Nytalen på kjønnsfeltet gir assosiasjonar til George Orwells framtidsdystopi «1984», meiner Dagens leiarskribent. Biletet er frå eit bokomslag som illustrerer den same boka.

Når kjønn skal gjerast kjønnsnøytralt har nytalen nådd den komplette absurditet

Komande søndag er det morsdag, men er også det diskriminerande? Bør det heretter heiter fødeforelderdag?

Ein av Noregs mest lesne og oftast prislønte forfattarar, Lars Saabye Christensen, sa noko uvanleg treffande i eit intervju med Dag og Tid for litt sidan:

«På mange område er det ekstreme vorte det normale, som til dømes når ein i framlegget til ny barnelov seier at ein bør utelate ord som bror, syster, mor og far, og skriv desse orda i hermeteikn, som om det ikkje lenger finst mødrer og fedrar og sysken. Røynda vert forkludra av slike hermeteikn».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forslaget frå Barnelovutvalet inngår i ei breiare juridisk og kulturell utvikling som ikkje minst kom til uttrykk med lov om juridisk kjønn frå 2016. Denne gav ein person rett til å endre status frå mann til kvinne ut frå ei sjølvvurdering, utan å verte kastrert.

For barn frå seks til 18 år krevst det samtykke frå foreldre eller føresette. I prinsippet kan vi i juridisk forstand ikkje ta for gitt at vi har kvinneleg statsminister i Noreg sjølv om det ser slik ut.

Noreg er mellom landa som har gått lengst, men er slett ikkje åleine. Som Dagen skreiv om på tysdag, går president Joe Biden og administrasjonen hans i bresjen for ein progressiv politikk på dette feltet både i USA og internasjonalt.

Siktemålet er å vere imøtekomande overfor personar som opplever at dei ikkje finn seg til rette i snevre kjønnskategoriar. Det verkar både humant og inkluderande. Men konsekvensen av å oppheve kjønnspolariteten som prinsipp, og erstatte han med flytande spekter og konstruksjonar uavhengige av biologi, blir både tragisk og komisk. Dessverre er tragedien langt større enn komedien.

Trendane gir assosiasjonar til George Orwells framtidsdystopi «1984». Boka har gitt oss omgrep som Storebror, nytale og tankepoliti. Svik mot Partiet blir ikkje tolerert. Det må skape friksjon når slagordet er av det verkeleg absurde slaget: «Krig er fred, fridom er slaveri, fåkunne er styrke».

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) skal ha ros for å reagere med sunn fornuft. – Eg synest rett og slett det er galskap å slutte å bruke orda mor og far om det som heilt naturleg er foreldre til ungar, sa ho på Dagsnytt 18 på tysdag.

Motdebattant Inge Alexander Gjestvang, som er ny leiar i Foreningen FRI, viser nettopp til lova frå 2016 som gjer det mogleg «for ein juridisk mann å gå gravid fordi staten ikkje lenger har hatt noko behov for å fjerne dine reproduktive organ». Eit av desse organa heiter som kjent frå gammalt livmor, men det bør ein kanskje også vurdere å endre til noko kjønnsnøytralt?

Nytalen har nådd den komplette absurditet når kjønn skal gjerast kjønnsnøytralt. Komande søndag er det morsdag, men er også det diskriminerande? Bør det heretter heiter fødeforelderdag? Fødeforelderinstinkt? Fødeforelderkjærleik?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det verkeleg alvorlege med dette er at det er vaksne sitt behov for å velje identitet som trumfar barns behov for tryggleik og stabilitet. Ei røynd der det mest grunnleggjande i livet, kven som er far og mor, og kva ein far og ei mor er for noko, gagnar neppe dei som kjem etter oss. Det trengst debattar med eit langsiktig perspektiv, både framover og bakover.

Berebjelkar bør vi vakte oss for å sage over.

Les også
Lar barn finne sin plass på kjønnskartet
Les også
Den farlige transdebatten
Les også
Mener kjønnsskifte utfordrer kristne til å ta Bibelen på alvorKjønnsinkongruens