IKKJE NEMND: Skal ein fasta frå sukker i fasten? Dei eldgamle kyrkjelege fastereglane nemner ikkje sukker med eit ord.

Derfor et eg smågodt i fasten

Det er tøft nok å leva sju veker som veganar.

I 2016 vart eg og familien min ortodokse kristne. Det er eit val eg ikkje angrar eit sekund på. Men det er neimen ikkje alltid enkelt. Fastetida, som no står for døra, er eit døme på det. Det er tøft nok å leva sju veker som veganar.

I tillegg er freistingane så mange fleire enn før. I Hardanger, der eg kjem frå, var det vanleg å fasta før påske til langt ut på 1800-talet. Men dei hadde ikkje butikkar fulle av all slags lekre freistingar å stri med!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som ortodoks får ein ofte spørsmål om faste. Ein gong fekk eg høyra følgjande av ein kristen ven av meg. «Kva er poenget med all den fastinga? Er det eit forsøk på å bli god nok for Gud? Er ikkje det gjerningskristendom?», spurde ho.

Der og då hadde eg ikkje noko godt svar. Men etter kvart som åra har gått har eg innsett at det ikkje er alt i Guds rike som passar inn i vår menneskelege logikk.

Eg hugsar godt første gongen me prøvde å fasta som familie før påske. Det kan ha vore rundt ti år sidan. Det var ein enkel start, me avstod berre frå kjøt. Dei minste var berre med på «kjøt og flesk», og det var vanskeleg nok for dei vaksne. Problemet var ikkje så mykje sjølve fasten, men å måtta laga heilt nye middagsplanar. Ja, me endte opp med å tenkja meir på mat i fastetida enn elles. Målet skulle jo vera det rakt motsette!

Eg spurde ein prest om dette. Han hadde eit finurleg svar. «Ja, det kan nok godt henda at du tenkjer meir på mat i fasten enn elles. Men kva ville du elles ha tenkt på? Ville tankane ha vore fromme og himmelvende? Kan det ikkje henda at det å måtta konsentrera tankane om matlaging fortrenger andre og meir syndige tankar?» Det fekk meg til å fundera: Kanskje var det slik at å måtta ofra litt meir tankeverksemd på mat ikkje gav noko samla sett negativ effekt på det indre livet?

Ti år seinare krev det ikkje meir tanke å laga fastemat enn annan mat. Men nye utfordringar har dukka opp. Det står til dømes tydeleg i kyrkja sine eldgamle fastereglar at det ein sparer på å fasta, skal gjevast til dei fattige.

Ein prest eg kjenner seier det slik: «Dersom du ikkje sparer pengar eller mat ved å fasta, er det ikkje faste!» Men så er det berre det at det i Noreg anno 2020 er lite å spara på å leva som veganar.

Her kostar ein pizza grandiosa (på tilbod) det same som ein blomkål. Og kiloprisen for pølser (first price) er omtrent lik kiloprisen på poteter. Eitt år gjekk me inn for å finna billig fastemat og samanlikna prisnivået med vanlege middagar elles i året.

I løpet av dei sju vekene sparte me nokre få hundrelappar som me gav vidare, men seinare har me ikkje ført rekneskap. Det er andre ting det er mykje lettare å spara pengar på – som å byta ut sydenferie med noregsferie, til dømes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit anna paradoks handlar om det som er valt til overskrift. Smågodt. Raffinert sukker fanst nemleg ikkje då reglane vart laga. Skal ein ta det bokstaveleg,, kan ein med andre ord eta smågodt fasten igjennom med godt samvit. I mellomalderen skulle du vega deg når fasten starta og når han var ferdig, for å sjekka at du hadde gått ned i vekt. Eg veit om enkelte som hadde stroke den testen med glans!

Og med all verdas erstatningsprodukt i hyllene, frå vegansk majones til kjøttdeig av soya, kan du leva som ein konge fasten gjennom, om du vil. Så krava til sjølvdisiplin er rett som det er større enn kva ein enkel vestlending klarer å mønstra.

Så tilbake til spørsmålet frå venen min. Er fasten eit forsøk på å bli god nok for Gud? For meg er røyndomen heilt motsett. Fastetida viser oss kor avhengige me er av Gud, og kor lite me kan gjera i oss sjølve. Når ein berre nett så vidt greier å leva som veganar i nokre få dagar og veker, kjenner ein ikkje akkurat på stoltheit. Men det er noko fint med at alle i kyrkja brukar tida før påske til å førebu seg ved sjølvransaking og ved faste etter evne.

Og når ein kjem fram til påskenatt er det nåde for alle, både dei som makta å halda fasten og dei som ikkje gjorde det. Den natta vert det i alle ortodokse kyrkjer verda over lese opp ei preike som er 1.700 år gamal. Då får ein høyra:

«Lat den som med strev har førebudd seg med faste no få si velfortente løn.

Lat den som har arbeidd frå den fyrste timen få si rettvise løn.

Lat den som kom i tredje timen få ta del i festen med takksemd.

Lat den som kom ved den sjette timen ikkje vera i tvil, for han skal ikkje missa noko.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat likeeins den som kom så seint som ved den niande timen, koma fram utan otte og nøling.

Lat den som berre kom ved den ellevte timen heller ikkje vera redd for at han drygde for lenge.

For Meisteren vår er gjevmild og tek imot den siste så vel som den fyrste. Han gjev kvile til den som kjem i den ellevte timen, så vel som til den som arbeidde frå fyrste timen av. Den eine syner Han godleik mot, den andre gjevmildskap. Han verdset gjerninga, men rosar også den gode tanken.

Kom då, alle saman, inn til Herrens glede!»

Det minnar meg om at eg ikkje er ortodoks fordi eg har fått det til eller skjønt alt – men nettopp fordi eg ikkje får det til og treng ein frelsar. God fastetid!

Les også
– Fasten er en frivillig lidelse