Julekrybbe: Vi ventar på han som kom, som er her og som kjem igjen.

Juleevangeliet er rått og brutalt, men også så uendeleg vakkert

Ikkje sjå deg blind på dei vakre julekrybbene. Dei fortel ikkje heile historia. Julebodskapen er mykje meir radikal enn som så.

Før fjerde søndag i advent, kan det vere godt å repetere kor aktuell, frigjerande og proppa med håp denne bodskapen er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi ventar på han som kom, som er her og som kjem igjen.

Faktisk var ikkje tida då Jesus vart fødd i Betlehem så aldeles ulik den tida vi lever i no. Det var ei uroleg tid.

Bibelen fortel at keisar Augusts let lyse ut at det skulle takast manntal. Alle for heim, kvar til sin by og skulle skrivast i manntalet.

Frå historia veit vi at Augustus etablerte det romerske imperiet som eit eineveldig keisardøme. I dagens Israel førte dette til store konfliktar mellom det romerske maktapparatet og den jødiske kulturen.

Også vi lever i ei uroleg tid. Det er berre å slå på radioen eller klikke seg inn på ei nettavis, så får vi konflikten mellom Kina og Taiwan rett i fanget. Russland viser musklar langs grensa til Ukraina, det er uro rundt atomsamtalane med Iran og i Afghanistan avrettar Taliban menneske utan lov og dom.

Ifølgje ein fersk FN-rapport vil den humanitære situasjonen bli prekær i ei rekkje land. «Verda er i ein situasjon der det går gale på fleire område samtidig», sa Kai Martin Georgsen, generalsekretær i Care Norge, til NRK denne veka.

Det er fleire politiske konfliktar enn nokon gong sidan andre verdskrig, det er blitt meir ekstremvér og pandemien kjem på toppen av det heile.

Det vil ingen ende ta. Mismotet er ikkje langt unna. Det er då vi må hugse at bodskapen til engelen på Betlehemsmarka for 2000 år sidan var dette:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ver ikkje redde!

Engelen forkynte dette midt inn i dåtidas urolege verd. I Lukas-evangeliet ser vi at grunnen til at han kunne seie dette, var at han kom med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: Det er fødd ein frelsar i Davids by, og han er Messias, Herren.

Bodskapen har ikkje gått ut på dato. Han gjeld framleis. Det er ikkje luftige løfter, fake news eller opium for folket, men fakta: Frelsaren er fødd. Difor er det kristne mennesket aldri åleine. Aldri overlate til seg sjølv. «Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!» står det i Kolossarbrevet.

I Romarbrevet les vi dessutan at ingen ting kan skilje oss frå Kristi kjærleik. Ingen ting. Difor treng vi heller ikkje i dag, djupast sett, vere redde. Og difor har vi alltid håp, for det kristne håpet strekkjer seg heilt inn i himmelen.

Som om ikkje gledebodet til engelen er revolusjonerande nok i seg sjølv, viser Gud sitt grensesprengjande vesen i kven han vel som mottakarar av bodskapen. Herrens engel openberrar seg for hyrdar som heldt vakt over flokken sin om natta.

Han kunne valt å gi siste nytt til keisaren. Eller ein øvsteprest. Eller i det minste ein skriftlærd. Han valde hyrdane. Desse fattige, uglesette, skitne, lengst nede på rangstigen.

Det er til å få gåsehud av.

Bodskapen har ikkje gått ut på dato. Det er ikkje luftige løfter, fake news eller opium for folket, men fakta: Frelsaren er fødd.

Eg har spekulert ein del på kven engelen kunne ha openberra seg for i dag. Kven er vår tids hyrdar på marka? Kven er dei minste, dei mest sårbare? Er det flyktningar som frys under tynne teltdukar i Athen og Calais? Er det framandarbeidarar på slavekontraktar i Qatar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vi uansett veit, men treng å bli minna på, er at juleevangeliet inneheld meir av dei same radikale prioriteringane, når ei ung, ugift kvinne blir utvald til å bere Guds son under hjarta. Når verdas frelsar blir fødd som eit hjelpelaust barn i fattige kår. Og når den heilage familien må legge på flukt, for å berge livet.

Juleevangeliet er ei forteljing om Guds redningsaksjon for oss menneske som er fortapte, ikkje berre fordi vi lever i ei uroleg verd, men fordi vi treng frelse og tilgjeving for syndene. Det er også ei forteljing om at han ser dei som er aller nederst. Dei minste. Eller for å bruke orda i 1. Korintarbrev: «Det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut».

Juleevangeliet er rått og brutalt, det inneheld fare, slit og sårbare menneske. Menneske som svelt, frys og luktar. Men det er også så uendeleg vakkert, fordi det viser kor høgt vi er elska av Gud.