Bildet er fra partilederdebatten på NRK fredag kveld. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Dei leiarane vi fortener

I dag er det valdag. Alle myndige nordmenn har rett til å påverke kven som skal styre oss dei neste fire åra. Det er eit stort privilegium. Det er også eit stort ansvar.

Til tider kan dei fleste av oss verte freista til å snakke negativt om politikarar. Det er lett å påstå at dei manglar kompetanse og kontakt med folk flest, og at dei er mest opptekne av sin eigen person og posisjon.

Slike skuldingar bør vi vere varsame med. Demokrati betyr som kjent folkestyre. Vi avgjer sjølve kven som skal ha makta. Er det noko gale med politikarane, reflekterer dette at det er noko gale i folket. Vert landet styrt dårleg, er det djupast sett vi sjølve som har skulda. Så enkelt og så vanskeleg er det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men sjølv om alle har si røyst, er det stor skilnad på kor mykje påverknad den einskilde av oss har. Nokre har personlege, økonomiske og sosiale ressursar som gjer at dei lettare når fram med det dei har på hjartet. Dei som er sterkast, får mest gjennomslag - også i eit demokrati.

Dette er ei påminning til oss alle om ansvaret for dei som er svake. Nokre er ikkje i stand til å fremje si eiga sak. Då er det desto viktigare at vi som har høve til det, tek omsyn og hevdar retten til dei som elles lett vert neglisjerte. Kvaliteten på eit samfunn kjem til uttrykk i korleis det tek seg av og gir rom for dei fattige, forkomne og verjelause. Det gjeld ikkje minst dei eldre og sjuke, borna og dei som enno ikkje er fødde.

Denne gongen skal vi velje politikarar på kommune- og fylkesnivå. Ein kan tenkje at det er mindre som står på spel. Vi opplever gjerne at det er i rikspolitikken dei store avgjerdene vert tekne. Men verdien av god styring på lokalplanet skal vi ikkje undervurdere. Det nærmar seg 200 år sidan det lokale folkestyret fekk ein fast struktur i Noreg.

Det skjedde med formannsskapslovene i 1837. Dette var ei utvikling med utgangspunkt i Grunnlova av 1814 som vi har grunn til å sjå stort på. Påverknaden til folk flest vart større. Seinare har dette vorte utvikla vidare med utvida røysterett. Faktisk er det i år 100 år sidan røysteretten verkeleg vart allmenn. Først i 1919 fekk menneske på fattighjelp rett til å røyste.

Lokaldemokratiet er noko av det finaste med folkestyret. Samstundes er det utfordrande. Det krev klart hovud, varmt hjarte og sterk rygg å ta kloke og langsikte avgjerder for kommune og fylke. Dagleg skal ein møte menneske som vert påverka på arbeidsplassen, på butikken og i frivillige organisasjonar. Menneske som er villige til å ta på seg dette ansvaret, fortener respekt. Eventuell kritikk bør vere konstruktiv.

Eit av dei største trugsmåla mot folkestyret er at vi tek det for gitt og vert likesæle. Då misbrukar vi fort sjansen til å påverke utviklinga i landet vårt. Vi gir også større rom for krefter som vil trekkje utviklinga i ei dårleg retning. Det er uheldig for oss sjølve, for medborgarane våre og for komande generasjonar.

Vi kan verte svulstige når folkestyret er tema. Men vi treng likevel å verte minte om at ingen land er immune mot vanstyre. Dette understrekar privilegiet og ansvaret vi har i dag.