SMELTAR: Også i den norske lokalvalkampen blir klima og miljø møtt med større alvor enn før. At breane minkar er eitt av teikna på at klimaet er i ulage. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix

Når blå is blir raud varsellampe

Heretter blir det vanskeleg for partia å nå yngre veljarar, dersom dei ikkje har truverdige svar på vår tids store miljøutfordringar.

Ei veke før valet er minst éin ting klart. Klima og miljø er blitt ei sak partia ikkje kan ta lett på.

Eg var på veg frå Nordfjord til Bergen nyleg då eg fekk klimaendringane rett i fleisen. På radioen snakka ein forskar om brear som smeltar i rekordfart. Han fortalde at det er lite snø i fjellet. At snøen på breane mange stader alt er vekk, og at blåisen er synleg uvanleg tidleg i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I det eg nærma meg Byrkjelo, ei bygd som har markert seg med fjordhestar og friidrett, såg eg klimaendringane med eigne auge. Høgt der oppe kneisa Myklebustbreen, slik han alltid har gjort. Men han var ikkje kvit. Han var blå.

Det er eit urovekkande teikn. For når blåisen kjem fram, går bresmeltinga raskare. Til tidlegare snøen forsvinn, til meir smeltar breen. Alt no veit forskarane at 2019 blir eit år der breane minkar. Kor mykje veit dei ikkje før lenger utpå hausten.

«Når fjordene blåner som markens fiol, og breene glitrer i spillende sol», heiter det i ein kjend og særdeles nasjonalromantisk song. Det er vakkert i fjordane våre. Det er ikkje rart dei er eit ynda turistmål.

Men auka turisme kan bli breane sin verste fiende, åtvarar forskaren Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking, ifølgje NRK.

I løpet av sesongen er det venta 102 cruiseskip til mi barndoms bygd, Olden. Mange av dei spyr ut svart røyk, der dei ligg og ventar ute på fjorden, medan turistane blir bussa opp til Briksdalsbreen for å sjå isen før han smeltar. Det er eit veldig paradoks.

På vegen vidare til Bergen passerte eg Jølster. Skadane etter det voldsomme uvéret i juli er framleis synlege som store sår i landskapet. På sørsida av Jølstravatnet tok eit ras 150 meter av fylkesvegen. Her miste ein mann i 50-åra livet då raset drog han på vatnet.

Når temperaturane stig, blir véret våtare og villare. Denne veka har ekstremvér endå ein gong laga kaos både i aust og vest. Tog og t-bane sto i Oslo. På Vestlandet vart vegar stengde av ras og vaska vekk av flaum.

I kva grad styrtregnet skuldast klimaendringar eller naturlege variasjonar i véret, får forskarane svare på. Det forskarane i alle fall er samde om, er at breane er ein viktig klimaindikator. Dei er svært sensitive for endringar i klimaet, seier breforskar ved NVE, Liss Marie Andreassen, til NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På Island hadde dei sist veke minneseremoni for ein isbre som har smelta heilt bort. Det er ingen ting att av isbreen Okjökull på toppen av fjellet Ok.

At dette opplevest skremmande, vart synleg for all verda då både Islands statsminister og miljøvernminister, ein høgkommisær frå FN og eit kobbel av tenestemenn og forskarar klatra opp på fjelltoppen for å avduke plakett og markere alvoret med eit minutts stillheit.

Også i den norske lokalvalkampen blir klima og miljø møtt med større alvor enn før. Over store deler av landet har MDG markert seg som eit parti ein ikkje kan blåse av. I Oslo pustar dei Arbeiderpartiet i nakken. Berre eit lite prosentpoeng skil MDG frå Ap på ei fersk måling.

No seier både Venstre og KrF at dei heller vil samarbeide med MDG enn Frp i lokalpolitikken, medan MDG enn så lenge seier nei takk.

Utfordringa frå MDG spela ei avgjerande rolle då bompengespørsmålet sist helg nær utløyste regjeringskrise. Med eit MDG struttande av sjølvsikkerheit og eigne sørgelege målingar som bakteppe vart Venstre sett i ein miljøskvis som gjorde det umuleg å kome Frp i møte.

Vi ser også at klima og miljø både forsterkar gamle og skaper nye konflikter. Medan frontane mellom bompengemotstandarar og miljøinteresser er steile i byane, har spørsmålet om vindkraft sett fyr i valkampen i distrikta. Folk vil gjerne ha fornybar energi, men ikkje for ein kvar pris. Stadig fleire meiner at dominerande, durande vindturbinar i urørt natur er ein for høg pris å betale.

Dette var året då millionar av unge over heile kloden streika for miljøet og ungdomar var så urolege for framtida at dei utvikla miljøangst. I går streika norske elevar igjen.

I det den norske lokalvalkampen går inn i den siste veka, har den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg gått i land på Manhattan. Ho har segla over Atlanternavet for å delta på eit FN-toppmøte som ligg an til å bli ein konfrontasjon om klimasaka. 16 år gamle Thunberg vart teken imot som ei dronning. Rørsla ho har sett i gang vil få politiske konsekvensar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heretter blir det vanskeleg for partia å nå yngre veljarar, dersom dei ikkje har truverdige svar på vår tids store miljøutfordringar.

Les også
KrF vraker Frp – vil heller samarbeide med MDG i Oslo
Les også
MDG har flest politikere med innvandrerbakgrunn