Arbeidere desinfiserer gatene for å forhindre korona-smitte i byen Qamishli i Syria. Foto: Baderkhan Ahmad, AP/NTB scanpix

Kan Syria lære oss noko om håp?

Krisa rammar Noreg hardt. Ho kjem til å ramme Syria endå hardare.

Korona-krisa ramma Noreg omtrent samtidig som ­Syria gjekk inn i det tiande krigsåret. I skrivande stund er 16 nordmenn døde. Tusenvis er blitt permitterte. Sjølvstendig­ ­næringsdrivande fryktar konkurs. Gamle og funksjons­hemma sit inderleg einsame i sjukeheimar og bufellesskap, utan å kunne få besøk. Sårbare barn er isolerte i heimar der dei ikkje har det godt.

Krisa rammar Noreg hardt. Ho kjem til å ramme Syria endå hardare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter ni år med krig er 6,6 millionar syrarar flyktningar i eige land. Fem millionar har flykta ut av landet. Helsevesenet ligg med broten rygg, og dei internasjonale sanksjonane har skapt ein kritisk mangel på utstyr og medisin.

Det kjem til å bli stygt når korona-epidemien festar grepet i Moria-leiren i Hellas, i dei enorme flyktningleirane i Tyrkia og blant dei lutfattige syrarane som lever på gata i Beirut. Dei kan ikkje ha heimekarantene i dei overfylte telta i Moria. Der er ingen mat å hamstre.

Difor må verda lytte, når FN og humanitære organisasjonar­ no slår alarm på vegner av verdas fattige. «Heile menneskeætta er truga, og heile menneskeætta må kjempe imot», sa FNs generalsekretær António Guterres denne veka.

Samtidig som vi står midt i vår eigen kamp mot viruset, må vi klare å løfte hovudet og hjelpe dei som har det endå verre. Kanskje vil vi då erfare at hjelpa ikkje berre går éin veg. For er det noko dei veit, i Syria, i Irak og i alle dei fattige landa som no prøvar å førebu seg til koronakrisa, er det at krig og kriser rammar, igjen og igjen.

Dét hadde kanskje mange av oss nordmenn fortrengt. Sjølvsagt visste vi at folk kan døy av kreft. At skred kan feie bilar av vegen, og båtar kan forlise i uvér. Men dei verkeleg store krisene, som lammar heile samfunnet, slik som krigen og spanskesykja, det trudde nok mange av oss at vi var ferdige med.

I vårt vesle hjørne nord i verda har vi lent oss mot vitskapen, teknologien og velferdsstaten. Kanskje kjende vi oss usårlege. Kanskje rekna vi med at rikdommen berre skulle halde fram å vekse. At konjukturane alltid ville peike vår veg. Må Gud sjå i nåde til oss i vårt hovmod.

Dei levde gode liv i landsbyane på Ninivesletta i Irak også. I løpet av timar miste dei alt, då IS angreip i 2014. Plutseleg sat dei med framstrekte hender på fortaua i Kurdistan og bad om hjelp. For den enkelte var fallet for stort til å fatte. Men som kollektiv hadde dei opplevd slike kriser før. Dei trong ikkje gå langt bak i historia. Dei visste også kvar dei kunne hente håp, når livet raknar.

På reportasjereiser i Syria, Irak og nabolanda har eg ofte site djupt rysta når folk er ferdige med å dele historiene sine. «Korleis held de ut?» spør eg. «Kvar finn de krefter til å halde fram?» Først spurde eg på rein refleks. Seinare spurde eg meir systematisk. Nesten alle peikar på trua si som ei kjelde til håp og kraft når livet rakna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei hadde ikkje trengt å gjere seg meir fromme og kriste­lege enn dei var. Eg hadde ingen prestar på slep når eg intervjua­ dei. Eg kom som ein ukjend journalist som ville rapportere­ om krisa som ramma dei kristne i Midtausten. Like fullt peika­ kvinneforkjemparar og politikarar, så vel som nonner og husmødre på trua. Det vart eit kraftfullt vitnesbyrd om slite­styrken i det kristne håpet.

Dette håpet er ikkje tufta på luftige ønskjer om hell og lykke. Det kristne håpet kviler fjellstøtt på at Jesus døde og sto opp att. Slik opna han vegen til himmelen for kvar den som trur. Og slik veit vi at uansett kva elendigheit vi står i, er det ikkje dét som er slutten, for det ventar ein himmel der framme.

Det kristne håpet handlar dessutan om at Gud er hos oss her og no. Håpet ligg i den sigrande Gud, og i Gud som lir med oss. Dei historiske kyrjene i Midtausten har sanneleg opplevd forfølging, liding og tap gjennom århundra, men dei er samtidig trygge på at dei tener ein Herre som veit kva dei går gjennom.

«For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lide med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi», står det i Bibelen i Hebrearane 4.

Håpet ligg også i Guds ord, i bøna og i at vi kan strekke ut ei hand og gje håp til kvarandre. Medan Gud er usynleg til stades, er kyrkja hans hender og føter på jorda.

Slik går hjelpa begge veger: Medan vi deler av vår rikdom­ for å hjelpe Syria og andre land som må kjempe mot ­koronakrisa på toppen av mange andre kriser, minner kyrkjene­ i desse ­landa oss om at den beste forma for krisehandtering er å legge livet i Guds hender.