SKAM: Kvinner som fekk barn etter valdtekter i IS-fangenskap, kjempar for at barna skal bli rekna som del av familien.

Kjønnsblinde studiar av trusfridom

Medan menn ofte blir feira som martyrar som har gitt live for trua si, er mange kvinner blitt valdtekne for trua si og sende til eit liv i djup skam.

Internasjonal forsking om trus- og livssynsfridom har diverre lenge vore kjønnsblind. Heilt misforstått er det ofte lagt til grunn at kvinner og menn vert utsette for dei sama brota på trusfridomen – og at mennes vitnesbyrd har fortalt heile historia.

Medan menn oftare lever offentlege liv og vert ramma av regime som vil undertrykkja, er mange av brota på trusfridomen som kvinner opplever, meir bortgøymde. Dei skjer i familiar eller lokalsamfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nye studiar viser at kvinnene ofte blir ramma dobbelt – at dei blir undertrykte både fordi dei er kvinner og på grunn av trua si. Og kvinnene blir meir utsette for feire typar grove brot på trus- og livssynsfridomen enn menn.

Poenget er ikkje å bagatellisera forfølging av menn, men å få opp i lyset grove og ofte meir usynlege overgrep mot kvinner. Konvertering er i dei fleste muslimske land farleg også for menn.

Men den sterke kontrollen i lokale samfunn kan ha katastrofale følgjer for ein kvinneleg konvertitt som risikerer valdtekt, husarrest eller tvangsekteskap for å få henne til å konvertere tilbake – eller æresdrap dersom det ikkje skjer.

Familien kan også tvinga fram ei skilsmisse slik at den kvinnelege konvertitten står på bar bakke utan inntekt eller omsorgsrett.

Statistisk har menn mykje større risiko enn kvinner for å bli fengsla eller til og med drepne som følgje av religiøs forfølging. Dei som mistar livet for trua, blir – med god grunn – feira som heltar for trua, som martyrar.

Dei som derimot vert valdtekne for trua, vert sjeldan feira. Dei vert traumatiserte av overgrepet og mange stader kasta ut i botnlaus skam.

I samband med 8. mars lanserte Stefanusalliansen eit nytt hefte for internasjonal undervisning om trusfridom – med søkjelyset på korleis kvinner vert ramma av brot på trusfridomen.

I heftet vert det peika på fleire vegar å gå, mellom anna ei kløft å byggja bru over – mellom ei førestelling som ser kvinners rettar som trussel mot religion og mot kultur og ei førestelling om religion som ein fiende av rettane til kvinner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er viktig å slå fast at trusfridomen ikkje vernar religiøs makt, den vernar enkeltmenneske. Difor er trusfridomen og kvinners rettar ikkje på kollisjonskurs, men rettar som gjensidig kan styrkja kvarandre.

Så har brutale regime og internasjonal terror dei siste åra gjort sitt til at grufulle overgrep mot kvinner er blitt meir synlege dei siste åra. Kinas forfølging av uigurane i Xinjiang har også systematisk ramma kvinner – fordi dei er kvinner og muslimar.

I Magasinet Stefanus fortel Qalbinur Sidik den sterke historia om då ho og svært mange uigur-kvinner med tvang først fekk sett inn spiral og deretter blei tvangssteriliserte – for å hindra dei i å føda barn.

Dette er overgrep med eit klart mål å knekkja ei heil folkegruppe og kan kvalifisera til å bli rekna som folkemord.

Valdelege religiøse ekstremistar har målretta utført overgrep mot jenter og kvinner for å undergrava heile samfunn av religiøse minoritetar.

Fleire tusen jesidi-kvinner vart gjorde til sexslavar og blei tvangskonverterte til islam under folkemordet som IS sette i gang i Irak i 2012.

Lagnaden til dei overlevande har utfordra jesidi-samfunnet – som har innført eit reinseritual for å ta dei tilbake og ikkje la dei vera utstøytte i skam.

Det er framleis ein lang veg. Kvinner som fekk barn etter valdtekter i IS-fangenskap, kjempar for at barna skal bli rekna som del av familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Militante islamistar har mange stader gått laus på heile kristne samfunn ved å angripa kvinner.

Helene Fisher i Open Doors fortel (i Magasinet Stefanus) historia om ei kvinne, kalla «Maria», som ville verna mannen mot ein milits og som sjølv måtte «betala prisen», ved å bli gjengvaldteken og banka til blods.

Militsen angreip «Maria» fordi ho var kristen. Mannen orka ikkje skamma og stakk av frå den valdtekne. Kona mista mannen. Barna mista faren. «Maria» vart utstøtt av landsbyen som «urein». Det er hundrevis av slike historier.

Familien og landsbyen kunne, seier Fisher, handla annleis, dei kunne sagt at skamma låg på dei som valdtok henne, ikkje på «Maria». Ho var ikkje den lågaste av dei låge, som ho blei behandla som, men eit Kristus-likt førebilete som ville verna familien.

Landsbyen kunne sagt til barna at mora var rein i hjarta og ikkje urein, at ho var ein helt, i staden for å støyta henne ut.

Fisher som også er ein av dei internasjonale ekspertane som har gjort viktige bidrag til det nye heftet, fortel om program for traumebehandling og familieterapi for å hjelpa kristne samfunn til å handtera kvinner som «Maria» annleis.

Sjølv om mange kristne samfunn har teke gode steg, er ikkje alle kristne samfunn komne dit at «Maria» vert støtta og ikkje utstøytt.

Det er kloke ord å lytta til: Kristne samfunn må gjera det dei kan for å følgja Jesu eksempel. Han løfta kvinner opp, han gav styrke til dei som vart haldne nede eller blei utstøytte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
De fleste brudd på kvinners trosfrihet skjer i hjemmet
Les også
Systematisk urettferdighet mot kvinner