Biverknader

Det er trist dersom desse månadene med heimekontor og sosial distansering gjer oss meir nærsynte og mindre sosiale.

«Du skal heim. No.» Datoen var 12. mars. Direktøren i Dagen marsjerte inn på kontoret mitt og bad meg dra heim.

Regjeringa hadde nettopp forkynt for nasjonen at dei som hadde vore i utlandet måtte sitje 14 dagar i karantene. Sjølv hadde eg nettopp vore på Kypros. Eg kunne vere smitteberar og måtte isolerast. Direktøren gav ordren med eit smil. Eg pakka med meg datamaskina og køyrde lydig heim. Slik starta to og ein halv månad med heimekontor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korona-krisa er ein tragedie for alle som er blitt alvorleg sjuke, og alle som har mist nokon dei var glade i. Mykje har vore sagt om dette. I dag vil eg i staden skrive om biverknadene. Ikkje dei fysiske, men korleis pandemien har påverka relasjonane våre, fellesskapa og ansvarskjensla.

«Eg er uroleg for korleis korona-krisa påverkar oss som menneske når vi isolerer oss og unngår andre folk. Eg er redd vi skal bli endå meir individualistiske. At det skal svekke dei kristne fellesskapa», sa ein kyrkjeleiar frå Midtausten på slutten av eit telefonintervju nyleg.

Han hadde også raskt merka konsekvensane av stengde kyrkjer i Europa. For då kyrkjene vart koronastengde, tørka kyrkjeofringane inn. Dermed fekk samarbeidspartnarane i Europa mindre å rutte med og mindre å sende vidare til internflyktningar i Irak. Dette skjedde samtidig som behova til flyktningane var større enn på lenge, fordi mange streva med å brødfø familiane sine då også Irak vart koronastengt.

Åtvaringa om at dette merkelege koronalivet kan gjere oss endå meir individualistiske er truleg heilt på sin plass. Det er trist dersom desse månadene med heimekontor og sosial distansering gjer oss meir nærsynte og mindre sosiale. Trist dersom vi i større grad føler vi har nok med vårt eige. Og ille dersom det må ein kollekttale i ei kyrkje til for at vi skal respondere på nauda i verda.

«Éin ting var bra med at Europa stengde kyrkjene», sa kyrkjeleiaren. «Kanskje gjorde det at europeiske kristne, i alle fall for ei lita stund, lettare kunne identifisere seg med kristne som opplever forfølging.»

I hans eige land veit dei kristne alt om korleis det kjennest når kykjene blir utilgjengelege. I Mosul er det framleis ikkje trygt å oppsøkje dei eldgamle kyrkjene. På Ninivesletta var kyrkjene i fleire år ubrukelege etter at IS hadde vandalisert dei. Og for dei stadig fleire konvertittane vil det alltid vere fare forbunde med å nærme seg ei kyrkje.

Så skulle ein kanskje tru at folk sto i kø då kyrkjer og bedehus gjenopna i Noreg. Slik vart det ikkje nødvendigvis.

«Eg fryktar at vi på nokre få veker har lagt oss til ein individuell livsstil, der mange finn ut at dei klarer seg rimeleg godt utan eit større fellesskap», sa Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet, då ti misjonsleiarar oppsummerte koronavåren i Dagen nyleg. Også han var uroleg for auka individualisme som biverknad av koronaen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At det ikkje var kø då kyrkjene gjenopna, kan ha mange forklaringar. Nokre var truleg framleis redde for smitte. Gjenopninga kom dessutan på ei årstid då mange reiser vekk i helgane. Kanskje blir det annleis til hausten. La oss håpe det. For er det noko vi kan lære frå den forfølgde kyrkja, er det at dei kristne fellesskapa er livsviktige i krisetider.

Det kom også positive biverknader av koronavåren. For meg sjølv vart heimekontoret ein kjærkomen pause i pendlinga til og frå jobb. Plutseleg hadde eg to timar meir disponibelt. Faktisk var det også godt med avtalane som måtte avlysast. Det kom ei ny ro over kvardagen.

Men ganske snart dukka det også opp sakn etter barn, barnebarn og gamle foreldre. Etter vener og fellesskap. Det er ikkje det same å ha bibelgruppe på videokonferanse. Og salmesang framfor ein dataskjerm blir stusseleg, samanlikna med sanggleda i kyrkja mi når organisten dreg i gang.

I spalten «Koronatanker» har Dagen dei siste vekene snakka med utvalde personar om opplevingane deira i møte med koronakrisa og kva dei tenkjer om framtida. «Når tempoet slakker, ser man hva det er som virkelig betyr noe og hva vi ikke trenger», sa KRIK-leiar Silje Kvamme Bjørndal sist måndag.

Kommentator i Aftenposten, Harald Stanghelle, hadde på si side lite tru på endring etter koronakrisa.

«Eg er usikker på om den har fått oss til å tenkje så mykje over måten vi lever på. Eg trur på eit vis at vi har plassert den på hylla for unntak», sa han. Så vil det vere opp til kvar enkelt om ein held fram som før, eller justerer kursen.

Våren 2020 gav oss uansett eit høve til å tenkje oss om. Pandemien kom med frykt, sjukdom, einsemd og økonomisk krise for mange. Men unntakstilstanden minna oss også om kva som er viktig i livet.