«Å vere eitt betyr ikkje at vi treng meine det same i absolutt alle spørsmål, men at tilliten til Guds ord og trua på Jesus Kristus foreinar oss», skriv Kari Fure. Illustrasjonsfoto: David Goldman, AP/NTB

Gjer meg til ein reiskap for din fred

Som kristenfolk 
har vi fått nokre instruksar som ligg fast, uansett kva syn vi 
ellers måtte ha på politikk og teologi.

USA er djupt splitta. Amerikanske kristne likeså.

Vi er vane med å tenkje at alt er meir ekstremt i USA. Gatepredikantane også. Likevel er det til å få hakeslepp av då ein mann i t-skjorte med eit kristent slagord ropar «du er ein dum, kvinneleg muslim», til ein reporter, i eit innslag vist på NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På t-skjorta hans står teksten «Jesus said you must be born again». (Jesus seier du må bli fødd på ny). Mannen tilhøyrer ei gruppe kalla Official Street Preachers.

«Dersom vi hadde vore gode muslimar, hadde vi teke deg med rundt hjørnet og valdteke deg», skrik ein annan av gatepredikantane inn i mikrofonen. Også han har t-skjorte med kraftig bodskap: «Repent or Perish» (omvend deg eller døy) står det med store bokstavar på magen hans.

Det var den norske dokumentarfilmskaparen Deeyah Khan som vart håna av dei to. «Eg er blitt utskjelt på denne måten mange gonger», seier ho.

Det er vondt å høyre. Og det er ekstra vondt når hetsen kjem frå kristne gatepredikantar. Vi hadde venta betre frå den kanten.

Dei blir ståande som representantar for eit djupt splitta USA - der vi er blitt vane med at den kristne presidenten lyg frå talarstolen og der kristenleiarar som Franklin Graham og Paula White bidrar til kaos ved å fyre opp under skuldingane om valfusk.

Når nordmenn flest synest det er uforståeleg at så mange amerikanske kristne støttar Trump, må vi likevel ta høgde for at det er ting vi ikkje skjønar.

For kristne republikanarar er det truleg like uforståeleg at kristne landsmenn kan støtte demokratane, med deira svært liberale syn på abort, ekteskap og familie. Slik splittar politikken det amerikanske folket - og kristenfolket.

Deeyah Khan har levd tett på denne splittinga lenge. Kvar gong ho er i USA føler ho spenning, frykt, mistru og sinne hos folk i begge dei politiske leirane, fortel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Analysen hennar er at det er blitt slik, fordi gruppene i stor grad nektar å snakke med kvarandre. Det finst ikkje vilje til forsoning og dialog. Folk lukkar seg inne i ekkokammera på begge sider og dundrar laus på dei som er ueinige.

I arbeidet med to av dei siste dokumentarfilmane sine har Khan brukt mykje tid med hardbarka Trump-tilhengarar. Interessant nok er det ikkje mot dei ho rettar ein formanande peikefinger, men mot Biden: «Den største utfordringa for Biden og Harris, dersom dei vinn, blir å foreine eit djupt splitta land.

Dei vil ikkje lukkast, dersom dei held fast på demokratane sin tradisjon med å unngå, demonisere og ignorere Trump-tilhengarane», seier ho til NRK.

Det er ei påminning om at det ikkje berre er uregjerlege Trump-tilhengarar som skaper splitting. USA var splitta lenge før Trump, og demokratane har sin del av ansvaret for at det er blitt slik.

Så er det ekstra frustrerande å sjå at kristne aktørar bidreg til å auke konfliktnivået heller enn å prøve å dempe gemyttane. Vi hadde venta betre, liksom. Dei burde hatt ein høgare standard.

Før vi feller ein altfor hard dom, kan det vere klokt å vende spegelen mot seg sjølv. For er det ikkje slik her heime også, at det norske kristenfolket er splitta?

At vi deler oss i leirar, etter standpunkt i kampsaker, teologiske skilnader og syn på form og musikk? At vi er snare til å mistru kvarandre og bruke dømande ord?

Vi har eit kristeleg folkeparti som er blitt lite og svakt på grunn av indre strid. Og vi har ei folkekyrkje, der enkelte prestar fryktar yrkesforbod, fordi synspunkta deira får stadig trongare kår.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Bibelen les vi at Jesus ber om at vi som kristne skal vere eitt. I Johannes 17,21 står det slik: «Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg».

Å vere eitt betyr ikkje at vi treng meine det same i absolutt alle spørsmål, men at tilliten til Guds ord og trua på Jesus Kristus foreinar oss.

Som kristenfolk har vi dessutan fått nokre instruksar som ligg fast, uansett kva syn vi ellers måtte ha på politikk og teologi. Mange av desse instruksane er vakkert formulert i Frans av Assisi si bøn.

På veg inn i helga etter ei veke der vi er blitt rysta av både valkamp, terror og korona, kan det vere verd å repetere nokre av strofane i denne bøna:

«Herre gjer meg til reiskap for din fred. Lat meg bringe kjærleik der hatet rår. Lat meg bringe tilgjeving der urett har skjedd. Lat meg skape semje der usemje rår. Lat meg bringe tru der tvilen rår.»

Velsigna helg!