BLOMAR: Etter åtaket på synago
...
BLOMAR: Etter åtaket på synagogen i Poway var det menneske som la ned blomar på staden for å vise støtte til dei som var råka. Foto: Denis Poroy, AP/NTB Scanpix
leder
Hatet som ikkje må få plass
Del
Ein tragedie kan nokre gonger ha tilleggsdimensjonar som gjer tragedien ekstra stor.

Slik er det med åtaket på ein ortodoks synagoge i småbyen Poway, langt sør i California, sist laurdag.

Det er trist nok at Lori Gilbert-Kaye (60) mista livet då ho kasta seg framfor rabbinaren Yisroel Goldstein (57). Rabbinaren er ein av tre som vart såra, om enn heldigvis ikkje livstrugande.

Dei to andre er Noya Dahan (8) og onkelen hennar Almog Peretz (34). Sistnemnde var på besøk frå Israel. Familien til førstnemnde flytta til USA for åtte år sidan. Dei budde i byen Sdrot nær Gaza.

Til slutt vart dei trøytte av å søkje tilflukt for rakettar som dagleg susa gjennom lufta over grensa og dundra i bakken i området. Både huset deira og hus til familiemedlemer vart treft fleire gonger, fortel familiefaren Israel Dahan til israelsk radio .

I USA rekna dei med å vere trygge. Det viste seg å ikkje stemme. Åtaket på synagogen i Poway, som er ein liten forstad til San Diego, fann stad nøyaktig eit halvt år etter det blodigaste åtaket på jødar i amerikansk historie.

I oktober i fjor slo slo ein væpna mann til mot menneske som var samla i synagogen Tree of Life i Pittsburgh, Pennsynlvania. Han ropte antisemittiske slagord medan kulene hagla. Etterpå var elleve døde og to såra.

Dessverre er det ikkje snakk om einskildhendingar. Meir enn dobbelt så mange jødar blei råka i antisemittiske åtak i USA i 2018 som i 2017, ifølgje Anti-Defamantion League. Talet på offer steig frå 21 til 59.

Blant desse var det berre ofra i Pittsburgh som mista livet, men dei andre vart utsette for åtak i bustadar, på ein idrettsarena, på jødiske institusjonar og ein ikkje-jødisk skule. Dei vart utsette for mellom anna knivåtak, kvelingsforsøk, slag og påkøyring.

«Synagogeskytinga knuste illusjonen vår. Amerika er ikkje lenger ei trygg hamn for jødar», skriv den jødiske professoren Peter Beinart i det jødiske tidsskriftet The Forward. Han viser til erfaringar frå Europa om kor forsiktige jødar er her. Det fekk han mellom anna nyleg oppleve då han måtte svare på nokså detaljerte spørsmål for å få sleppe inn og feire gudstjeneste i ein synagoge i Amsterdam.

Frå ein kristen ståstad er det ekstra tragisk å konstatere at 19-åringen som er pågripen for ugjerininga i Poway på laurdag, var medlem i ein teologisk konservativ presbyteriansk kyrkjelyd.

Pastor Zach Keele opplyser til CNN at 19-åringen har vore medlem i kyrkjelyden det meste av livet sitt, men ikkje deltok på ungdomsaktivitetar eller søndagsskule. «Han var stille, heldt seg for seg sjølv, ein fin fyr. Vi hadde inga aning. Dette er ei overrasking for os alle», seier pastoren.

Det er både skremmande og rystande kor grotesk hatet kan bli når det får rom. Den åtvaringa treng vi alle å ta inn over oss. Ingen er immune mot hatet, og særleg ikkje jødehatet.

Antisemittismen er ein sjukdom som jødar døyr av, men som smittar ikkje jødar, er det blitt sagt. I avisa i dag kan vi dessverre lese om at antisemittismen breier om seg i ei rekke land, og ikkje lenger berre er forbunde med «ekstremistar».

Meir enn nokon gong treng jødane vener som i ord og gjerning viser at vi står saman med dei. Hat og vald er aldri verkemiddel vi som kristne skal verken orsake eller støtte, langt mindre ty til.

paywall
paywall
lori gilbert-kaye,california,lederartikkel,synagogeangrep,yisroel goldstein,zach keele,ekstremisme,jødehat,antisemittisme,anti-defamation league