FORLET: «Ved å nytte omgrep som fundamentalist og mørkemann om seg sjølv, kjem ikkje Emil André Erstad heilt unna at dette også vil råke dei som framleis tilhøyrer miljøa han sjølv forlet», skriv Tarjei Gilje. På biletet ser vi Erstad til venstre saman med stortingsrepresentant Tore Storehaug.

Ikkje lenger mørkemann

Erstad får ros fordi han fortel ope og ærleg om sin veg ut av tilværet som mørkemann. Kva om historia hadde gått motsett veg?

«Eg levde stereotypen av kristenkonservativ mørkemann fullt ut». Det skreiv Emil André Erstad i ein gjestekommentar i Bergens Tidende i slutten av juli

Han fekk mykje positiv respons. Erstad er mellom anna tidlegare rådgjevar for Knut Arild Hareide og tidlegare leiar i KrFU. Han har også i ein kort periode vore journalist her i avisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Bergens Tidende fortalde han ope om korleis han som tenåring adopterte ei skråsikker tilnærming til det meste, ei tilnærming som han i dag tar avstand frå. «Den fundamentalistiske kristentrua hang i lenge», skreiv han.

I seg sjølv er det ikkje særleg oppsiktsvekkjande at ein vert meir moderat med åra. Dei fleste av oss opplever verda mindre svart-kvit etter kvart som vi får meir livsrøynsle.

Men dess meir radikal vi har vore i ungdomen, dess større kan kontrasten bli etter kvart som vi blir eldre. Slik sett er det ikkje så rart at Erstad etter korleis han skildrar seg sjølv, har hatt trong til oppgjer.

Teksten er interessant på fleire plan. Mykje av det konkrete innhaldet trur eg mange kan kjenne seg igjen i, også mellom dei som har høyrt, eller framleis høyrer til, i bedehusmiljøa Erstad har vore tilknytta.

Det har til tider vore for mykje snakk om alt som er synd, og ein har ikkje alltid klart å skilje mellom smått og stort. Når fleire også har stilt spørsmål ved teksten til Erstad, heng det truleg saman med ei større forteljing.

Og her er vi ved eit interessant trekk i tida. Erstad får ros fordi han fortel ope og ærleg om sin veg ut av tilværet som mørkemann. Kva om historia hadde gått motsett veg?

Kva om han hadde vakse opp med ein gjennomsnittleg norsk religiøsitet, og så i vaksen alder hadde opplevd ei personleg vekking som gav han eit nærare forhold til Gud, og eit sterkare ønskje om å følgje Guds ord?

Historia hadde ikkje vore mindre ærleg av den grunn. Men klangbotnen hadde nok vore ein annan. Og ved å nytte omgrep som fundamentalist og mørkemann om seg sjølv, kjem ikkje Erstad heilt unna at dette også vil råke dei som framleis tilhøyrer miljøa han sjølv forlet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har stor respekt for Emil André Erstad. Og eg har ingen trong til noko oppgjer med han. Einkvar fortener respekt for si eiga livsforteljing. Når eg skriv om han her, er det mest som ein illustrasjon på eit meir grunnleggjande poeng.

Den som vil fortelje om sin veg ut av radikal religiøsitet, vert lytta til. Det sterkaste dømet på det nett no er historiene frå den svenske bygda Knutby. Og det er rystande å høyre om hva som har føregått der.

Det skreiv eg om tidlegare denne veka. Men det er noko meir som har skjedd. Då eg var 16 år, var det å vere radikal kristen eit uttalt ideal. Radikalisering var ikkje noko farleg, snarare tvert imot.

Å vere radikal kristen innebar å likne meir på Meisteren sjølv. Radikal nestekjærleik, radikal teneste for Gud. Kristen radikalitet er naudsynt om ein vil leve ut Jesu befaling om å gjere alle folkeslag til læresveinar.

Difor vert mange, meg sjølv inkludert, engstelege når slik radikalitet frå tid til annan vert forsøkt kopla til den religiøse ekstremismen som fører til manipulasjon, vald og terror. Åtaka mot USA 11. september 2001 markerer eit viktig skilje.

Men å nytte «radikalisering» som fellesomgrep er i det heile problematisk når ein snakkar om ulike religiøse retningar på same tid. Visst kan ein finne valdspotensial også mellom kristne.

Det veit vi frå historia, og det ser vi nokre stader også i dag. Men Knutby er ikkje noko godt døme på kristen radikalisering. Og dei som driv med vald eller trakassering av seksuelle minoritetar, får ikkje noko støtte frå norske bedehusmiljø.

Kva er årsaka til at vi heller lyttar til historiene om vegen ut frå religiøse miljø enn om vegen inn? Eg veit ikkje. Til dels har nok kristne noko skuld sjølv. Og denne skulda vert ikkje mindre når ein heller ikke i etterkant er interessert i å rydde opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men eg kjem likevel ikkje bort frå at merksemda om slike historier også må forståast i lys av at menneske sjølve vil vere herre over eige liv og ikkje ha Gud som autoritet. Då er det lettare å ha Bibelens Gud som ein meir perifer figur i tilværet.

For den kristne kyrkja i Noreg trur eg det er viktig å vende meir merksemd mot trua si kjerne. Er Jesus Kristus Guds Son? Stod Kristus opp frå dei døde? Er Kristus vår Herre, og den som skal «døma levande og døde»?

Det kristne svaret har i 2.000 år vore ja. Med denne botnplanken vert det lettare å snakke ærleg om eigne feil, om smertelege røynsler og om menneskeleg svik.

Eg trur ikkje Erstad er usamd med meg i dette. Og poenget er altså ikkje å kritisere han eller teksten hans, men å spørje korleis vi kan bidra til ein god samtale om å oppretthalde ein levande tru på Gud og ei radikal etterfylging av Kristus også i vaksen alder.

Les også
Om skråsikkerhet og modning
Les også
Erstad og radikaliserte kristne miljøer