Kan vi ikkje berre vere snille?

Sjølvsagt har vi visst at det er rasisme i Noreg, men at det er så massivt er rystande.

Det var heile Noregs treningsekspert, Yngvar Andersen, som stilte spørsmålet på Facebook denne veka. Drapet på den svarte amerikanaren George Floyd vekte minner om alle gongane han sjølv hadde møtt rasisme. Minner han hadde lagt lokk på, kom til overflata, då Andersen høyrde eit opptak av den 8 minutt og 46 sekund lange dødskampen til Floyd.

Yngvar Andersen fortel at han gjekk rundt i hagen sin og gret i timesvis. Så sette han seg ned og skreiv om sine eigne møter med rasisme. Om korleis han vart kalla svarting, neger og apekatt første gong då han var 13 år. Om korleis han føler at noko døyr inni han når folk uendeleg mange gonger har sagt «du er grei du, men alle desse andre...».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Andersen var rysta heilt inn i «marg, bein, musklar og ledd» over kulden politimennene viste då George Floyd vart drepen. Oppgitt siterer han ein tekst han har sett på Instagram: «Kan ikkje alle berre vere snille med kvarandre?» I eit intervju på NRKs Dagsrevyen vedgjekk han at oppmodinga om å vere snille kanskje er naivt. «Men finst det eigentleg noko alternativ?» spør han.

Ja, kanskje er det naivt. Eller kanskje treff treningseksperten endå ein gong blink. Kanskje er det dette det kokar ned til, når alt kjem til alt: Å vere snille med kvarandre.

Eller for å sitere kjærleiksbodet i Bibelen: Å elske nesten sin som seg sjølv. Det er dét som er oppdraget. At millionar dei siste vekene har demonstrert mot rasisme over heile kloden, når folk burde isolert seg og halde korona-distanse, er eit desperat uttrykk at det er nok no. For alle menneske fortenar å bli møtte med anstendigheit og respekt, med rettferd og nåde. Ikkje med hat, hets og mistenksomheit.

Det er djupt opprørande å vere vitne til politivald i USA. Men nesten like sjokkerande har det vore å høyre alle forteljingane om den norske rasismen.

TV2s nyheits- og sportsanker Siri Nilminie Avlesen-Østli fekk høyre at ho stal jobben frå «ordentlege» nordmenn då ho vart tilsett i TV2. Kommentarfeltet måtte stengjast på grunn av hets.

Bergens Tidendes gjestekommentator Irene Kinunda fortel om ein kvardag der politiet stadig ber henne vise legitimasjon.

Då Tertnespelaren Daniel Getaneh Hatland spela kamp mot Brann og hadde innkast, laga Brann-tilhengarar apelydar.

Varaordføraren i Oslo, Kamzy Gunaratnam, fortel at ho hata hudfargen sin etter at ho som barn blei banka opp på skulevegen av gutar som ville fjerne fargen hennar. Som vaksen får ho høyre at ho ikkje er norsk nok til å leie 17. mai-komiteen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange fleire døme kunne vore nemnde. Nesten alle som ikkje har bleik hud og opplagt norsk-klingande namn har opplevd det. Ein etter ein har nordmenn med litt mørkare hudfarge fortalt historiene sine, i det som framstår som ein rasismevariant av #metoo. Mekanismane er ganske så like. Det handlar om å audmjuke, spreie frykt, skremme folk til å teie og vise i ord og handling at nokre menneske er mindre verd. Sjølvsagt har vi visst at det er rasisme i Noreg, men at det er så massivt er rystande. Dei rasistiske handlingane spenner frå grove overgrep til det subtile, nærast usynlege.

Samanlikna med mange andre land, USA inkludert, er det mindre rasisme i Noreg. Vi kan likevel ikkje lulle oss inn i ei førestilling om at det er eit marginalt problem. Det er ikkje fordi dei ikkje bryr seg, at tusenvis trassar smitteråda og strøymer ut i norske gater for å demonstrere. Det er nettopp fordi dei bryr seg. Fordi så mange har opplevd rasisme på kroppen. Fordi dette er ei sak med ei veldig kraft. George Floyds dødskamp viser at det i ytterste konsekvens handlar om liv og død.

Det er ein lang veg frå politimannen som ignorerer Floyds rop om luft til norsk kvardagsrasisme. Noko blir gjort med overlegg, noko av dumskap og vankunne. Få av oss går heilt fri. Difor må vi starte kampen mot rasisme med å granske våre eigne haldningar og handlingar.

Det neste må vere å ta eit oppgjer med rota til rasismen. Kvar kjem han frå? Ingen barn blir fødde som rasistar. Haldningar og verdiar er noko ein lærer. Som foreldre må vi gå i oss sjølve. Kva haldningar er det vi formidlar i samtalen over middagsbordet? Kva bodskap blir dei unge innpoda gjennom populærkulturen? Og korleis kan vi betre lære barna våre empati, både heime og på skulen? Korleis gjer vi dei tøffe nok til å stå opp for dei som blir plaga?

Kampen mot rasisme må kjempast med største alvor i heile samfunnet. Kyrkja er ikkje noko unntak. I den kristne bodskapen ligg verdas beste vaksine mot rasisme. «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus», les vi i Galaterbrevet.

Det er slik det skal vere. Men slik er det ikkje enno. Også i kyrkja har vi ein veg å gå.

Les også
Nå trenger USA en dame
Les også
Solberg ut mot rasisme i politiet
Les også
Støre om kamp mot statuer i Oslo: – Det er primitivt