Syndsvedkjenning til planter?

Det vekte ei viss oppsikt då ei gruppe amerikanske teologistudentar sist veke sanna syndene sine framfor eit utval planter.

Plantene var tekne inn i kapellet ved tradisjonsrike Union Theological Seminary i New York. «Saman heldt vi smerta, gleda, angeren, håpet, skulda og sorga vår fram i bøn og retta dette mot skapningane som opprettheld oss, men som gir oss gåver vi altfor ofte ikkje ærar. Kva vedkjenner du til plantene i livet ditt?» heitte det på Twitter-kontoen til den tradisjonsrike utdanningsinstitusjonen på Manhattan.

I utgangspunktet kan hendinga verke fjern for Dagen-lesarar. Det er eit hav mellom oss og Union­ Theological Seminary, både i bokstaveleg og ­biletleg forstand. Samstundes illustrerer hendinga ei ­spenning som er høgst aktuell også her til lands. Korleis kjem vi til rette med balansen mellom å ta vare på det skapte - utan å dyrke skapningen? Det første er noko vi vert pålagde i Bibelen, det andre er noko Bibelen åtvarar oss sterkt imot.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Naturen er vår gud», sa ein aviskommentator i ein podkast for litt sidan. Utsegna var meint å oppsummere kva det ungdommelege klimaopprøret er uttrykk for. Trua på ein personleg Gud er blitt sterkt svekt i Europa dei siste tiåra, og trenden er særleg tydeleg mellom dei unge aldersgruppene. I USA står gudstrua framleis langt sterkare, men ein aukande del identifiserer seg ikkje med nokon bestemt religion. No gjeld dette nesten ein firedel, ifølgje CNN. Denne gruppa er dermed like stor som evangelikale kristne og katolikkar.

«You’ve got to serve somebody», song Bob Dylan­ på den kristne plata «Slow Train Coming» som han gav ut for 40 år sidan. Mennesket må tilbe og bøye seg for noko. At menneske ikkje identifiserer seg med ein bestemt religion, betyr ikkje nødvendigvis­ at dei er ateistar. Men dei er tilbøyelege til å ­byggje eit livssyn på meir individuelle preferansar enn eit felles og forpliktande læregrunnlag. På eitt ­eller anna vis vil mennesket vere religiøst. Eit av ­problema ved liberalteologien er nettopp at guds­biletet vert diffust og flytande at det skapte i praksis kan ende opp med å ta Guds plass. Gud kan verte eit produkt av våre eigne tankar og kjensler, eller vere ei kraft som vi finn i naturen. Då har vi gått bort frå ei bibelsk gudsforståing.

På den andre sida står vi overfor eit massivt trykk frå eit sekularisert og marknadsstyrt syn på det skapte. Det som gir det verdi, er at det kan vere til nytte for meg. Mest mogeleg forbruk vert det ­viktige, ikkje best mogeleg forvaltning. Men også dette er å dyrke det skapte og ikkje Skaparen. Vi ­søkjer gåvene i staden for Givaren.

Materialismen i si vulgære form er ikkje berre øydeleggjande for fattige i dag og generasjonane som skal kome etter oss. Han vitnar også om ei ­grådig innstilling til livet som ikkje samsvarar med å leve i nøysemd og gudsfrykt, som apostelen ­Paulus kallar ei stor vinning.

Å ta planter inn i kapellet for å be dei om ­orsaking, framstår som ei lite fruktbar løysing. Det er ei feilslutning som vitnar om eit sekularisert syn på teologi. Samstundes har vi alle godt av å spørje oss om vi forvaltar det skapte i takksemd og gudsfrykt - og i kjærleik til medmenneska våre, både dei som lever no og dei som skal kome. Då kan vi heller ikkje øydeleggje planteriket som vi alle lever av.

Les også
KrF-kamp mot å bli et «bibelbelteparti»
Les også
Hvorfor er evangeliske kristne så klimatrege?
Les også
Kombinerer trosforsvar med poesi