321 mennesker, blant dem minst
...
321 mennesker, blant dem minst 45 barn, ble drept i terroraksjonene mot kirker og hoteller i Sri Lankas hovedstad Colombo 1. påskedag. Foto: AP / NTB scanpix
leder
Terror og idiotar
Del
Det må gå an å ha fleire tankar i hovudet samtidig.

Vårt Land åtvarar på leiarplass mot å omtale terroren på Sri Lanka 1. påskedag som eit åtak på kristenheten og slik framstå som terroristane sine nyttige idiotar.

«... allerede nå har enkelte omtalt udåden som et angrep på kristenheten. Ved å fremstille dette som en ren krig mot kristendommen bidrar disse til å banalisere en alvorlig situasjon og danse etter terroristenes pipe», heiter det i leiaren, som sto på trykk torsdag.

Til dette vil vi svare at det må gå an å ha fleire tankar i hovudet samtidig. Det må gå an å seie at årsakene til terror er samansette, og at muslimar flest på Sri Lanka er bra folk. Det må gå an å oppmode til fred, forsoning og tilgiving. Men vi må på same tid kunne vedgå at kyrkja er under press og at kristne blir forfølgde. Når tre kyrkjer blir bomba, er det eit klart åtak på kristne.

Terroråtaket 1. påskedag rysta oss. Det var brutalt. Det var omfattande. Og det var uventa. For det vi til då hadde høyrt mest om frå Sri Lanka, var at muslimar vart angripne av nasjonalistiske buddhistar. Men åtaket var ikkje så uventa for dei kristne på øya som for oss i vestlege medier. I kjølvatnet av terroren har det kome fram at srilankiske kristne har levd med åtak og trakassering i årevis. Slik vart terroren ein augeopnar.

Åtaket vart også påminning om at kyrkjene opplever eit stadig tyngre press over heile Asia. I Pakistan, Indonesia, Bangladesh og Malaysia er det radikale islamistar som forfølgjer. I India, Nepal og Myanmar er det radikale nasjonalistar med buddhistisk og hinduistisk bakgrunn. I Kina og Vietnam er det kommunistar.

Men det er ikkje berre trusfridomen til dei kristne som er under press. I Myanmar har rohingya-muslimar opplevd folkemord. I Kina blir muslimske uighurar og tibetanske buddhistar nådelaust undertrykte. I Pakistan blir unge jenter med kristen eller hindu-bakgrunn kidnappa, tvangsgifte og tvangskonverterte til islam.

Dei som vil fremje trusfridomen til kristne, må også stå opp for trusfridomen til andre grupper. Dette høyrer saman. Den fridomen ein krev for seg sjølv, må ein også unne andre.

Samtidig må vi ikkje gjere den tabben at vi bagatelliserer forfølging av kristne, fordi vi er redde for at det vil skape splitting og skade arbeidet for forsoning. Sanning og rettferd er tvert om ein føresetnad for forsoning og fred. Når sanninga ikkje kjem på bordet, og når dei ansvarlege ikkje blir straffa, er det vanskeleg å skape varig fred.

Det ser vi døme på i Irak no. Heile 118 kyrkjer er angripne og bomba sidan 2004. Terroren vart retta mot dei kristne som gruppe. Fordi det ikkje har vore noko oppgjer etterpå, er det vanskeleg for ofra å tru at det ikkje skjer igjen. Tilliten er øydelagd. Ansvaret er ikkje plassert der det høyrer heime.

Som kristne er vi kalla til å elske nesten vår. Ja, ikkje berre dét. Vi er kalla til å elske fiendane våre og be for dei som forfølgjer oss. Det er eit overveldande, radikalt kall. Ofte lukkast vi ganske dårleg. Men det er dette vi skal strekke oss mot, og som vi må be Gud om hjelp til å klare.

Så, når kristne blir forfølgde, må vår refleks både vere å formidle fakta om det som har skjedd, og å rekkje ut ei forsonande hand. Nett no må vi slå ring om både terrorofra og muslimar på Sri Lanka som alt har opplevd hevnangrep, eller som er redde for å oppleve dette.

irak,kina,myanmar,pakistan,sri lanka,hindunasjonalistar,kyrkje under press,nasjonalistiske buddhister,terror,trusfridom,forfulgte kristne