☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Hans Olav Tungesvik er gått bort

Hans Olav Tungesvik levde nær Jesus og nær menneske. Det er ei sann eldsjel med eit varmt hjarte, eit klart hovud og ein usedvanleg formuleringsevne som no er gått bort.

Publisert Sist oppdatert

Med tidlegare stortingsrepresentant Hans Olav Tungesvik er ein av veteranane i Kristeleg Folkeparti gått bort.

Måndag 12. juni la han ut på ein sykkeltur, som den sprekingen han var. Diverre kolliderte han med ein bil, vart hardt skadd og fredag 16. juni døydde han på Haukeland sjukehus. Han vart 81 år gamal. Slik vart ein lang arbeidsdag for samfunn og medmenneske avslutta.

Hans Olav Tungesvik vart cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri i 1975. Som psykiater vart han rekna blant dei fremste i landet.

Si politiske innsats byrja han i partiet Venstre, og var mellom anna fylkesleiar i Hordaland Venstrelag frå 1972 til 1974. Men i 1975 meldte han seg inn i KrF, og var aktiv her gjennom meir enn 40 år. Så seint som då han vart 80 år var han styremedlem i Etne KrF. Han har stått last og brast med partiet i medgang og motgang, og var aktiv både i det offentlege ordskiftet og internt i organisasjonen.

Powered by Labrador CMS