Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Framtidsretta disippelhus

Fornuftig av kristne organisasjonar å satse på bufellesskap for studentar, meiner Dagen.

Stadig fleire kristne organisasjonar satsar på kollektiv for studentar, som Dagen skreiv om på onsdag. Det framstår som ei fornuftig og framtidsretta satsing. For unge menneske kan overgangen frå heimen og heimstaden til eit meir sjølvstendig liv vere både spennande og spenningsfylt. Forankring i eit kristent fellesskap i denne perioden kan vere avgjerande for retninga på livet vidare.

Ungdom i Oppdrag, Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, Norges Kristelege Student- og Skuleungdomslag og Indremisjonsforbundet er mellom dei som har etablert slike tiltak. Konsepta er forskjellige. Nokre satsar på hybelhus der fellesskapet først og fremst dreiar seg om å delta på faste samlingar. Andre lever endå tettare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit døme på dette er studentkollektivet som ekteparet Linda og Øivind Augland etablerer i nabohuset, som dei har kjøpt for eigne pengar. Studentane som skal bu der, må forplikte seg til tre ting: Rytme i kvardagen med bibel og bøn, fellesskap med dei andre i huset og teneste i ei lokal forsamling.

Det er tre sunne føresetnader. I Bibelen er fellesskapsdimensjonen ved den kristne trua langt tydelegare enn vi ofte tenkjer over i vårt sterkt invidivualiserte kultur. «Alle dei truande heldt saman og hadde alt felles», heiter det i starten på Apostelgjerningane. Kyrkjefaren Tertullian (155-220) skreiv i sitt «Forsvarsskrift for dei kristne» at dei truande var sameinte i sjel og sinn og ikkje hadde problem med å ha eigedelene sine felles. «Vi har alt felles, unnateke konene våre. På det einaste området der alle deler med kvarandre, gjer vi det ikkje», skreiv han.

Så radikalt har dei færraste kristne tenkt om fellesskapsliv opp gjennom historia. Det er heller ikkje lett å lese eit eintydig mønster for korleis kristne skal leve saman ut av Bibelen. Men at fellesskapsdimensjonen har solid bibelsk grunnlag, er det uråd å kome bort frå.

Fleire av grunnane til dette er blitt endå tydelegare for oss med sekulariseringa av samfunnet. Vi som har røter i ein kristen einskapskultur, har vore vane med at kristendomen gir visse rammer for livet.

Det har ikkje berre kome til uttrykk gjennom kyrkja som ein sjølvsagd fellesnemnar, men også gjennom skuleverket, kalendaren og språket - for å nemne noko. Ingenting av dette har garantert eit levande og sterkt gudsliv hos den einskilde. Men det har gjort at kristendommen har vore der som ein nærast sjølvsagd premissleverandør.

Slik er det ikkje lenger. For at den kristne trua skal overleve, må ho få leve – i fellesskap. Å etablere eit studentkollektiv er ikkje ein kjapp måte å fikse dette på, og ingen kan garantere suksess. Som Torgeir Skrunes i den indremisjonseigde studentheimen i Betania i Bergen påpeikar, varierer det kor innstilte folk er på å forplikte seg.

Ein kan bli skuffa og frustrert. Både den som tek ansvar for eit slikt tiltak og dei som nyttar seg av det, må vere innstilte på vere fleksible. Ein må også organisere det på ein måte som inneber respekt for forskjellige behov og gode grenser mellom dei som bur der, både ut frå kva som er mentalt sunt og sømmeleg i ein bibelsk målestokk.

Håpet er at dette kan vere starten på noko som ikkje berre vil prege menneske i startfasen av vaksenlivet, men inspirere oss alle. Utfordringane i tida tilseier at kristne treng å dele meir liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Kjøpte nabohuset for å gjere disiplarDisippelhus