«Syria, som før blei kalla regionens brødkorg, står ifølge brevskrivarane på randa av hungersnaud. Difor tryglar dei Biden om at USA må lette på sanksjonane», skriv Kari Fure. Foto: Sipa Usa / AP / NTB

Sanksjonane bommar på målet

Med mindre sanksjonane er svært spissa, er faren stor for at dei rammar fattigfolk, medan leiarane går fri.

«I kveld går millionar av syrarar svoltne og kalde til sengs», skriv kyrkjeleiarar frå Midtausten i eit felles brev til president Joe Biden.

Den nye amerikanske presidenten hadde knapt fått tid til å setje seg ved skrivebordet i det ovale kontoret, før brevet vart sendt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Vi har inga tid å miste», står det i brevet som var sendt av generalsekretæren i Verdskyrkjerådet, avdeling Midtausten, og var underteikna av nesten hundre kyrkjeleiarar og politikarar.

Situasjonen er desperat. Syria, som før blei kalla regionens brødkorg, står ifølge brevskrivarane på randa av hungersnaud. Difor tryglar dei Biden om at USA må lette på sanksjonane som vart stramma inn sist sommar.

Dette ramma ikkje berre syrarane sjølve, men også utlandske aktørar som hjelper til med gjenoppbyggingsprosessen. No åtvarar kyrkjeleiarane mot nye flyktningbølgjer.

Dei er ikkje åleine om å rå USA til å lette på sanksjonane. International Crisis Group gjer det same. Alena Douhan, FNs spesialrapportør for einsidige tvangsmidlar, likeså.

I desember konkluderte spesialrapportøren med at dei amerikanske sanksjonane fører til brot på menneskerettane og forverrar den svært alvorlege humanitære situasjonen i landet.

Så må det understrekast at hovudårsaka til krisa i ­Syria er ­årevis med krig, terror, vanstyre og korrupsjon, men ­sanksjonane kan fort grave holet endå djupare. Helse­vesenet er til dømes i ei sørgeleg forfatning.

Dei hadde fint lite å møte koronapandemien med. Då blir det ekstra alvorleg dersom sanksjonar blokkerer hjelpesendingar, handel og investeringar­ som er nødvendige for at både helsevesenet og den syriske økonomien skal kome på fote att.

Også Noreg har innført restriktive tiltak mot Syria. Vi er folkerettsleg forplikta til å gjennomføre sanksjonar som er vedtekne av FNs tryggingsråd, men kan gjere unntak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei mange tiltaka omfattar blant anna forbod mot handel med utstyr som «kan brukast til intern undertrykking», forbod mot å bidra til å byggje kraftverk, samt frysing av pengar og formue for visse personar. Humanitær hjelp er unnateke.

Oppmodinga til den norske regjeringa må vere å sikre at tiltaka er målretta. Med mindre sanksjonane er svært spissa, er faren stor for at dei rammar fattigfolk, medan leiarane går fri.

I desse dagar er det ti år sidan demokratiopprøret starta i Tunisia og spreidde seg med stor kraft i regionen. Både i Tunisia, Egypt og Libya måtte diktatorane gå, men det gjekk ikkje lenge før den arabiske våren vart omtala som vinter.

I dag kjenner vi fasiten, eit stykke på veg. I Jemen og Syria enda opprøret i borgarkrig. I Libya gjekk staten i oppløysing.

Og i fleire land førte opprøret til ei styrking av islamistiske grupper – og til at IS fekk fotfeste. Det var ikkje nok å fjerne ein diktator.

Dét var ei lekse ein burde ha lært frå Irak etter invasjonen i 2003. Berre Tunisia har hatt ei merkbar endring i demokratisk retning, men også der er situasjonen ustabil.

Det siste året har det vore nye demonstrasjonar i Algerie, Egypt, Irak og Libanon - og no sist i Tunisia igjen. Optimismen er erstatta med ei farleg blanding av desperasjon og håpløyse.

Folk føler dei ikkje har noko å tape lenger. Dette er sjølve oppskrifta på radikalisering og nye flyktningbølgjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stadig fleire unge har eitt stort ønskje: Dei vil vekk. Ei omfattande undersøkjing gjort av tyske Konrad-Adenauer-Stiftung viser at svært mange arabiske unge tenkjer på å forlate heimlanda og søkje lukka andre stader.

Hardast juling har Syria og Jemen og Jemen fått. Begge landa har fungert som slagmark for mektige aktørar utanfrå. Dei menneskelege lidingane er ufattelege.

Tala på flyktningar likeså. No har konfliktane vart så lenge i desse to landa at det kan verke som interessa har minka hos oss som observerer frå lang avstand.

Er vi blitt så vane til bilete av skinnmagre babyar i Jemen og småbarn som går berrføtte i gjørma flyktningleirane i Nord-Syria at det ikkje går inn på oss?

Det er langt mellom demonstrasjonstoga, dersom dei i det heile finst, som ber partane legge ned våpena i Jemen og som krev at USA lempar på sanksjonane, så syrarane kan få mat og medisinar.

For eit par år vart eg sjølv skjelt ut av ein syrisk kristenleiar. Han var så inderleg fortvila, og eg var den einaste vestlege personen han hadde for handa. «You are killing people», freste han.

Det var nettopp sanksjonane mot Syria han sikta til. For dei som sit på toppen i regimet klarer seg alltids. Dei som verkeleg lid, er vanleg folk.

Diabetikarar som ikkje får tak i insulin. Folk med nyresvikt som ikkje får dialyse. Kreftpasientar som døyr fordi det ikkje finst medisin.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Barn som ikkje har skikkelege kle og skulebøker, og som må gå svoltne til sengs, slik kyrkjeleiarar i Midtausten no ropar varsko om. «USA kan ivareta interessene sine utan kollektivt å straffe heile det syriske folket», skriv dei.

Måtte den amerikanske presidenten lytte til argumenta deira. Det syriske folket treng hjelp til gjenoppbygging, ikkje hardare sanksjonar.