra Austen. Dersom yoga eller meditasjon vert presentert i ein religiøs kontekst, skulle det vere sjølvsagt at kristne ikkje kan delta. Jan Opsal, dosent i religionsvitenskap ved Misjonshøgskolen i Stavanger, sa laurdag at han på fagleg grunnlag finn det problematisk å seie at yoga kan vere fundamentalt forskjellig frå ein samanheng til ein annan. Og her tyder erfaringa på at dei lærarane som introduserer elevane for austleg inspirerte øvingar, slett ikkje alltid kjenner godt nok til kor til dømes yoga kjem frå. Og av den grunn er det, som Dagrun Eriksen frå KrF påpeika i gårsdagens avis, bekymringsfullt at RLE ikkje lenger er eit obligatorisk fag i lærarutdanninga. I ei tid som vår skulle tvert om trongen for kvalifisert kjennskap til ulike religiøse retningar vere viktigare enn nokon gong.

Vi skal
sjølvsagt ikkje seie at alt som kjem frå Austen er religiøst og dermed i konflikt med kristendommen, men vi treng kunnskap om korleis ting heng saman slik at vi kan opptre rett. Det var Gud som skapte verda, og han har også gjeve oss retningsliner om korleis vi skal bruke det han har skapt.