PRESS: Med atterhald om at vi ikkje kjenner alle forhold i den aktuelle situasjonen i Spjelkavik, framstår det underleg for oss at soknerådsleiaren på denne måten set ein medarbeidar under press, skriv Dagen på leiarplass. Foto: Dagen-arkiv

Eit rom som blir stadig trongare

Det er alvorleg når teologisk relativisme vert ein føresetnad for å kunne fungere i folkekyrkja.

På papiret skal Den norske kyrkja gi rom for to syn på ekteskapet. Situasjonen i Spjelkavik kyrkje viser kor vanskeleg det kan vere i praksis.

Som vi skreiv om i går, meiner soknerådsleiar Ketil Hjelset at ein må forvente at medarbeidarar i ein kyrkjelyd utan atterhald skal inkludere kvarandre i fellesskapet rundt gudstenester og nattverd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Elles meiner han dei sterkt bør vurdere å finne seg ein annan kyrkjelyd, eller gi opp prestetenesta i Den norske kyrkja.

Det er i tråd med sterke ideal i vår tid å ikkje vere firkanta og dogmatisk. Vi vil helst sikre god stemning og trivsel for alle. Faren er at ein med dette legg til grunn eit relativistisk syn på sanninga: Du har dine meiningar, eg har mine.

Men den som har det klassiske kristne synet på ekteskapet, som har grunnlag i Det nye testamentet og framleis vert delt av det store fleirtalet kristne i verda, har gode grunnar for ikkje å tenkje slik.

Så seint som hausten 1997 presenterte tre biskopar ei innstilling til Bispemøtet og homofilt samliv. Trass i at dei tre hadde forskjellig syn på sjølve spørsmålet, stod dei saman om å erklære at ei likestilling av heterofilt ekteskap med homofilt samliv ville vere kyrkjesplittande vranglære.

Vi skal med andre ord ikkje langt tilbake før usemje om denne saka vart tillagt eit stort alvor også på bispenivå.

Utviklinga gjekk på mange måtar uverkeleg fort dei neste 20 åra. I 2017 vedtok Kyrkjemøtet vigselsliturgi også for likekjønna par. Samstundes vart det understreka at Den norske kyrkja har to syn på ekteskapet.

I vedtaket heiter det at usemje i dette spørsmålet «ikke er av en slik karakter at det gudstjenestlige og sakramentale fellesskapet i Den norske kirke må brytes».

Men dersom ein faktisk er overtydd om at det berre er eitt syn på ekteskapet som har bibelsk grunnlag og kristen legitimitet, blir det vanskeleg å godta dette premisset.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då inneber jo det nye synet på ekteskapet at kyrkja ikkje rettleiar og handlar i samsvar med Guds vilje, men tvert imot i strid med Guds vilje. Det bør ingen prest, og ingen andre kristne heller, ta lett på.

Med atterhald om at vi ikkje kjenner alle forhold i den aktuelle situasjonen i Spjelkavik, framstår det underleg for oss at soknerådsleiaren på denne måten set ein medarbeidar under press. I praksis inneber dette eit krav om å relativisere eiga overtyding og handle i strid med eige samvit.

Som kyrkjefader Martin Luther har lært oss, er det ikkje tilrådeleg. Den norske kyrkja har store utfordringar knytt til rekruttering, ikkje minst til prestestillingar. Då er det tankevekkjande at ein vil gjere rommet endå trongare for dei som står for ein konservativ teologi.

Vi ser at det er nokre tyngdelover som er i sving i desse spørsmåla. Som Egil Morland påpeika i eit innlegg i måndagsavisa, er den som er blitt uthengd i media, allereie felt i den viktigaste domstolen.

Det er ein risiko for at kostnaden ved å stå for den tradisjonelle læra i det offentlege rommet vert så stor at mange av den grunn vil vegre seg for å gjere teneste i Den norske kyrkja.

Dersom ein heller ikkje internt opplever forståing og vern om integriteten sin, vert det endå verre. Her må ein både på bispenivå og lokalplan ta på alvor dei utfordringane dette reiser.

Det er alvorleg når teologisk relativisme vert ein føresetnad for å kunne fungere i folkekyrkja.