SEND INN INNLEGG
Illustrasjonsbilde.
Illustrasjonsbilde. Foto: Art4TheGlryOfGod by Sharon/CC/Flickr
Siste kristne 
generasjon
Del
No er tida for å lage strategi for kristent liv i den fyrste etterkristne generasjon.

Ottar Mikael Myrseth
Det er lenge sidan skuledagen starta med salmesong, enno lengre sidan Bjørnson skreiv fedrelandssongen spekka med takk til Gud.

Ikkje berre statskyrkja, men kristendomen som kulturberande religion er iferd med å bli demontert for augene våre. I nøytraliteten og det multikulturelle samfunnsidealet sitt namn.

Men litt sit att i veggane i det norske hus, som til dømes karnevalet som innleiar fastetida. Barnehagar og media markerte det med brask og bram. Og kva fylgjer etter karnevalet? Fastetida er testen på kvar vi står. Eit møte med røyndomen, oss sjølve, demonen og Gud. For å sjekke om vi er ekte eller om livet vårt er juks og illusjonar.

Adam og Eva vart testa, men stod ikkje prøva. Dei braut fasta og svikta Gud. Jesus vart også pusha og lokka av demonen, men han avslørte kva testen djupast sett handlar om: kven vi skal tilbe.

Det meste har gått på skinner i vårt land i det siste. Vi er blitt rike, overflatiske og sjølvopptekne. I våre småpene og sjølvtrygge liv, sikrar vi oss med pengar og fornuft. Testen kjem når demonen dukkar opp og vi må ta stilling: kven skal vi tilbe?

Demonen innbiller oss at suksess er alt. At vi kan alt og kan bli alt. Han hyllar oss inn i illusjonen. Det store tomromet er demonen sitt element. Og når det vert tomt nok, fyller han mennesket med forvirra tankar og panikk.

Kanskje vår sjølvlaga suksess kan ta slutt? Kanskje spelebordet kan velte? Kva om ekstremismen slår inn i den norske bestestova? Rådløyse og angst står då for døra.

Vi må erkjenne at formålsparagrafane er borte og kjem ikkje attende. Stormøta i Guds namn er også historie. Snart har Stortinget gjort sitt siste vedtak om nedbygging av vår kristne nasjonale identitet. Og vi står att med det religiøse vakuum.

Religiøst vakuum og ikkje multikultur er rette namnet på vår epoke i Europas historie. Det er ikkje dei muslimske naboane si skuld, men dei som etterlet seg kyrkjene tome. Dei som ikkje syng salmar med borna og ikkje les bibelforteljingar for dei.

Mange unge kommer til tro på Jesus  

All tradisjon døyr når han ikkje vert brukt. Folk gløymer fort kven dei skal tilbe.

Kultur lever ikkje utan kultus. Kristendom er ein relasjon, ei tilbeding. Om relasjonen ikkje vert halden i live, veks det ikkje kultur.

Det menneska tilbed, viser kva dei trur. Når dei sluttar å tilbe, har dei slutta å tru. Då går døyparen Johannes’ ord i oppfylling: «Midt imellom dykk står ein de ikkje kjenner.»

No er tida for å lage strategi for kristent liv i den fyrste etterkristne generasjon.

Les også: