Ådel og Lars Dale var først ute i Dagens nye artikkelserie «Derfor er vi fortsatt gift». Foto: Johanna Hundvin Almelid

Vi heiar på ekteskapet

Denne våren heiar vi ekstra på ekteskapet i ­Dagen. I den nye serien «Derfor er vi fortsatt gift», får lesarane møte ektepar som har livsvisdom å dele om kva som held dei saman, og korleis ein kan få det godt i lag.

Denne våren heiar vi ekstra på ekteskapet i ­Dagen. I den nye serien «Derfor er vi fortsatt gift», får lesarane møte ektepar som fortel om gleder og utfordringar i ekteskapet. Nokre av para har vore gifte lenge, andre litt kortare. Alle har livsvisdom å dele om kva som held dei saman og korleis ein kan få det godt i lag.

Første par ut var Ådel og Lars Dale fra Fredrik­stad. Når dei får spørsmål om kva som er den ­viktigaste årsaka til at dei framleis held saman, peikar dei på løftet dei gav kvarandre i kyrkja på bryllaupsdagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei nemner dessutan ekteskapsweekenden som dei deltok på kort tid etter, som ein nøkkel til godt samliv. I løpet av denne helga lærte dei kva truskapsløftet betyr i praksis. Dei fekk også med seg nøklar som vart nyttige når konfliktar skulle løysast, og dei fekk grunnleggande kunnskap om kommunikasjon.

Ut over våren vil lesarane sjå at også fleire av dei andre para i serien understrekar verdien av å unne seg eit samlivskurs. Verktøya ein får med seg på eit slikt kurs, kan vere til stor hjelp både i den jamne kvardagen og når livets stormar set inn.

For det er ikkje alltid enkelt å leve saman. Når dét er sagt, er det ikkje hovudsakleg for å ruste seg til uvér at det er klokt å gå på kurs. Den viktigaste motivasjonen må vere å gjere eit godt samliv endå betre. Forsking viser at verdien av slike kurs varer i mange år.

Når vi argumenterer for verdien av å investere i ekteskapet, er det fordi vi er overtydde om at dette er den beste samlivsforma når ein har funne den ein vil leve livet saman med. Vi ser på ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne som Guds velsigna skaparordning, og vi meiner at familien med mor og far er den beste ramma for barn å vekse opp i.

Så viser då også forskinga at ekteskapet er meir ­slitesterkt enn andre samlivsformer. «Ekteskapet er meir stabilt­. Vi veit at når sambuarar får barn, blir samlivet oppløyst tre gongar så ofte som eit ­ekteskap. Ekteskapet er ei meir robust ramme rundt eit ­samliv», sa psykolog og samlivsekspert Frode Thuen til Dagen denne veka.

Noko av skilnaden i slitestyrke, kan forklarast med det engelske uttrykket «to slide or to decide» (å gli eller bestemme). Medan ekteskapet inneber eit aktivt val, har sambuarar gjerne meir ein ­tendens til å gli inn i samlivet. Eit sambuarskap har ofte preg av å vere ei prøvetid, men så blir ein fanga av alvoret, utan at ein heilt hadde bestemt seg for det.

Då er det urovekkande at stadig færre vel å gifte seg. Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at ­talet på inngådde ekteskap i fjor var på det lågaste på 25 år. 20.949 par gifte seg i fjor. Dette er over tusen færre enn året før.

Det kan bety at fleire lever einsleg, men truleg også at fleire er sambuarar. Når vi altså veit at sambuarskap er ei meir ustabil samlivsordning, er dette dårleg nytt, både for para og for barna dei får. Fleire sambuarskap aukar faren for fleire oppløyste ­familiar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Det er godt for oss som samfunn at folk forpliktar seg», seier Arne Mulen, sokneprest i Åsane kyrkje. Det er eit utsagn vi sluttar oss heilhjarta til. Det er godt for samfunnet, godt for paret, godt for barna og det er det rette å gjere ifølgje Guds ord.

Les også
De har holdt sammen i 34 årÅdel og Lars Dahle