«Hos oss er Maria sjeldan tema. Ofte er ho blitt redusert til statist», skriv Kari Fure. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Marias plass i stallen

Det er ikkje ofte vi høyrer at nokon prisar henne sæl.

I frykt for at Maria, Jesu mor, skulle bli så stor at ho skygga for frelsaren, kan vi ha gjort henne altfor lita.

Framfor siste helga i advent fester vi blikket mot stallen og krybba. Det er dit vi skal. Vi og dei to som har starta på den lange reisa frå Nasaret i Gallilea, opp til Judea, til Davidsbyen, Betlehem.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Maria er høggravid. Når ho er trøytt, må vi tru Josef hjelper henne opp på eselet, slik det er avbilda på millionar av ikon i Midtausten.

Ho kan ha sett stakkarsleg ut, Maria, då ho sleit seg fram mot Betlehem. Sårbar, trøytt og sveitt, med ein kropp som verkte under tyngda av den store magen.

Ja, vi kan tenkje at det rett og slett var vågalt å la Guds mor legge ut på landevegen på denne måten. Tenk på kva som kunne skjedd, og kva som stod på spel!

Eller vi kan tolke det stikk motsett: For ei tillitserklæring det er, at Maria blir utvald til å bere fram og føde Guds son. For ein attest det er, at Gud Fader ser at ho har styrke til å klare dette!

Slik Gud ein mannsalder seinare har tiltru til at kvinnene ved grava kan formidle verdas viktigaste bodskap; at grava er tom og Jesus har stått opp.

Slik hadde Gud tiltru til at den unge Maria ville klare oppdraget sitt, då ho sa at eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.

Men ho gjer det ikkje åleine. Engelen som kom med bod til henne lova: Den heilage ande skal kome over deg, og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.

Fordi Maria sa ja og trudde, kan vi alle om nokre dagar knele ved krybba. Vi kan beundre barnet og prøve å fatte at det faktisk er Guds ansikt vi ser inn i.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til lyden av kyr som tygg drøv og med lukta av høy og møkk i naseborane, kan vi la oss overvelde av tanken på at Gud elskar oss så høgt, at han let son sin bli fødd som eit lite barn i fattige kår, for å gjenforeine oss med seg.

Julebodskapen kjem til oss med lag på lag med håp når Jesus stig ned til oss og bli menneske. Han går blant oss. Han lid med oss og erfarer alle sider ved menneskelivet. Og han opnar vegen heim til Gud.

På same måte som vi ikkje fattar kva vi faktisk ser, når vi står under stjernehimmelen ein klar vinterkveld, klarer vi heller ikkje å ta inn rekkevidda av det vi er vitne til når vi ser barnet i krybba.

I denne rike bodskapen, i hendingane i stallen, ligg det også ei oppreising for verdas kvinner ved at Gud gir Maria ei slik viktig rolle i sin store frelsesplan. Gud tenkjer ikkje smått om kvinner. Men mange andre gjer. Til alle tider er kvinner blitt krenka, såra og angripne, fordi dei er kvinner.

Kor frigjerande er det ikkje då å tru på ein frelsar som tek deg i handa og hjelper deg på føtene att, når andre vil kaste stein. Og kor oppmuntrande er det ikkje å sjå kor respektfullt kvinnene blir møtte i Bibelen og kor viktige roller dei spelar. Som slik som dronning Ester, profeten Debora, diakonen Føbe og misjonæren Priskilla.

Også alle kvinnene som i vår tid er på flukt frå krig og overgrep, og som må føde og oppdra barn under forferdelege tilhøve, finn kvinner dei kan identifisere seg med i Bibelen. Ei av dei er Maria, Jesu mor, som måtte flykte med barnet til Egypt kort tid etter fødselen.

«Frå no av skal alle slekter prise meg sæl», seier Maria i Lukas-evangeliet. I kyrkjene eg har besøkt i Midtausten, har dei teke henne på ordet. Kanskje litt vel mykje, har eg tenkt, der eg har kome med min protestantiske, vestlandske bedehusbakgrunn.

Blant alle Maria-statuene der Jesus ofte blir framstilt som lite barn eller død i Marias armar, har eg sakna den sigrande Kristus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I norsk, protestantisk tradisjon har vi gjerne gått i den motsette grøfta. Hos oss er Maria sjeldan tema. Ofte er ho blitt redusert til statist.

Truleg botna det i ei frykt for vranglære, at ein var redd ho skulle overstråle Jesus, når vi i dag kan framstå som meir lutherske enn Luther. Det er ikkje ofte vi høyrer at nokon prisar henne sæl. Ho er på eit vis plassert heilt inn i skuggen i stallen.

Dét er i så fall eit tap for oss alle. Forteljinga om Maria rommar «en visdom ingen tanke fatter», for å sitere Børre Knudsens kraftfulle hyllingssalme, «Maria skjønn du er din faders brud».

Det er ei forteljing om eit guddommeleg mysterium, om menneskeleg mot, offervilje og tru – og om ei kvinne som oftare kunne vore brukt som rollemodell for dagens kristne kvinner.