Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Dei fattige barna i Noreg

Kanskje bør det sosiale engasjementet også løftast endå høgare opp i kyrkjene og forsamlingane våre.

Alt er ikkje like idyllisk som det ser ut til. Heller ikkje i Vennesla, denne trivelege bygda midt i tjukkaste bibelbeltet. Det var først då den pensjonerte læraren Arne Førde byrja å dele ut gratis mat til sambygdingane, at han skjøna kor ­mange som levde i skjult naud rundt han.

Arne Førde er ein av dei frivillege i Frimat, Vennesla frikyrkje sit tilbod om gratis mat til trengjande. Nyleg fortalde han til Dagen korleis dei kvar veke delar ut matposar til 150 menneske i bygda. Mange av dei som treng hjelp, har annan kulturell bakgrunn, men slett ikkje alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vart ei aha-opp­leving for Førde. Den norske fattigdomen er ikkje nødvendigvis synleg. Folk som har lite å rutte med, prøvar gjerne å skjule det, for å bevare si eiga verdigheit. Likevel kan det vere svært velkome, når nokon strekkjer ut ei hand.

Til eit visst punkt er velstand og fattigdom relativt. Det kjem an på kven du samanliknar deg med. For to veker ­sidan besøkte eg ein syrisk flyktningfamilie i Libanon. Dei var rystande fattige, etter alle standardar. Mor, far og ei tolv år gammal dotter levde i eit skur på 3x3 meter. Dei sov på ­golvet. Ofte mangla dei mat. Samanlikna med desse, er det ikkje mange verkeleg fattige i Noreg.

Men dei finst. Nokre av dei bur på gata i dei største byane våre. Andre har tak over hovudet, på norske asylmottak, men fordi dei tilhøyrer gruppa ureturnerbare asylsøkjarar, har dei svært lite å rutte med. Mange av dei har ikke råd til å ete anna enn ris og pasta, fortalde Arne Viste i eit intervju med Dagen i etterkant av rettssaka om ureturnerbare asylsøkjarar sin rett til å arbeide.

At det finst menneske som svelt i Noreg i 2019 blir også ­dokumentert i ein rapport om barnefattigdom som er utarbeidd av Kirkens Bymisjon og Respons Analyse, og som vart publisert denne veka.

Kirkens Bymisjon meiner det er ein myte at ingen barn i Noreg går svoltne til sengs. Dei blir provosert av utsagn om at barnefattigdom her til lands ikkje handlar om mat og kle, men meir om ikkje å kunne delta i fritidsaktivitetar på lik linje med andre barn.

I rapporten «Snakk om fattigdom» dokumenterer dei at norsk fattigdom kan vere meir alvorleg enn som så. Ein ­overraskande høg del av ungdommane som deltok i under­søkinga som rapporten byggjer på, fortel at dei ofte hoppa over måltid.

Dei hadde rett og slett ikkje råd til mat. Ei jente frå Namsos fortel at mora sende med henne samanrulla matpapir, så det skulle sjå ut som om ho hadde matpakke. Det set diskusjonen om gratis skulemat for alle i eit nytt lys. Andre fortel at dei ikkje hadde kle som var varme nok.

Talet på barn som veks opp i det som blir kalt låginntektsfamiliar, er blitt tredobla i Noreg dei siste 20 åra, ifølgje ­Statistisk sentralbyrå. Over 100.000 barn veks opp i fattige familiar. Fleire åleineforsørgarar og innvandrarar med lågare arbeidsdeltaking blir nemnt som forklaringar. Foreldre med fysisk eller psykisk sjukdom slit dessutan med å klare seg på låge sosialhjelpssatsar. Dessutan utgjer barnetrygda ein ­mindre del av inntekta enn tidlegare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bodskapen frå Kirkens Bymisjon er at vi må erkjenne at verkelege fattige finst. Også i Noreg. Dei kritiserer regjeringa for å bruke mykje pengar på symptomlinding, men for lite på å førebyggje fattigdom blant barn og unge.

Kirkens Bymisjon fortenar stor ros for den diakonale innsatsen dei gjer blant menneske som slit. Det same gjeld organisasjonar som Blå Kors, Evangeliesenteret og Frelsesarmeen. Men kanskje bør det sosiale engasjementet også løftast endå høgare opp i kyrkjene og forsamlingane våre. Diakoni har alltid vore ein naturleg del av den kristne kyrkja, men i det norske velferdssamfunnet har behovet for kyrkjeleg innsats for fattige minka.

Røynslene frå frikyrkja i Vennesla og rapporten til ­Kirkens Bymisjon, viser at behovet slett ikkje er borte. Tvert imot aukar det. Kirkens Bymisjon har byrja å servere varme måltid i fritidsaktivitetar for barn. Fordi det er nødvendig. ­

Erfaringane frå Vennesla viste dessutan at auka satsing på ­lokal diakoni set kyrkja i kontakt med menneske som elles er vanskelege å nå. På sikt kan nokre av dei kanskje få frimod til å kome til kyrkja også når dei ikkje skal hente matposar. Slik blir det kyrkjelege fellesskapet rikare, for det var aldri tanken at kyrkjefamilien berre skulle bestå av perfekte folk.

Å få bukt med barnefattigdomen er likevel først og fremst eit politisk ansvar. Vi kan ikkje akseptere at talet på fattige barn aukar. For dette handlar ikkje om tal som vi kan ­distansere oss frå. Det handlar til sjuande sist om Nidal frå Oslo som må teipe vinterskoa, fordi familien ikkje har råd til nye.

Og om Petter frå Skien som sit åleine i kantina, for at klassekameratane ikkje skal oppdage at han ikkje har mat. Vi har eit ­felles ansvar for at barn som dei får heilt grunnleggande ­behov dekka.

Les også
Overrasket over mangel på mat i «kristen» bygd på Sørlandet
Les også
Undersøkelse: 8 av 10 mener det ikke gjøres nok i kampen mot fattigdom