Han sa ikkje noko

Dei hadde noko å kjempa med, ei liding. Observerte ein kar dei kjente. Han gjekk forbi ikkje sjeldan, stogga litt, såg opp dit dei budde.

Han sa aldri noko, men dei visste at han bad for dei. Dei hadde rett. Dei merka omsorga som ikkje kom i ord. Takka Gud for det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei var nyomvendte, jentene, og var ikkje forma inn i miljøet på bedehuset, men dei gjekk på møta. Dei nemnte nokre av dei «gamle».

Dei seier ikkje noko til oss, men me merkjer omsorga, og at dei bed for oss, fortalde jentene som no er gamle. Takken gjekk til Herren.

Sjølv har eg opplevd at der er folk som aldri har fortalt at eg/me er på bønelista deira, men like fult veit me det. Ja, nokre har etter mange, mange år fortalt.

Me bed for dykk, og eg har svara: Me veit det.Takkar Herren for det.

Eg har møtt dei, kvinner og menn. I det stille gjer dei si gjerning, trufast. Talar ikkje om det dei gjere og er med på.

Andre kan fortelja om den hjelp dei har vore for dei. Herren får æra og takken.

Eg har møtt dei som fortel. Eg vart omvendt på det og det møtet, der NN tala. Vart så velsigna, og utløyst, frigjort på den samlinga.

Har av og til spurt: Veit vedkomande som tala om at du vart frelst då? Nei. Kan eg fortelja han det? Ja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I fleire tilfeller gjekk det slik at reidskapet Gud bruka gjekk i grav utan å vita kva han/ ho vart brukt til.

Sjølv har eg erfara. Enkle vitnemål, eit ord i ein samtale gjorde noko med meg, men berre eg viste det.

Minnes ein god venn. Han hadde blitt brukt av Herren til frelse for mange. Det vart skrive om han, og skrytt. Med smerte i stemma spurte han. Har du lese?

Ja, eg hadde lese. Eg er så redd at eg tek æra frå Jesus, kom det med eit sårt sukk.

Oppmuntring, takk, kan trengjast. Takkar ein for å gjera vedkomande oppmerksam på meg, få posisjon, eller?

Eg las nett to stykke om arbeid i Guds rike. I det eine stykket vart tenaren så vidt nemnt, men Herrens gjerning stig fram.

I det andre stykket er det alt det tenaren, alt han har gjort som dominerar, ikkje Herrens gjerning.

Der er mange, mange som gjer si gjerning, år etter år. Talar ikkje om kva dei gjer, er berre trufaste. Du merkjer dei mest ikkje, ikkje før dei ikkje er der.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Klager kan dei nok få, og då særleg frå dei som ikkje gjer noko. På tross av betrevitarar held dei fram i det kall dei har fått.

Talar ikkje om sin truskap, men er det. Kjenner på ufullkomeskap. Ser, leitar ikkje etter frukter. Kjenner på noko. Dersom eg skulle finna frukter vil eg eta dei opp, bli opptekne med dei.