Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Funksjonshemma krev sin rett

Funksjonshemma skal ha ein like forutsigbar kvardag som alle andre.

Alexander Petersen (28) er masterstudent i engelsk lingvistikk. Han er altså ein vaksen, velutdanna mann. Men fordi han har cerebral parece og sit i rullestol, kan han ikkje leve eit sjølvstendig vaksenliv, lik andre menn på hans alder.

«Per dags dato har eg ikkje høve til å leve eit fritt og sjølvstendig liv i meir enn 9,7 time i løpet av ein dag», seier Petersen, som også er regionleiar i Norsk Handikapforbunds Ungdom sørvest, til NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

9,5 time er det han får av kommunen med brukarstyrt personleg assistanse, ein såkalla BPA. Når timane er oppbrukte, reiser han heim til foreldra. For utan assistanse klarer han lite praktisk sjølv.

Mari Storstein (35) er filmskapar. Ein muskelsjukdom gjer at ho må sitje i rullestol. Også ho er avhengig av ein BPA for å vere fri til å leve det livet ho ønskjer og slåss for dei sakene ho brenn for.

Éi av desse sakene er rettane til funksjonshemma. Difor takka ho i 2019 ja til å kome til KrFs landskonferanse for å fortelje om korleis funksjonshemma blir diskriminerte i Noreg i dag.

Nestleiar Olaug Bollestad vart så gripen av det Storstein fortalde, at ho gret. «Vi gir oss aldri», lova Bollestad.

Denne veka skulle Stortinget, etter eit forslag frå SV, ta stilling til om FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) skulle inkorporerast i norsk lov.

Det vil seie om konvensjonen skulle bli førande for tolkinga av norske lover som omhandlar funksjonshemma. Det var tredje gong Stortinget hadde saka på kartet.

I førekant kunne ein merke eit veksande opprør. Funksjonshemma definerer seg som Noregs største og mest diskriminerte minoritet. Kvardagen er full av barrierar som hindrar dei å delta i samfunnet og leve liva sine slik dei helst ville.

Mange er lei av medynk. Dei vil bli behandla med respekt, og dei krev sin rett til å leve sjølvstendige liv, slik folk flest kan. Det skulle berre mangle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei av dei som markerte seg, var Mari Storstein. Ho brukte sitt eige medium til å minne Bollestad og KrF på kva dei hadde lova. I eit filmklipp på Facebook utfordra ho KrF til å stå ved løfta sine.

«Dei snakkar mykje om sorteringssamfunnet, men det er ikkje vits i å snakke om sorteringa som skjer i livmora, dersom ein ikkje snakkar om sorteringa som skjer i samfunnet. Vi må lage eit samfunn for alle menneske», sa ho til Dagen.

Ho har rett i at kampen mot sortering av ufødde barn heng uløyseleg saman med kampen for rettane til funksjonshemma. Dersom ein er oppteken av at foster med funksjonshemmingar ikkje skal bli valde vekk, må ein også vere oppteken av korleis liva til desse barna og familiane blir.

Funksjonshemmakonvensjonen vart ikkje teken inn i norsk lov denne gongen heller. Saka fekk ikkje fleirtal. 45 representantar stemde mot, deriblant Venstre og KrF som røysta med regjeringspartnar Høgre. Berre 42 stemde for.

Det hjelpte ikkje at Venstre og KrF på tampen fekk gjennomslag for å starte ei utgreiing i regjeringa. Heller ikkje dette forslaget fekk fleirtal. Dermed er ein like langt. Svært mange norske funksjonshemma er djupt skuffa.

Så kan ein spørje seg kvifor det er så viktig at denne konvensjonen blir del av norsk lov. Noreg har jo alt ratifisert konvensjonen utan reservasjonar.

Dermed er staten folkerettsleg bunden. Så lenge konvensjonen ikkje er inkorporert, kan imidlertid norsk lov ha forrang, i tvistar der ting blir sett på spissen.

Norsk institusjon for menneskerettar og Likestillings- og diskrimineringsombodet var blant dei som gjekk ut og støtta inkorporering. Dei to institusjonane meinte at dette ville styrke etterlevinga av rettane for personer med funksjonsnedsetjing i praksis. Ei slik styrking meiner dei er nødvendig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Barnekonvensjonen, kvinnekonvensjonen og rasediskrimineringskonvensjonen er alt inkorporerte i det norske lovverket, men altså ikkje CRPD.

«Dette betyr at funksjonshemmedes menneskerettigheter har en lavere status enn barn, kvinner og etniske minoriteter», uttalar Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon. Dette meiner dei må endrast.

For Mari Storstein handlar CRPD om tryggleik. «Slik det er i dag, kan eg miste fridom og rettar med eit pennestrøk, men dersom CRPD blei inkorporert i norsk lov, ville det ført til at mine rettar vog mykje tyngre», sa ho til Dagen.

Det handlar også om å anerkjenne at politikk for funksjonshemma er eit spørsmål om menneskerettar og likestilling – ikkje om veldedigheit og dugnad, understreka ho.

Det heiter seg at alle gode ting er tre. I denne saka bør vi omskrive ordtaket og seie at alle gode ting er fire. At funksjonshemma skal ha rett til eit godt og sjølvstendig liv er verd å slåss for.

Funksjonshemmakonvensjonen bør inkorporerast i norsk lov for å gje desse rettane same status som andre menneskerettar - og for å gjere det enklare for funksjonshemma å få det dei har krav på, uavhengig av kva kommune dei bur i.

Det kan ikkje vere slik at ei ressurssterk kvinne som Mari Storstein skal vere redd for å miste fridomen sin ved eit pennestrøk. Funksjonshemma skal ha ein like forutsigbar kvardag som alle andre.

Det skulle berre mangle. Og det kan ikkje vere slik at ein ressurssterk mann som Alexander Petersen må heim til mor og far, fordi han ikkje får nok assistanse til å klare seg gjennom dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Slakter KrFs innsats for funksjonshemmede
Les også
Regjeringen snur: Åpner for utredning rundt funksjonshemmedes rettigheter
Les også
Stortinget sier nei til å ta funksjonshemmedes rettigheter inn i loven