KRITISK: Mange har vore snare
...
KRITISK: Mange har vore snare med å avskrive Boris Johnson­, men ein bør ikkje forhaste seg, skriv Dagen på leiarplass. Foto: Jessica Taylor, House of Commons via AP/NTB scanpix
LEIAR
Johnson som teikn i tida
Del
Det er lett å kritisere Boris Johnson, men han bør få ein sjanse.

Med Boris Johnson som ny statsminister i Storbritannia er det ingen grunn til å vente at britisk politikk vert kjedeleg. Her må det skje mykje, det må skjer fort, og det skal skje i regi av ein mann som ein trygt må kunne kalle fargerik. På tre månader­ har han lova å utrette det som forgjengaren ­Theresa May ikkje fekk til i løpet av tre år: Å få Stor­britannia ut av EU.

Johnson har Winston Churchill som sitt store føredøme og har også skrive biografi om denne ruvande statsmannen. Samstundes vert Johnson kalla ein britisk Trump, noko den amerikanske ­presidenten tydeleg var tilfreds med. Korleis kan dette henge saman? Samanlikningane er nok på same tid både litt treffande og nokså misvisande.

Som Churchill starta Johnson karrieren som journalist, og begge er kjende for store tale­gåver. Her er det ein skilnad til Trump. Same ­korleis ein måtte vurdere den sitjande amerikanske ­presidenten, er det få som vil karakterisere han som ein stor retorikar. Formatet til Churchill er likevel, trass hans høgst menneskelege sider, i ei særklasse.

Fleire av formuleringane hans er blitt tidlause sitat. Og i 1953 fekk Churchill Nobelprisen i litteratur. Johnson har eliteutdanning og bakgrunn i etablissementet, men på nivået til Churchill høyrer han neppe heime.

Likskapstrekka med Trump handlar mellom anna om at Johnson også er kjend for tv-underhaldning, kvinnehistorier, eit fleksibelt tilhøve til sanninga og uvørne utspel. Johnson har kome med høgst ufordelaktige karakteristikkar av internasjonale politikarar. Til dømes har han samanlikna ­tidlegare presidentkandidat Hillary Clinton med ein sadistisk sjukepleiar på eit mentalsjukehus. Det er vel ikkje akkurat meir av slikt vi treng i vår tid.

Trump har erklært at han vil «Make America Great Again». Ei liknande overskrift kunne høve over tiltredingstalen til Johnson i Underhuset sist torsdag. Han lanserte ein framtidsvisjon for eit Storbritannia som innan 2050 blir den beste staden å bu på jorda.

Til forskjell frå Trump stod grøn energi og utvikling av velferdsstaten høgt på prioriteringslista, men fellestrekket var skildring av framtidsutsikter som ein i det minste må kunne kalle optimistiske.

Både Trump og Johnson ser ut til å tenkje at den som formulerer svulstige målsettingar, har størst sjanse for å nå lengst mogeleg. Eit stykke på veg kan det jo vere noko i dette. Optimisme smittar. Men politiske utopiar om himmel på jord er etter kvart eit utbrukt konsept.

«Blod, slit, sveitte og tårer» var det Winston­ Churchill lova det britiske folket i ein tale til ­Underhuset 13. mai 1940. Den gongen var situasjonen langt meir alvorleg enn han er i dag. Å finne veg­en ut av EU må ikkje på nokon måte samanliknast med å stå overfor eit ekspansivt Hitler-Tyskland. Men i møte med store utfordringar er vi tente med at politikarar presenterer realistiske scenario. Noko anna tærer på tilliten til demokratiet.

Mange har vore snare med å avskrive Boris Johnson­, men ein bør ikkje forhaste seg. Det var ­etter kvart opplagt at May ikkje kom i mål med ­brexit. Det kan hende at Johnson, trass sine openberre manglar, har eigenskapar som kan vere av verdi i ein kritisk fase. Men dette blir ikkje lett ­verken for han, Storbritannia eller EU.

boris johnson,brexit,eu,hillary clinton,storbritannia,theresa may,leder,lederartikkel