KYRKJA: Alle seriøse kristne bør søkja den eine tru i den eine kyrkja. Splittingar og kyrkjelege nyskapningar går på tvers av dette. I staden bør me søkja den kyrkja som beviseleg har eksistert i 2000 år, i ein kontinuerleg og ubroten tradisjon, skriv Øystein Lid. Illustrasjonsfoto: Bjørn Olav Hammerstad

Ut av Den nordisk-katolske kyrkja

Det er ikkje konfliktar korkje den eine eller andre vegen som gjer at eg og fleire vel å gå over til den ortodokse kyrkja. Det handlar om å ta Jesu bod om å vera eitt på alvor; om at kristne må vera eitt.

Øystein Lid

Min ven og tidlegare skriftefar og prest i Sta. Sunniva menighet i Bergen (NKK), fader Erik Andreas Holth, påpeiker ganske riktig at NKK takka nei til å bli oppteken i Den romersk-katolske kyrkja i 2004. Han var usamd i avgjerda, og gjekk seinare over til RKK. Men så kjem det: «I dag skjønner han mer av motstanden internt fordi mange av vennene hans nå velger å gå til Den ortodokse kirke».

Det kan henda at journalisten har misforstått kva Holth har prøvt å seia her, men rett blir det uansett ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Berre ein av oss som no går over til den ortodokse kyrkja var medlem i 2004, då NKK takka nei til RKK. Så motstanden internt kan ikkje ha botna i eit ønske om å gå over til den ortodokse kyrkja. Dessutan har fader Erik Andreas alltid hatt eit nært forhold til den ortodokse kyrkja sjølv.

Eg har saman med han delteke på fleire ortodokse gudstenester – medan me båe var medlemmer i NKK. Og han stod heilt sentralt i 2008 for å overtyda meg om at NKK var eit godt alternativ for dei med vestleg bakgrunn, men med ortodoks orientering. Tilrådinga var basert på eit av NKKs grunnlagsdokument, «Vegen til einskap», som alle prestar i kyrkjesamfunnet forpliktar seg på.

Vidare står det i artikkelen at Holth vart sjukemeldt hausten 2011 etter ein periode med personalkonfliktar, og i 2012. Sidan det like før dette har stått om oss som går til den ortodokse kyrkja no, kan ein få inntrykk av konflikten var med oss. Det var ho ikkje. Me hadde som sagt eit nært og godt forhold til fader Erik.

I det heile har Dagen valt å fokusera mykje på konfliktane. Dei finst trass alt i dei fleste kyrkjesamfunn. Difor vil eg understreka at det ikkje er konfliktar korkje den eine eller andre vegen som gjer at eg og fleire vel å gå over til den ortodokse kyrkja. Det handlar om å ta Jesu bod om å vera eitt på alvor; om at kristne må vera eitt.

Og det handlar om å ta Paulus på alvor når han snakkar om «éin kropp og éin Ande, éin Herre, éi tru, éin dåp», (Ef 4, 4-5). Alle seriøse kristne bør søkja den eine tru i den eine kyrkja. Splittingar og kyrkjelege nyskapningar går på tvers av dette. I staden bør me søkja den kyrkja som beviseleg har eksistert i 2000 år, i ein kontinuerleg og ubroten tradisjon.

Les også
Enda en prest forlater Den nordisk-katolske kirke
Les også
Takket nei til Den katolske kirke
Les også
KirkefluktenKirken