Meir song, ikkje mindre

Heller enn å fjerne songen frå norskfaget, kunne ein vurdere å introdusere song i fleire fag.

Regjeringa føreslår å fjerne song som obligatorisk i det nye norskfaget som skal gjelde frå hausten 2020. Rett skal vere rett: Statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) understrekar at dette ikkje betyr at songen skal ut av skulen. Remen påpeikar at det er lærarane som har ansvaret for innhaldet og metodane dei brukar i undervisninga. Ho har tillit til at dei gjer dette på ein god måte.

Tillit til og fridom for lærarar er av det gode. Utviklinga i skuleverket har over tid gått i retning av at lærarane vert stadig meir regulerte og bedne om å rapportere om det meste. Det er ikkje ei god utvikling, verken for lærarar eller elevar. Den gode læraren må ha rom for å vere lærar på sin måte, sjølvsagt innanfor rimelege grenser.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samstundes er det nærliggjande å oppfatte at regjeringa kjem med eit signal som vi ser grunn til å reise innvendingar mot. Og vi vil gjere det med å sitere ei klassisk songstrofe, i konsentrert form, som er blitt nytta i norsk skule: «Lesa og skriva og rekna er bra, men å få syngja litt, det gjer oss glad».

Få reglar er utan unnatak. Det finst mange menneske, og dermed både lærarar og elevar, som verken likar å syngje eller har spesielt godt øyre for musikk. Men det gjeld eit lite mindretal.

Sjølv om dei fleste av oss ikkje har håp om å verte solistar som sender frysningar ned over ryggen på eit stort publikum, har det store fleirtalet gode føresetnader for å syngje saman med andre og oppleve gleda og fellesskapet dette gir.

Når vi nettopp har fått feire grunnlovsdagen, er vi igjen blitt minna om dette. Songen er noko av det som sterkast samlar oss. Å sameine røystene i «Ja, vi elsker», «Fagert er landet» og «Gud signe vårt dyre fedreland» er storslått og vakker.

Kombinasjonen av ord og melodi, uttrykt av eit fellesskap, har ei veldig kraft i seg. Det merkar ikkje minst dei av oss som ferdast i kristne kyrkjelydar og forsamlingar, men det gjeld også andre stader. Tenk berre på kva songen betyr på eit fotballstadion.

Men vi lever i ein kultur der det er blitt stadig meir musikk, men stadig mindre allsong. Utviklinga går i retning av at fleirtalet er publikum til eit lite mindretal som utfaldar seg på ei scene eller i eit studio.

Det er mykje verdifullt som vert skapt og formidla på denne måten - og det er dessverre ein god del musikk ikkje nødvendigvis fortener merksemda han får. Men også for den gode musikken meiner vi ein viktig dimensjon er borte dersom han i stadig mindre grad vert skapt i fellesskap.

Skulen har ei nøkkelrolle for å stimulere allsongen. Særleg naturleg kan det vere i norskfaget. Fleire av dei sentrale tekstane i norsk litterær tradisjon er songtekstar. Å syngje desse gir heilt andre erfaringar og læringsmåtar enn elevane får berre ved å lese dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I vår tid er innspelingar så lett tilgjengelege at ein lærar ikkje treng særskilte musikalske evner for å bruke song aktivt i klasserommet. Dermed meiner vi det ikkje er rette vegen å gå dersom det blir skapt inntrykk av at songen ikkje skal ha ein like sentral plass i undervisninga.

Enkelt sagt er det for lite allsong i samfunnet. Vi burde syngje meir saman, ikkje mindre. Det gjeld mange stader, men ikkje minst i skulen. Heller enn å fjerne songen frå norskfaget, kunne ein vurdere å introdusere song i fleire fag.