Fleire viste sin solidaritet med helsearbeidere ved å gå ut på sine balkonger og klappe. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Kor e' alle heltar hen?

«Fortell meg hvor jeg skal møte opp, så kommer jeg», skreiv sjukepleiaren. For denne setninga vart ho løfta fram som ein helt då statsminister Erna Solberg tala til nasjonen.

Spørsmålet vart stilt av Jan Eggum i hans legendariske vise frå 1993. I desse dagar er det ikkje vanskeleg å få auge på heltane: Både dei som står i fremste linje for å lose oss gjennom korona-krisa, og dei som kjempar for å takle ein kvardag som er blitt endå meir strevsam enn vanleg.

Dei fortente verkeleg applausen, då det tysdag vart klappa for helsepersonell over heile landet. Det heile skal ha byrja i Italia sist veke, der folk gjekk ut på balkongane og song sin hyllest til helsevesenet. Her heime vart det oppmoda til «klappe-arrangement» på Facebook.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var ein fin gest. Både fordi vi treng å kalle fram smilet i denne alvorlege tida, og fordi alle som arbeider i helsevesenet skal vite at dei har folkets støtte. Dei har store utfordringar framfor seg. Dei går på jobb for oss alle.

Sjukepleiaren Jannike Amalie Sveinsdatter Arnesen skriv i eit innlegg i VG at heiaropa i sosiale medier varmar. Ho vedgår at det kjennest som om ho skal i krigen. «Fortell meg hvor jeg skal møte opp, så kommer jeg», skreiv ho.

For denne setninga fekk ho ros då statsminister Erna Solberg tala til nasjonen onsdag kveld. Sjukepleiaren frå Sørlandet vart løfta fram som ein helt. Eit døme på innsatsvilje og mot. Ho er ikkje den einaste helten. Hundrevis av helseutdanna melder seg til teneste, ifølgje NRK.

Det er mange som gjer ein ekstraordinær innsats for å halde hjula i gang, i desse vekene då så mange av oss sit i karantene eller arbeider frå heimekontoret. Sjåførane på buss og bane, til dømes, som har stengt den fremste inngangsdøra for å verne seg sjølve, men som trufast skyssar passasjerane dit dei skal.

Og reinhaldsarbeidarane, søppeltømmarane og dei som gjer sitt ytterste for at vi andre skal ha vatn i kranen, straum i stikkontakta og internett som fungerer. For ikkje å gløyme lærarane. Mange av dei er heime med eigne barn, samtidig som dei driv nettundervisning av barna til oss andre. Vi kunne nemnt mange fleire.

Så må vi håpe at ingen heretter vil snakke nedsetjande om å jobbe i kassa på Rema. For dei tilsette i daglegvarehandelen er så definitivt blant korona-heltane. Dei har takla panikk-hamstrande kundar, fyller nye varer i hyllene og tek plass i kassa for at folket skal få mat. Måtte ingen ta lett på hygieneråda i butikken no om dagen.

Ja, sjølv politikarane vart møtte med ny respekt då regjeringa og opposisjonen la kiving og strid til sides og stilte seg samla bak ein krisepakke for næringslivet. Statsministeren framsto som ei mor for landet i talen onsdag kveld. Ho trøysta og oppmuntra og minna om kva kvalitetar samfunnet vårt byggjer på. Ikkje minst at Noreg er eit land der folk har tillit til kvarandre. «Og husk at dette er ikke tiden for «jeg». Dette er tiden for «vi», sa Solberg.

Tradisjonelt har det norske folket også hatt eit anna kjenneteikn, som Dagfinn Høybråten, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, minner oss om: At vi ikkje er oss sjølve nok. At vi maktar å løfte blikket og sjå menneske som slit rundt oss, både i vårt nære nabolag og mykje lenger unna. Høybråten er ein av mange bistandsleiarar som ropar varsko om korona-konsekvensar i flyktningleirar og fattige land. Blant alle som slåss mot koronaviruset, er det der vi finn nokre av dei største heltane. Måtte dei sleppe å bli ståande åleine.