Her demonstrerer studenter mot landets autoritære leder Aleksandr Lukasjenko i gatene i hovedstaden Minsk 1. september i år. Foto: Radio Free Europe/Radio Liberty via AP/NTB scanpix

Slå ring om Kviterussland

Dei treng å kjenne at dei ikkje er åleine no.

Det er fire veker sidan valet i Kviterussland. Opposisjonen som har demonstrert mot valfusk og vald, er slitne. Men det er no dei må halde ut – og det er no dei må få kjenne at dei har Europa i ryggen.

Skulle opposisjonen kaste inn handkleet, kan det bli verkeleg stygt. Frykta er at det då kjem ein henvnens time, som er verre enn det vi har sett til no.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For så lenge diktatoren og presidenten gjennom 26 år, Aleksandr Lukasjenko, ikkje er trygg på at han får bli sitjande, må vi tru han har grunnar for å besinne seg. Føler han seg sikker på sigeren, derimot, er faren stor for at han vil straffe dei som opponerte, slik han også har gjort tidlegare.

At regimet ikkje skyr å bruke makt, vart synleg umiddelbart etter valet. FNs menneskerettsobservatørar fortel at dei har fått inn rapportar som dokumenterer 450 saker med tortur eller mishandling etter massearrestasjonane.

Minst fire aktivistar har mist livet og meir enn ti er sakna. Familiane har ikkje fått vite kva som skjedde med dei etter at dei vart tekne inn til varetekt.

Og valdsbruken held fram, melder Helsingforskomiteen. Dei får rapportar frå kontaktar i landet som fortel om utstrekt bruk av politivald mot fredelege demonstranter.

Han skil ikkje mellom høg og låg, den gode Lukasjenko. Dét skal han ha. Overhovudet for den romersk-katolske kyrkja i Kviterussland, erkebiskop Tadeusz Kondrusiewicz, vart måndag nekta innreise til landet, melder Radio Free Europe. Det er oppsiktsvekkjande.

Erkebiskopen, som sjølv er fødd i Kviterussland, vart stoppa på grensa etter eit besøk i nabolandet Polen.

Dette skjedde dagen etter at han hadde åtvara mot at den politiske krisa kunne føre til borgarkrig. Han har også kritisert politiets valdsbruk og at politiet har blokkert inngangen til ei kyrkje tileigna helgenane Symon og Alena i Minsk, også kjent som Den raude kyrkja.

President Lukasjenko skal seinare ha stadfesta at erkebiskopen er svartelista både i Kviterussland og Russland. Han har meir enn ymta om at han mistenkjer erkebiskopen for spionasje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den katolske kyrkja er det nest største kyrkjesamfunnet i Kviterussland, etter den ortodokse kyrkja. Mange av katolikkane er flittige kyrkjegjengarar.

Med forfølginga under Sovjettida i minnet, tolkar katolikkane svartelistinga av erkebiskopen sin som eit varsel om auka press mot kyrkja. Når det sitjande regimet kan straffe og audmjuke katolikkane sin øverste leiar på denne måten, kven er då trygg?

«Historia har lært folk i Kviterussland å vere forsiktige», sa Felix Corley, redaktør i Forum 18, til Dagen nyleg.

Når kyrkjeleiarar vel sine ord med omhu og heller oppmodar folk til å be enn kritisere presidenten, er det ikkje berre fordi dei ikkje vil blande seg i politikk. Det kan også vere fordi dei veit at kritikk straffar seg.

For erkebiskop Tadeusz Kondrusiewicz er straffa no at han er utestengd frå landet der han vart fødd. Då står det respekt av at kyrkja i ein uttale slår fast at alle medlemene, men først og fremst biskopane, har rett og plikt til ikkje å vere likegyldige til det som skjer i samfunnet.

Det står også respekt av at kviterussarane held fram med å demonstrere. Sist søndag demonstrerte titusenar. Tysdag kveld samla hundrevis av kvitkledde kvinner seg i Minsk for å protestere mot at fleire titals studentar var blitt arresterte tidlegare på dagen.

Regimet har ressursar til å halde ut lenge, og dei har Russland i ryggen. Opposisjonen, på si side, kjempar ein tung kamp med sentrale leiarar i fengsel eller eksil.

Difor var det eit viktige signal at Erna Solberg ønskte å møte opposisjonsleiaren Svetlana Tikhanovskaja, då statsministeren besøkte Litauen tidlegare denne veka. Fredag skulle Tikhanovskaja etter planen møte i Sikkerhetsrådet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Måtte ho få den støtten ho treng der, og måtte EU, OSSE og andre aktørar som no engasjerer seg, lukkast i å gi det kviterussiske folket konstruktiv støtte, slik at ein kan nå målet om å få avvikle frie og rettferdige val.

Dei treng å kjenne at dei ikkje er åleine no.