Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Klimakrisa rykker nærare

Altfor mange av oss godt vaksne har altfor lenge halde klimarealitetane på ein armlengdes avstand.

Vi er vane med vér på Vestlandet. Mykje vér. Men vi blir aldri vane med at plutseleg styrtregn lagar flaum som trugar folk og heimar, som i Jølster i sommar. Eller at uvéret isolerer bygder, slik det skjedde i Fresvik i Sogn i jula.

2. januar stengde endå ein orkan Måløybrua. Litt lenger nord hoppa ordføraren i Rauma i fjorden for å markere varmerekord, berre for å sjå seg slått av Sunndalsøra som målte heile 19 grader.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Same dag laga mildvéret kaos i Beiarn i Nord-Noreg. Den vesle bygda sør for Bodø vart delt i to av ei iselv, då det vart vårløysing midt på svarte vinteren. På den greske ferieøya Kreta, derimot, var det snø.

Vi hadde knapt fått tid til å tenkje at noko må vere raspande gale med véret, før klimaforskarar på Dagsrevyen stadfesta det vi har høyrt så mange gonger før: Klimaet endrar seg. Årsaka er global oppvarming.

Vi kan berre belage oss på milde vintrar først som sist. Vinteren i Noreg er blitt opp til ein månad kortare. Vil vi gjenoppleve barndommens skiturar i djup puddersnø, må vi dra langt til fjells.

Visst lagar klimaendringane drama her heime, men likevel har vi vore skåna samanlikna med andre land. Rett før årsskiftet publiserte den britiske bistandsorganisasjonen Christian Aid ein rapport som dokumenterer korleis klimaendringane var årsak til naturkatastrofar som kosta milliardar av kroner og tok livet av tusenvis av menneske.

Christian Aid peikar på 15 katastrofar som kosta meir enn 9 milliardar kroner kvar. Sju av desse katastrofane kosta kvar meir enn 80 milliardar. Dette gjaldt blant anna orkanen Dorian i USA og flaumar i India og Kina. Rapporten viser kor dyrt det kan bli framover, dersom vi let vere å ta klimakrisa på alvor.

Samtidig som rapporten konsentrerer seg om dei økonomiske kostnadene ved klimakrisa, understrekar Christian Aid at dei menneskelege kostnadene ved klimaendringane i mange utviklingsland er større enn dei økonomiske. Verdas Helseorganisasjon har for lengst slått alarm om at talet på menneske som svelt aukar igjen, fordi endringar i klimaet øydelegg produksjonen av kveite, ris og mais i fattige land.

Slik rammar klimakrisa ofte hardast dei menneska som frå før var dei mest sårbare. Dette er ein av fleire grunnar til at det er naturleg for den kristne kyrkja å engasjere seg i klimasaka. Forsvarleg forvalting av skaparverket blei gitt oss som oppdrag frå Gud Fader frå første stund. Diakoni og omsorg for dei svake, har vore kyrkja sin ryggmargsrefleks heilt frå starten.

Til dei som er redde for at kyrkjeleg miljøengasjement skal fortrenge ordet om korset og frelsa, må svaret vere at nettopp fordi vi er så høgt elska av Gud, at han gav son sin for å frelse oss, skuldar vi å elske vår neste. Difor er det djupt kristeleg å engasjere seg når flaum, tørke og svolt trugar menneske på livet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Britiske Christian Aid lagar ikkje berre rapportar om klimakostnader, dei gir også råd til britiske kyrkjer om korleis dei kan be og støtte klimastreikande ungdom. «Takk for dei unge klimademonstrantane. Vi foraktar ikkje deira ungdom, men ser på dei som eit føredøme», heiter det i ei av bønene.

Også statsminister Erna Solberg løfta fram ungdommens uro for klimaet, då ho med stort alvor snakka om klimakrisa i nyttårstalen sin. Dei uroar seg med rette, sa ho og slo fast at vi i dag veit nok til å seie at menneskeskapte klimaendringar er farlege.

Statsministeren tok utgangspunkt i nyttårsbarna som blir fødde rundt omkring på kloden. Kor lite dei veit om verda dei er fødde inn i. «Ei nybakt mor i Malawi og klimaengasjert norsk ungdom har ulike draumar for framtida. Men også mykje felles. Dei drøymer om fridom og tryggleik. Om å få bruke evnene sine i utdanning og arbeid. Om eit reint miljø og eit trygt klima», sa statsministeren.

Altfor mange av oss godt vaksne har altfor lenge halde klimarealitetane på ein armlengdes avstand. Vi har fortrengt konsekvensane og tenkt at det ligg så langt fram i tid at vi ikkje blir berørt. Difor har vi heller ikkje sett nokon grunn til å endre forbruk og livsførsel. Den slags tankegang nyttar ikkje når vi rundar 2020.

Når vi lyfter blikket frå nyttårstilboda på billege feriereiser, vil vi sjå at om klimaendringane kanskje ikkje rammar oss sjølve, vil dei truleg ramme barna og barnebarna våre med full kraft. Alt no rammar dei millionar av menneske over heile kloden. Difor blir 2020-talet tiåret då vi blir tvingande nøydde til å ta grep, av omsyn til dei som kjem etter oss.