Rosalind Picard, professor ved det prestisjetunge Massachusetts Institute of Technology, tok eit oppgjer med ateismen ho sjølv hadde stått for. Foto: Charles Krupa/ Ap photo / David Bruce, CC BY-SA 2.0

Skarpe hovud som trur på Gud

Den kristne trua har vist seg å gi haldbare svar å leve og døy på for menneske med høgst forskjellige føresetnader, både intellektuelt og på andre område, gjennom 2.000 år.

«Ein gong trudde eg at eg var for smart til å tru på Gud. No veit eg at eg var ein arrogant tosk som oversåg den største i universet - Skaparen av all vitskap, matematikk, kunst og alt anna som finst å vite».

Det skreiv Rosalind Picard, professor ved det prestisjetunge MIT (Massachusetts Institute of Technology), tidlegare i mars i Christianity Today.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I vitnemålet sitt fortel Picard om korleis ho ut frå fordommar mot både kristentrua og kristne hadde avvist det som heilt håplaust å tru på Gud og Bibelen.

«I dag vandrar eg audmjukt etter å ha motteke heilt ufortent nåde. Eg vandrar med glede saman med den mest underfulle følgjesvenen nokon kunne be om, fylt med ei attrå etter å lære og oppdage meir».

I vår tid opplever vi at mange piler peikar nedover for kristenlivet i vårt land og resten av den vestlege verda. I mange kyrkjer og bedehus vert det meir glissent i benkeradene, færre vil verte prestar og pastorar, misjonsorganisasjonar strevar med raude tal, og kristen tru og tanke kan sjå ut til å bli møtt med stadig sterkare forakt.

Ein meir eller mindre eksplisitt kritikk er at den kristne trua er for folk som heng igjen i gamle førestillingar. Dei greier ikkje å fri seg frå åndelege mytar og eventyr. Det kan tidvis verke som om Guds rike er under avvikling.

Høyrer vi lenge nok på slike påstandar, kan vi til slutt byrje å lure på om det er noko i dei. Særleg utfordrande vert det dersom ein opplever at menneske rundt ein ikkje framstår særleg interesserte i trua.

Dei fleste kristne har også nære familiemedlemer eller vener som har gått bort frå trua dei ein gong vedkjende seg. Spørsmålet kan melde seg: Har kristentrua gått ut på dato?

«Mange vil kanskje tenkje at det ikkje går an å jobbe med det eg gjer, og samstundes tru på Gud. At det er litt sånn enten eller. At du må velje ei side».

Det seier den unge forskaren Ben Normann i ein videosnutt som er spelt inn for Norsk Kristelig Student- og Skoleungdomslag. I fjor vart Normann, som arbeider med ein doktorgrad i astrofysikk, kåra til årets forskingsformidlar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Men for meg har tru på Gud og tru vitskap aldri vore motsetnader. Eg vil heller seie at Gud er ein føresetnad for vitskapen», seier Normann.

Langs dei same linjene tenkjer årets vinnar av den prestisjetunge Templeton-prisen, fysikkprofessoren Marcelo Gleiser. Prisen går til menneske som har utmerka seg med å «stadfeste den åndelege dimensjonen i livet». Gleiser er sjølv agnostikar, men slår fast: «Vitskapen tek ikkje livet av Gud».

Mykje av den sekularismen vi står overfor i vår tid, er ikkje spesielt djupt reflektert eller grundig fundert. Dei største spørsmåla i livet kan menneske ikkje finne svar på i eit laboratorium.

Kvifor vi i det heile teke lever, og tilværet er så fininnstilt som det er, overgår vår forstand. «Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. Ei Tru maa stydja upp-under», skreiv Ivar Aasen.

Den kristne trua har vist seg å gi haldbare svar å leve og døy på for menneske med høgst forskjellige føresetnader, både intellektuelt og på andre område, gjennom 2.000 år. Vi er overtydde om at ho framleis ikkje har gått ut på dato.

Les også
Egentlig mener du
Les også
De opplever at medstudenter ikke ser på gudstro som viktig